Gatelangs i Boston

Boston – byen med dei mange universiteta. Her ligg både MIT, Harvard og ei drøss andre. Mykje hjerne her altså… Og byen er akkurat passe stor (ca 6 mill.), har eit fint klima (varme somrar og greie vintrar), har mange fine bydelar og nærleik til både hav og fjell, så mange av hjernane vel å bli verande i byen etter endt utdanning. Noko som igjen forsterkar inntrykket av ein by som «verkar».

IMG_1572

Me kjem til byen med bil og har leigd leilegheit privat i denne byen – og fann kjapt ut at me med det ikkje nett gjorde ting A4… Det var ingen som skjønte kva me ville etter at me hadde levert inn leigebilen på flyplassen (einaste moglegheit for oss som leigde av Dollar). Folk kjem ikkje til flyplassen med bil for så å reise vidare med taxi! Så det endte med at me og alt pakkepøet vårt (og det var ikkje lite sidan me berre hadde dytta ting inn i den store bilen…) stod midt i vegen inne på flyplassen og vifta etter bil. Men det var no heldigvis etter kvart ein kar som skjøna at me aldri ville finna fram til nokon taxihaldeplass sånn som me tedde oss…

Det er visst noko med oss og dei mest elementære aktivitetane denne gongen… Då me var vel framme der me skulle bu, kom me oss ikkje inn! Me hadde fått oppgitt ein kode og beskjed om at det var nett som i minibanken – kode og # og så alt OK. Men det var ikkje noko sesam, sesam lukk deg opp nei. Døra var og vart verande – låst! Og det var varmt og klamt og fullt av bagasje og sultne folk. Fram med telefonen og leita etter kontaktinfo til huseigar. Sending av mail og snakking med telefonsvarar. Og så brått gjekk døra opp og der stod eigaren. Puh! Det viste seg å vera ei super leilegheit; god plass, stort kjøkken, velfungerande AC, roleg strøk, reint, greitt prisa. Hadde me berre fått vita om knappen me skulle trykka på FØR koden på døra så hadde alt funka frå starten av 😊

 

Alle fire er einige om at restaurantbesøk skal nytast men avgrensast. Me likar godt å laga mat sjølve, og når me er på farten over tid er det både sunnare, billegare og koselegare å lage mat «heime» i fred og ro heller enn å måtta velja frå ukjente menyar og oppføra oss fint ute blant folk. Så med fullt kjøkken tilgjengeleg, bar det ut på matbutikken på handel og sightseeing! Det er utruleg kjekt å gå på matbutikkar i utlandet! Det er eit heilt anna utval, varer me ikkje har høyrt om før – og her i USA – størrelsar på eks. kyllingpakkane som er heilt hinsides! Sekken vår vart også rimeleg stor på heimvegen, sjølv om me berre hadde handla for fire dagar… «Heim» via ein drug store – i denne delstaten har dei alkohol«monopol»; du må på spesielle butikkar etter øl og vin.

Det er to ting som er «must» når du er i Boston; The freedom trail og kvalsafari. Me gjorde begge. The freedom trail er ei byvandring mellom stader i byen som har ei rolle i den amerikanske frigjeringskrigen. Sikkert spanande og viktig for dei som har inngåande kjennskap til denne krigen, men for oss nordmenn vart det mange årstal, namn, bygningar kor det vart halde diverse møter, gravplassar og kyrkjer utan at me hadde ei referanseramme å setja dei inn i. Men opplegget var veldig bra; du starta midt i byn på eit infosenter. Der kunne du leiga guide eller kjøpa ei bok – så tjukk som du sølv ville (me gjekk for den tynne). Utanfor var det dispenser for solkrem! – berre å smørja i veg! Så var det laga ein «sti» av raud brustein gjennom byen – du berre følgde steinane! Veldig smart – det var umogeleg å mista sporet, sjølv for den mest kartblinde i familien! Dei raude steinane var murt ned som del av fortaua og gangfelta i byen. Nokre stader var det ikkje pussa opp endå, så hadde dei berre malt stien i staden. Kjempesmart! Det kunne ein gjort i andre historiske byar også; «Topp sju plassar å sjå i Bergen» osv. Glimrande. Kunne hatt eit par ulike ruter, merka med ulike fargar. Genialt!

 

Kvalsafari fekk me også med oss – og såg fire store kvalar og ein sel rett ved skutesida.

Sjølvsagt var me innom Harvard Business School, åt lunsj på Quincy market, hadde middag på italiensk bakgårdsrestaurant i Little Italy, dessert på Mike’s pastry, køyrde både undergrunn og buss (google maps kunne faktisk hjelpa oss med busstider og kvar me skulle bytta buss!!!), fekk shoppa litt, rakk ein tur innom ein 3Dkino og vart skuffa av nokre gateartistar som ikkje hadde skjøna dette med forventningsstyring: Dei skapte ei veldig forventning om at dei skulle ta salto over åtte personar, samla inn 20$!!! av alle tilskodarane, brukte veeeeldig lang tid på dette og endte opp med å hoppe bukk over fire bøygde menn… Nedtur. Pinleg.

Litt meir action fekk me eine morgonen i leilegheita; me høyrde masse sirener og støy utan å tenkja særleg over det. Men så kom dei litt nær og stoppa så brått. Så då me kikka ut viste det seg at det var brann i treet utanfor døra! Så då var gata full av brannbilar og elektrisitetsfolk, og straumen gjekk og det meste var berre blålys og flammar og kaos. Men dei hadde full kontroll, det brann i ein koplingsboks for straum, så då brannen var sløkt, kom straumen att og brannbilane forsvann.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Truleg hadde det noko med uvêret kvelden før å gjera. Camilla og Geir hadde blitt overraska av noko av det verste regnvêret me har vore ute for (Bergen, Stølsheimen, Ho Chi Min og San Juan inkludert). Sjå under for grad av «drukna katt»…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

No er det ut på landevegen att. Me har leigd ny bil og tenkjer å køyra nordover mot Maine, Vermont, Green Mountains og Niagara Falls før bilen skal leverast i Washington. Men fyrst skal me køyra Uber til flyplassen her i Boston – DET har me ikkje prøvd før!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Advertisements

Me rullar vidare!

Boston er bra, men me ynskjer å sjå meir av USA. Så tidleg fredag morgon pakkar med sakene, bestiller ein «uber» som skal ta oss til bilutleigeselskapet og drar alt pikkpakket vårt ut på fortauet. Uber er taxi-varianten av Airbnb – privatpersonar som køyrer deg dit du skal mot betaling. I USA er dette svært vanleg, og prisane ligg noko under taxi-prisane. I tillegg er det rett og slett litt gøy for oss økonomiske teknonerdar; du bestiller via ein app. Før du bestiller får du vite kvar bilen er og kor lang tid det tek før den kjem. Du får vite ca pris og ca køyretid. Og så kan du følgje med på appen kvar bilen er fram til du ser han i gata framfor deg. Du betaler med kort etter at du har gått ut av bilen og får kvittering rett på skjermen. Effektivt, forutsigbart og nesten litt gøy!

Vår uber var bestilt kvelden før og kom når han skulle. Men så var det dette med oss og transportetappane igjen då… Me hadde bestilt bil på flyplassen i Boston. Det skulle visa seg at det var ikkje så mange som gjorde det om dei ikkje landa med fly… Vel framme på flyplassområdet var det ingen skilt som viste «Rental cars» eller noko slikt. Berre «Rental returns», og me var på førehand advart om at Pick up og return kunne vera på svært ulike stader. Så me vart køyrande rundt og rundt på flyplassen utan å finna anna enn at me køyrde i ring. Og med ein smule språkproblem med sjåføren endte me med å bli satt av utanfor «arrivals». Rett og slett av di me tenkte at DER måtte det vera mogeleg å finna skilting. Så stod me der så – med koffertar, sekkar og kjølebagar… Men me har jo teke oss fram på verre stader enn flyplassar, så det gjekk ikkje mange sekunda før ho mor hadde spotta ein shuttlebus med Budget på. Så kasta me oss inn på den og fekk ein ny rundtur på flyplassen. Men me fann fram, klarte å svare ja og nei på dei rette stadene («Ja – me har papira i orden», «Nei – me vil ikkje ha alle mogelege tilleggsprodukt»). Og ikkje lenge etter var me på veg nordover.

Planen no er å reisa på måfå rundt i den nordaustlege delen av USA. Me har eit hotell i Washington om knappe to veker, elles er me frie til å gjera som me vil. Boston har vore veldig seriøst, så fyrste stopp er spøkelseshus og heksemuseum i Salem!

Etter hyl og skrik, høg puls og innføring i hekseprosessane i USA på slutten av 1600-talet reiser me vidare mot hamnebyen Portsmouth for ein kaffipause og litt byvandring. Me kjenner på at me no er i «New England»; byane her er meir som me er vant med her heime – små bysentrum med gatemusikantar, fotgjengarar og lite bilar. Nett i denne byen vert det litt mykje av det fyrste – gatemusikantane står tett i tett og det vert ei saleg blanding av sekkepipe, salmesong, gitarklimpring og meir sekkepipe. Me slurpar i oss iskaffien og rømmer byen.

No står fjella i New Hampshire og Vermont for tur. Alle har vel eit eller anna bilete i hovudet av haustfargane i Vermont? Me var jo for tidleg ute til å få sjå det store fargespelet, men sjølv midtsommars ser me at her må me tilbake ein gong i oktober! Me legg turen nordover til North Conway og overnattar på det som viser seg å vera eit høgfjellshotell! Ikkje så høgt over havet, men likevel ein travel skiplass om vinteren. Skulle då trudd dei var vane med turistar, man me har eit svare strev med å få kjøpt take away på Taco Bell… Etter fleire bestillingar, returar og mykje styr med kasseapparatet seier me takk og går ut – med alt anna i hendene enn det me skulle ha. Det vart ein slankande middag på oss denne kvelden!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dagen etter er me klare for ein annleis topptur: Me køyrer rett og slett bil opp i skyene til toppen av Mt. Washington, nesten 2.000 meter høgt! Der finn me sjølvsagt eit «visitor center» og den brattaste jernbanen me nokon sinne har sett. Fløybanen blir ingenting samanlikna med denne! Me er sjeleglade me ikkje gjekk for togtur til toppen – det hadde nok blitt for nervepirrande for opptil fleire av oss! Så me er godt nøgde med å ha valgt å køyra eigen bil, utstyr med ein dose advarslar om kor farleg det er å køyra bil på smale, bratte vegar og ein guide på CD. Det er berre det at me ikkje har CD-spelar i den nye bilen… Det vert løyst ved at me får låna ein god, gammaldags CD-spelar av dama i informasjonsbua ved foten av fjellet! Ei dame som var stor fan av det norske skilandslaget for damer, var godt informert om Johaug-saka og som hadde vore på worldcuprenn både i Lahti og på Lillehammer. Meir enn me som skal vera født med ski på beina kan skryta av…

Vel nede frå fjellet snur me nasen vestover. Me har blinka oss ut ein «scenic highway» langt ute i ingenmannsland. Med både maskinell og menneskeleg GPS på plass, er det ikkje vanskeleg å finna fram. Men det er ikkje heilt som me venta; me køyrer mil etter mil inne i ein grøn «tunnel»… Det er berre skog, skog og meir skog over alt. Og ikkje veldig spanande skog heller… Og det fantastiske, høgtliggjande passet me skal over viser seg å vera ein smal opning mellom dei nemnde grøne greiene – med utsikt til… meir grønt! Så me set på lydbok, lener oss tilbake og set kursen for ein ny vinterskistad oppe i White Mountains. Det er rart å vera ein stad som så tydeleg er retta inn mot vinteraktivitetar. Det er store, opne flater som er parkeringsplassar om vinteren, fjellsider der det er striper av brunt der alpinbakkane er om vinteren, gondolbanar som går rett opp i ingen ting – og rart nok; masse folk!

Me kjøper oss billettar til gondolbanen (sånn «bobletype» som du går inn i) og let oss bli frakta opp i høgda. Der finn me ei noko uamerikansk naturløype; me vert styrt ned i eit juv og inn mellom, under og over naturleg plasserte kampesteinar. Sjølvsagt på eige ansvar. Noko slikt hadde vore enkelt å få til her heime; klipp vekk litt buskar, sett opp eit skilt og finn på eit kult namn, og vipps så har du ein attraksjon… Me syntes det var meir interessant at me hamna midt i eit friluftsbryllaup der oppe på fjellet! Flott utsikt og den mest tatoverte brura me nokon sinne har sett! Denne gongen vart me ikkje invitert med på festen slik me vart i New Orleans for ein del år tilbake, så me fann vegen ned att. For å ha noko å tilby oss sommarturistar hadde dei i tillegg slaga til ein «maze», dvs ein labyrint. Mannen i huset tok ikkje sjansen på å villa seg inn i noko slikt utan hjelp til å koma seg ut at, så han gjekk opp på observasjonstårnet medan me tre damene tok utfordringa med å entra labyrinten for å leita etter seks postar, stempla eit kort slik som i vanleg orientering, og så finna vegen ut att. Det var ikkje heilt god stemning i bilen etter at Vilde gjekk av med ein rimeleg klår siger…

No legg me New Hampshire og White Mountains bak oss og siktar oss inn på The Hilltop Inn i Vermont. Der skal me prøva å finna fram til den originale Ben & Jerry iskremfabrikken!

Ut på landevegen – Long Island og Cape Cod

Landeveg… Usikker på om dei har eit ord for det her borte. Me har mest ferdast på motorvegar med minst tre filer i kvar retning. Og så ei fil og to for dei som skal av på neste «exit». Medan me køyrer kan eg ikkje anna enn å tenkja på vandrehistoria om amerikanaren som sat på med den norske dottera si frå Bergen til Herand i Hardanger via Gullbotn og Kvamskogen. Vel framme sa han «Next time we take the highway darling» – kor på dottera svara “This IS the highway dad”…

Me susar fram i 70 miles i timen – og vert likevel forbikøyrd av både småbilar og trailerar på begge sider. Det er mørkt, det ausregnar igjen, det er seint på kveld sidan baseballkampen vart forseinka av det same regnvêret og me lurar på om me kjem til å finna fram til motellet vårt. Og kva me kjem til å finna… Me har satsa på eit overnattingsbudsjett på USD 80 per natt, så me er ganske langt nede på lista over gode overnattingsstader….

Klokka blir nær midnatt før me rullar inn på ein halvfull parkeringsplass med dei typiske motelromma rundt heile plassen. I det rommet dei kallar «reception» vert me møtt av skotsikkert glas, eit sånt snurrebrett til å leggja kredittkort og legitimasjon på – og ein veldig hyggeleg kar bak det skotsikre glaset. Rommet er fortsatt vårt og me vert ynskja velkommen og god natt. Alt på stell så langt. Og rommet er heilt greitt det også. Typisk amerikansk motell; bad inn til venstre for døra, to queen size senger, kjøleskåp, mikrobølgeomn, støyande air con, golvteppe, laken både til å ha over og under seg med eit noko underleg utsjåande og luktande teppe til å ha over det øvste lakenet. Og så luktar det… eit eller anna. Men med eit anna motell i San Antonio friskt i minne (den sterkaste røykelukta nokon sinne, baguett i air con‘en, sigarettar i golvteppet +++), seier me oss godt nøgde med rommet og kryp til sengs.

Gliset og det fyrste av mange motell

Gliset – og det fyrste av mange motell.

Opp og opp! Utsjekk kl. 10 og sjølvsagt ikkje frukost inkludert. Her er det berre å komma seg på hjul igjen! Planen for dagen er å sjå mest mogeleg av Long Island før me reiser vidare mot Cape Cod. Så då vert det av motorvegen og inn på hakket smalare vegar mellom koselege landsbyar og vakre strender. Det er litt som å vera nord i Danmark; flatt, små tettstader, vakre sandstrender – og iskaldt Atlanterhavsvatn. Éi av oss vågar seg på ein liten vassetur på den eine stranda, men det held med det!

Litt ut på ettermiddagen set me kurs for ferja frå Long Island til New London i Connecticut (nei – du skal IKKJE uttala den midterste C-en!). Litt usikre på kor smart det har vore å ikkje førehandstinga plass på ferja, er me litt spente når me nærmar oss kaien. Tenk om me må køyra heilt tilbake til New York og så fastlandet tilbake? Rekk me det før midnatt? Tenk om det er lang kø? Og så brått er me på kaien. Ein kai som mest av alt liknar på kaien på Sunde i gamle dagar; litt asfalt, litt grus, ein skakk og skeiv ferjelem i tre – og ei rustholk av ei ferje på veg inn. Me som hadde sett for oss ei stor hurtigferje av typen Kristiansand-Hirtshals! Det er ikkje problem å få billettar og me rullar om bord. Planen no er å sitja på soldekk, nyta utsikta og eta is. Men den gong ei. Her er det ikkje mykje til servering. På tross av panoramautsikt til blant anna Martha’s Vineyard og elles mykje flott natur, er det knapt så me kan få kaffi! Så mykje for den planen.

Oceanside motel i Dennisport viser seg å vera den blåaste bygningen eg nokon gong har vore inne i. Oppløfta av den greie innsjekkinga kvelden før tek me på oss smilet og går inn. Berre for raskt å skjønna at me er dei einaste som snakkar engelsk der inne… Motellet er drevet av ein asiatisk familie som stort sett kan følgjande «spørjeord»; «Creditcard?», «ID?», «OK?» – samt gje deg ein lapp med passord til Wi-Fi og rumnummer saman med ein nøkkel. Så er det slutt på den samtalen. Rommet er nett som i går – bortsett frå at her er det inngang frå gata så badet er BAK til høgre. Og så har me fått vannkokar.

Neste dag er det småbyane og strendene på Cape Cod som står på planen. Me snirklar oss gjennom flotte byar med velstelte hus og hagar. Om nokon har lyst til å jobba som gartnar kan eg anbefala dette området – her er det mykje å gjera! Me endar etter kvart opp i Provincetown, ein by me har lest skal vera vakker, lat, god stemning og ein fristad for homoseksuelle. Og alt stemmer. Dei som synes det er vanskeleg med pride-parade heime i Noreg må IKKJE ta turen hit. Heile byen var ein einaste stor parade – inkludert menn i lærdress og speedo utan buksebak… I tillegg til nett det kjem me også til å hugsa den koselege hovudgata med dei mange restaurantane og isbarane og den oppskrytte og overprisa «Lobster Roll». Det viste seg å vera ein variant av hot dog; eit søtt pølsebrød med hummarsalat mellom. Til 24 USD….

IMG_5068

Nei – nok landsby, me må tilbake til asfalt og storby, så me set kursen for Boston. På vegen er me innom Plymouth. Der prøvde me å finna seglbåten «Mayflower 2» som er sagt å vera den fyrste skuta med pilegrimar som kom frå Europa. Litt pinleg når me prøver å kjøpa billettar og dama i luka berre ser på oss og seier «Ser de båten? Den er i Boston i opplag for reparasjon». Det viste seg at skuta vanlegvis ligg ved kai nett der me stod. Og er så stor at me hadde sett ho om ho hadde vore der… Så då vart det lunsj og is før me fortsette turen mot Boston. Der var det ut på flyplassen for å levera inn den likevel-ikkje-så-amerikanske leigebilen, kapra ein taxi og be om å bli køyrd til leilegheita me har funnet på nett. Håpar ho er bra – me er litt lei av små motelrom no…

Og PS; historia om amerikanaren som køyrde til Herand er ikkje ei vandrehistorie – ho er sann! Eg kjenner dottera 😉

Høgt og lågt i verdsmetropolen New York

IMG_5349(1)

Fyrste «vakne» dagen i USA var via til «Lower Manhattan». Og berre så det er sagt; økonomane tok IKKJE dei unge håpefulle med til Wall Street! Men Edle hadde eit ynskje om å sjå oksen («The Wall Street Bull»), så den var me bortom. Elles var det skyskraparar, gule drosjar, metro, kø og kaos. Og kinamat, Ground Zero, Seaside og Brooklyn Bridge før me ramla inn i ein taxi og kom oss heim til hotellet. Det var vist litt jet lag igjen likevel – i alle fall var det to store som sovna så snart me kom inn på hotellrommet. Men ikkje så lenge. Opp og hopp og ut att for «New York by night» – dvs Times Square. Me har tidlegare vore i folkekaoset i Ho Chi Min-byen, Hanoi og Hong Kong, men det er nesten like gale på Times Square om kvelden. Ei salig blanding av kø, drosjar, gateartistar og lysande reklameplakatar. Og M&M-butikk!

Dag tre starta med tre sovande jenter og ein mann på tredemølle i kjellaren… Så var det ut på tur igjen, denne gong i Midtown. Me tråkla oss gjennom gatene til Empire State Building og kom oss opp i tårnet utan alt for mykje kø, delvis av di me meldte oss frivillig til å gå opp trappene dei siste seks etasjane… Det er rimeleg rart å vera så høgt oppe og sjå ned på Manhattan Skyline. Og tenkja på kva dei som var her oppe 11. september 2001 må ha tenkt då dei såg flya som traff World Trade Senter rett framom dei. Me rakk også ein tur bortom huset Trump har bygd på 5th avenue. No vert det passa på av væpna politi…

Etter alt dette storbylivet kjøpte me med oss litt etande og gjekk inn i Central Park. Me seier at Bergen er ein flott by blant anna avdi me har naturen så nært. Men jammen er det spesielt å sitja på ein benk inne mellom blomar og dammar i Central Park og sjå skyskraparane reisa seg over tretoppane!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Lunsj i Central Park

Fredagen vakna me til eit høljande regnvêr. Det var nesten som om me var heime i Bergen att! Optimistiske som alltid sjekka me ut av hotellet kun iført shorts og t-shirts. Noko som resulterte i at me måtte springa det me orka over gata for å eta frukost – og så same vegen tilbake. Klissvåte måtte me fint be om å få den vekkstabla bagasjen vår tilbake slik at me kunne byta til tørre, varmare klede. Høgkultur måtte me også få med oss før me reiste frå metropolen, så me fann ein taxi og tok turen til Museum of Modern Art. Me er ikkje spesielt gode på slikt – mykje av det me såg var meir irriterande enn fint – men det er vel det ein kallar kunst? Det som skapte mest engasjement hos oss fire var to lerret som var malt med kvit husmaling. Og det var det… Det skulle visualisera eit speil; ein skulle fornemme personar i rommet, kva vêr det var og mykje meir ved å sjå på dei to kvite lerreta… Nei. Tull. Men svindyr kunst…

På tide å gjera noko anna – dvs. tilbake til hotellet, plukka fram bagasjen (igjen) og taxi til bilutleigefirmaet. Berre for å oppdaga at passa låg igjen på hotellet… Banning og steiking – og litt meir av det same då Geir oppdaga at atterhaldet «model not guaranteed» hos bilutleigefirmaet faktisk betyr nett det… Han hadde ønska seg ein Ford Mustang (noko som viste seg umogeleg å oppdriva), booka ein Chevrolet i luksusklassen – og endte opp med ei folkevogn. Rett nok i sportsklassen, men likevel… Ein smule skuffa og irritert var det berre å tråkla seg gjennom NY-trafikken tilbake til hotellet etter passa. Og så tråkla seg vidare mot nord. Me hadde nemleg meir (høg-)kultur på planen – baseballkamp på Yankee Stadium!

Ein langtekkeleg innsjekkingsprosess hos utleigeselskapet (Dollar!) og strafferunden etter passa hadde gjort oss skikkeleg forseinka ut i fredagstrafikken, så det var ikkje mykje til tempo på oss. Me valgte etter kvart å ignorera den amerikanske dama i GPS-en og heller stola på Camilla og den norske dama i google maps. Det viste seg å vera smart! Ein halvtime etter kampstart sjekka me inn på stadion, bare for å måtta snu og gå tilbake til bilen med videokameraet. Rockies! Men har ikkje amerikanarane oppdaga at du kan filma med mobiltelefonen og fotoapparatet?!? Edle og Vilde hadde teke eit lynkurs i baseball og satt oss to andre kjapt inn i det viktigaste. Og det vart faktisk ein kjekk kveld sjølv om me ikkje heilt fekk med oss kva som skjedde på banen. Det var gode tavler som opplyste om stillinga og eit fantastisk folkeliv. Det var cupfinale, MGP og 17. mai på ein gong. Folk såg ut til å vera like opptatt av å treffa kjente, eta og drikka som i det som skjedde på banen.

Halvanna time ut i kampen kom det ei skikkeleg regnbye. Då var det imponerande å sjå korleis dei rulla ut ein presenning som dekka det viktigaste området av banen. Mindre imponerande var det å sjå korleis dei gjorde banen klar til spel igjen etter ein drøy halvtime med plaskregn… Me er litt undrande til kor imponerande atletiske baseballspelarane eigentleg er, men banen skulle strøast og kostast og merkast og tørkast og strykast så det ikkje var måte på. Og alt skjedde i eit bedageleg tempo der det ikkje var mogeleg å sjå noko struktur eller plan. Men fint skulle det vera før spelarane kom ut at! Då var det meir imponerande å sjå kor kjapt den delen av stadion som ikkje var under tak (dvs. dei dyraste plassane nærast banen) vart tømt for folk då det byrja å regna! Med våre billege billettar høgt oppe under taket slapp me heldigvis å ta del i den folkevandringa. Kampen endte til slutt 9-4 til bortelaget. Takk for resultattavla – me hadde aldri klart å skjønna det på eiga hand! Og med det takkar me NY for no og legg ut på landevegen. Long Island neste!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Takk for oss for denne gong New York!

 

Me feirar frigjeringsdagen i New York!

Feriane våre pleier å innehalda aktivitetar på rare tidspunkt på døgnet. For å vera sikre på at denne ferien ikkje vart noko unntak, starta me like godt alt ved avreise. Me var oppe før fuglane, før katten hadde lagt seg for kvelden, før avisbodet hadde levert BT – og før Camilla hadde sovna. Opp av senga og ut av huset gjekk likevel rimeleg greitt. Det same gjorde taxituren til Flesland, sjåføren var heldigvis noko meir vaken enn oss. Men så kom «hjernen fungerer ikkje så tidleg på morgonen-syndromet inn for fullt. Innsjekkingsautomat? Når me skal til paranoide USA? Oj! Dette blei ikkje heilt lett! Sjølv med betalt og autorisert ESTA byrja automaten å mase om visum, adresser og ein masse anna info som skulle tastast inn med ein finger på skjermen medan førti andre stod i kø bak deg. Og med Arnbjørn sin uheldige oppleving då han skulle til USA (feil med ESTA) steig pulsen nokre hakk. Det var ikkje anna å gjera enn å stilla seg bak køen av pensjonistar som var på veg til syden og skulle sjekke inn manuelt og få forklart, ein etter ein, at det var trygt å sende bagasjen, den ville komme heilt fram og at dei ikkje trengte å hente den ved mellomlanding i Amsterdam. Me såg våre mellomlandingar forsvinne i ei tåkesky medan me venta. Og venta. Men fru Fortuna er grei med kjekke folk, så det løyste seg utan tilleggsgebyr og rask nok til at me kom tidsnok fram til gaten.

Etter små komplikasjonar knytt til at passa låg i ei lomme med ein glidelås som kilte seg totalt (den glidelåsen må bytast…) kom me oss vel av garde til Schiphol. Ein kjapp tur nedom og så vidare til London. Skikkeleg mjølkerute, men nærare ti tusen å spare på billetten kontra Norwegian, så det er verdt det. I tillegg likar me servicen og maten om bord på KLM. Intet unntak denne gongen, så me landa mette og nøgde i New York.

Me hadde visst brukt opp uflaksen på vegen, så med noko som må vera ny rekord gjennom passkontrollen, var me etter ein kjapp taxitur framme på hotellet. Hilton er i utgangspunktet laaaangt over vår standard når me er på farten, men me er etter kvart erfarne på å leita fram gode tilbod, så me hadde fått familierom midt på Manhattan til billegare pris enn eit standard enkeltrom i Bergen. Til stor glede for Vilde og Edle som ikkje er vant med at hotellet luktar godt, har velfungerande AC, reine golv og varmt vatn… «Do not get used to it» vart omkvedet frå oss to som betalar rekninga…

Klokka er no blitt 19 i USA, dvs 01 for oss nordmenn. Så me hadde alt bestemt at kvelden skulle nyttast til å vera med og feira «4th of July». Med kroppar som var meir enn klare for senga gav me oss ut i trafikken på Manhattan i eit litt forvirra forsøk på å finna ein dugande restaurant for litt middag (nattmat). Ein pizza seinare var me på god veg ned mot East River kor det var sagt at det skulle vera fyrverkeri kl 21. Og det skal dei ha NYPD – dei hadde kontroll på massane! Det var eit godt koordinert system av avstengde gater og sluser og sikkerheitskontrollar. Me kom oss innanfor sperringane og rusla i ein stadig tettare stim sørover langs elva for så å bli slusa nordover att. Rundt oss var det eit sjusifra antal andre skodelystne som prata, spelte musikk, hadde piknik og venta på fyrverkeriet. Og me venta. Og venta. Edle er det mest utprega A-mennesket av oss, så ho sovna. Sitjande på asfalten, støtta til Vilde og med Hovudet i handa til Geir. Det såg rart ut – så det gjekk ikkje lange stunda før ein hjelpsam amerikanar kom bort med vatn og lurte på om me trong hjelp. Han verka letta då me sa at det berre handla om jet lag – for oss var klokka tross alt blitt 03 om natta… Men det var verdt det! Halv ti starta det flottaste fyrverkeriet me nokon gong har sett – og truleg kjem til å sjå! Frå fem lekterar ute på elva var det full fyr i 24!!! minutt. Den eine raketten høgare og flottare enn den andre. OL, nyttår, kva fyrverkeri som helst er berre småtteri. Det er verkeleg stort her borte. I alle fall fyrverkeriet!

Med så mange folk på farten var det ikkje andre måtar å komme seg heim til hotellet på enn å gå. Og det var eit stykke! Skrittellarane passerte 30.000 før me kom heim – dvs lengre enn Aurlandsdalen! – så det var fire trøtte vikingar som tumla i seng kl. 05:30 norsk tid. Altså 25,5 timar etter at me stod opp i Casa Vikane! Bonusen er at me har hoppa over alt som heiter jet lag – alt dag to er me klare for lange kveldar og passeleg tidlege morgonar!

Då gjer me oss klar for ein tur over dammen!

Kalenderen seier at det er sommar – sjølv om hverken utsikt frå stoveglaset eller gradestokken seier seg einig… Men kalenderen på mobilen seier også at det no berre er to timar til flyet lettar frå Flesland, så då får me stola på at det er på tide å reisa på sommarferie!

I år er det tenåringane i huset som har fått bestemma reisemål og innhald. Så då vert det storbyferie og roadtrip i USA og slaraffenliv på ei strand på Turks and Caicos. Eller det er i alle fall det som er planen… I den grad me har ein plan. Lenge hadde me flybillettar til/frå New York, og dett var dett. Men ein regntung junisundag fekk me litt meir orden i sysakene, så no står koffertane pakka og klare, me har sjekka inn på alle tre flightane som skal ta oss “over there” og me har booka eit hotell med takterrasse midt på Manhattan. Vilde fann nemleg ut at det skjer noko spesielt i USA fjerde juli…

Me reknar med at USA er eit rimeleg greit land å farta rundt i (på tross av enkelte personar sine uforutsigbare sprell…) og satsar på å senda små livsteikn via denne bloggen etterkvart som me opplever meir eller mindre kuriøse stader og folk. Tilbake på vestlandet tidsnok til skulestart!

Lago Atitlan – den vakraste innsjøen i verda?

Til no på turen har me forflytta oss med fly, taxi, shuttle, hurtigbåt, golfbil, rutebuss, baderingar, speedbåt, svømmeføtter, privat van med sjåfør, nattbuss, maxitaxi og tuc-tuc. Turen nordover til Lago Atitlan og byen San Pedro la Laguna skulle skje i det som dei kallar “collectivo” – dvs ein maxitaxi som går på oppgitte tidspunkt mellom to byar og kor du må bestilla plass. Me hadde fått plass til heile bølingen på 14-avgangen frå Antigua til Lago Atitlan, med pick up på hostalet vårt. Og denne gongen trong me ikkje venta lenge. Eit par minutt over avtalt tid kom det noko som såg ut til å vera ein OK vedlikeholdt minibus med akkurat ni ledige seter. Dei andre var okkupert av nokre amerikanarar, ein tyskar, eit par australienarar – alle med høgt lydnivå og lange bein…

Bagsjen vart surra fast på taket og me var klare for ein tur som var sagt å skulle ta 3-4 timar.

Turen nordover gjekk greit. Bilen var OK, humøret på gjengen på topp – og me innlagt snope- og tissestopp etter eit par timar var det heilt OK med ein roleg og avslappande dag på vegen. Einaste komplikasjonen såg ut til å vera at Camilla hadde klart det kunststykket å gløyma mappa med ALLE papira våre igjen på resepsjonsdisken i Antigua! Makan! Billettar, vouchers, kart, adresser. Alt låg igjen. Rett nok var det meste også lagra digitalt “i skyen”, men kva hjelper vel det i eit land kor det knapt finst tilgang til nett? Eit par hektiske telefonar seinare kunne me slappa sånn ca av – hostalet hadde lokalisert mappa og lova å senda den med ein collectivo neste dag. Så då fekk me berre slå oss til ro med det.

Pulsen var ikkje meir enn normalisert før den skulle høgt opp att: Lago Atitlan er ein innsjø nede i ein kollapsa vulkan. Noko som gjer at for å komma dit må du fyrst opp på toppen av vulkanen frå utsida. Og så ned att i krateret… I ein halvstødig, fulllasta bil med bagasje på taket. Dei yngste i bilen syntes berre det var kjempegøy, me vaksne syntes det var i overkant spanande. Opp gjekk for såvidt greit, men ned… Vegen svinga seg att og fram som dei vakraste vestlandsvegar, klamra seg fast i kraterkanten og hadde berre unntaksvis sikring på utsida. Smalt og bratt var det, og det gjekk nedover, og nedover og nedover og… Me prisa oss lukkelege over at sjåføren såg ut til å ha hatt med utlendingar å gjera før, han gira ned til fyrste gir og krabba rimeleg sakte nedover. Innimellom blei me forbikøyrd av eit anna transportmiddel som me så langt har valgt å halda oss vekke frå; “chicken bus”. Det er gamle, utrangerte skulebussar frå USA som (ofte) vert køyrd av meir eller mindre alkoholiserte sjåførar som ein skulle tru fekk betalt for å køyra så fort som mogeleg. Dei stoppar ikkje nødvendigvis på haldeplassane ein gong – dei berre sakkar på farten og så hoppar du av eller på i fart! Me prisa oss lukkeleg for å ha høyrd på lokale råd og heller satsa på collectivo, sjølv om det er noko dyrare. Etter ein time med bratt nedoverbakke oppdaga me at den eine medpassasjeren vår var blitt svært så bleik om nebbet. Etter å ha pressa han til å fortelja oss kva som var i vegen, kom det heldigvis fram at det ikkje var anna enn at han hadde hoppa over tissepausen… Dette var til stor underhaldnining for dei små resten av vegen – dei hadde aldri sett ein vaksen slita sånn med å halda seg!

Vel framme i San Pedro la Laguna var me også tilbake i turistkaoset: Det var tydeleg at dei lokale kunne rutetidene på collectivoen på rams, så då bussen stoppa kasta dei seg over oss og skulle ha oss til å kjøpa alt frå drikke og kanoturar til fjellturar, overnatting, mat og transport vidare. Og sjølvsagt skulle dei følgja oss til hotellet “gratis”. Me klarte å rista av oss dei fleste og tok sjansen på å følgja etter to karar som “berre” ville visa oss vegen. Litt småskeptiske og litt slitne etter nok ein tur på vegen som hadde teke nesten dobbelt så lang tid som me hadde rekna med, traska me etter dei. Brått tek dei av frå “hovudvegen” (i den grad du kan kalla ei asfaltstripe mellom to husrekker det) og inn i eit trongt smug. Me stansar og protesterer og seier at dette må vere feil. Karane insisterar, men me nektar. Men så kjem det ei jente i tjueåra forbi og seier at “joda – hotel Mikaso er den vegen”. Det same vert formidla oss på spansk av ei gamal dame som sit og sel bananbrød på hjørnet, så med tanken om at “dei kan jo ikkje halda styr på ni personar om dei vil rana oss”, ruslar me etter dei inn i smuget. Og raskt finn me ut at det er litt sånn det er i San Pedro. Det er berre eit par gater som er breie nok til at ein kan køyra med vanlege bilar. Resten av byen består av tronge smau og gater som er ca 1,5 meter breie. Akkurat passeleg til tuc-tucs.

Etter å ha tråkla oss gjennom smale gater, smau og til sist ein smal sti! er me framme ved hotellet vårt. Guidane våre får sjølvsagt litt i neven etter å ha vist oss vegen gratis og me ramlar inn i resepsjonen med alle sekkane våre. Som vanleg er det litt under middels med engelskkunnskapar, men med våre tilsvarande dårlege spanskkunskapar klarar me å få tildelt våre to rom på det som på nettet er kalla “the only real upscale hotel in San Pedro”.

Me får to rom – eit famlierom med to dobbelsenger (queen size) og ei køyeseng, og eit rom med ei dobbeltseng og ei enkeltseng. Og med kvart vårt bad. Tremannsrommet luktar så pass ufyseleg at me raskt får bytta over til eit anna rom med litt mindre kloakklukt. Elles består hotellet av ein noko shabby restaurant, ein flott terrasse med panoramautsikt over innsjøen og eit par koselege sitteplasser rundt omkring på området. Me er litt i stuss over det mildt sagt provisoriske inngangspartiet; ein smal sti gjennom ein kaffiplantasje. Etter litt research finn me ut at det er avdi innsjøen har stige rundt 15 meter dei siste åra, så hovudvegen og hovudinngangen på nedsida av hotellet ligg under vatn! Så me kjem altså bokstaveleg inn bakvegen! Om eit par år vil truleg vatnet ha stige til over hotellet, så det er så som så med kor mykje pengar dei brukar på vedlikehald… Sogene seier at det er vulkanen som pustar; han trekk pusten kvart femtiande år, då stig vatnet. Så pustar han ut att, og då synk vatnet. Uansett skjønar me no kvifor me har sett folk dykka INNE i hus på ulike bloggar frå området!

Etter ein strabasiøs dag er det godt å innta ein god pizzamiddag på hotellet og så krypa til sengs. Seks personar på samme rom er sjeldan oppskrifta på ei god natt, men den totale mangelen på biltrafikk veg opp for alle dei andre lydane… Bortsett frå ein: Midt på natta vaknar me av skudd! Ein smule forfjamsa og usikre på om me skal bli redde eller ikkje blir fleire av oss liggjande vakne ei stund. Og så kjem det igjen! Og igjen! Me er ikkje heilt høge i hatten, men slår oss til ro med at lyden kjem frå eit stykke vekke og at ingen andre på hotellet ser ut til å bry seg. Neste morgon er dette sjølvsagt det store samtaleemnet til frukosten – og me får ei betryggande forklaring: Det er ein skikk dei har rundt enkelte kristne høgtider – dei skyt til alle døgnets tider! Rart for oss nordmenn som berre høyrer skudd i hjortejakta… Men me venner oss nesten til det i løpet av dei dagane me er i San Pedro.

Etter ein koseleg frukost på hotellet tuslar me ut for å sjå kva by me har reist til. San Pedro la Laguna er ein av dei minste byane rundt innsjøen. Det gjer at me ni lyshuda og lyshåra naturleg nok vert ein liten severdighet i oss sjølve der me ruslar rundt og ser på lokale handelsvarer, kjøper appelsinjuice som vert pressa på gata, prutar på armbånd og tepper og slår oss ned på ein restaurant for lunsj. Camilla er på “kontoret” til collectivoselskapet me brukte og får dokumentmappa med alle reisedokumenta våre levert kostnadsfritt i ein stor konvolutt med navnet vårt og bynavnet på. NOKO fungerar veldig bra her borte – kor mange trur at de hadde fått levert ein konvolutt med express frå Oslo til Bergen ila natta kostnadsfritt og utan styr?

2015-07-14 15.08.53Me er så nøgde med servicen at me like godt bookar transporten vidare til Guatemala City hos samme selskapet – sjølv om dei var hakket dyrare enn det billegaste me klarte å pruta oss fram til. Ein skal setja pris på god service!

På tide med litt aktivitet igjen! Me prutar til oss fem kajakkar og legg ut på innsjøen. Litt småskummelt når båtane som går mellom dei ulike byane og grendene rundt innsjøen susar forbi, men mest veldig gøy. Det er skralt med vegar mellom byane, så det meste av transport skjer på vatnet. I tillegg er det fullt mogeleg å gå til fots på stiar rundt innsjøen, men den planen legg me raskt vekk etter å ha blitt advart om væpna ran og gisselsituasjonar på dei aude stiane. Me tek heller kajakk-trikset!

Om kvelden har me bestemt oss for å gå på ein restaurant litt lenger borte i eit smau. Rett før avgang opnar himmelen seg og me spurtar gjennom gatene med regnponchoane over hovudet. Vel framme får me eit godt måltid med dei sedvanlege laushundane tuslande under bordet. Rare greier. Men dei einaste hundane som lagar lyd eller framstår som agressive her borte er dei hundane som er innesperra. Dei som går laust etter vegane er rolege, ser fine ut i pelsen og kikkar berre dovent på deg når dei stryk forbi…

Dagen etter går Edle ned for telling. Med så mange på tur og med så låg standard på det meste i så mange veker skulle det godt gjerast at me ikkje får eit par dagar med magesjau, og Edle er fyrst ut. Så medan resten av gjengen legg ut på ein rundtur til dei andre byane rundt innsjøen tek Edle og Camilla ein roleg dag på hotellet. Den beste medisinen mot magesjau er ro og fred, cola og koltablettar. Og me har rikeleg av alt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Resten av gjengen får med seg eit kvinnekooperativ som sel lokale varer, mykje flott natur, og ein del bølgjer… Og trur de ikkje me møter dei to tyske jentene igjen også då! No byrjar me verkeleg å lura på kven som stalk’er kven! Brått står dei på kaien saman med oss! Fyrst på kaien i Chetumal i Mexico, så på gata i Caye Caulker i Belize, så på ein pyramide i Tikal i Guatemala og så her i San Pedro! Det enda med mykje latter og “see you soon”.

Ut på kvelden var alle i så pass god form igjen at me booka oss inn på “hot tubs” rett borte i gata. Det viste seg å vera utandørs badestampar i betong, fylt med spesielt mineralrikt, helsebringande vulkansk vatn som held rundt 45 grader. Og så kringsett med levande lys under stjernehimmelen. Avslappande, koseleg og god mentalhygiene. Me fann roen så totalt at me ikkje fekk med oss at straumen var gått i heile byen før me skulle ut av badestampane og ikkje fann kleda våre i mørket! Heldigvis hadde me med oss to hodelykter, så heimturen gjennom mørklagte gater vart ein spanande og underhaldande avslutning på dagen.

No var det ei stund sio me hadde vore ute på nattlege aktivitetar, så nokon av oss bestemte seg for å ta turen til “The indian’s noose”. Poenget her er å komme opp på toppen før soloppgang – så då var det klart for avgang kl. 03:45! Camilla hadde begynt å merke konsekvensane av sjukepleiaroppgåvene dagen før, så då tid for avgang var der endte det med at Geir og Rune, Oda og Vilde la i veg medan me andre kraup til sengs igjen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dei trudde dei skulle køyra sånn gøy tuc-tuc litt oppover fjellsida, så sjokket var stort då det viste seg at dei skulle inn i ein regulær chicken bus! Og sjølv om det var eksotisk å få testa dette framkomstmiddelet også, var det IKKJE å anbefala. Det gjekk i hylande fart (vegstandarden tatt i betraktning…) oppover fjellsida. Alt for mange folk ombord, høg, støyande hysterisk musikk, blinkande lys og mange “eksotiske” dufter. Dei klamra seg fast til det dei fann av fast inventar som best dei kunne, og var sjeleglade for at det i det minste gjekk OPPOVER og ikkje nedover… At det om nokre timar ville vera tid for nedtur att bestemte dei seg for å fortrenga så lenge.

Køyreturen gjekk mykje lengre enn me hadde rekna med, så då dei hoppa av bussen var det berre ein kjapp fjelltur opp til utsiktspunktet. Der var dei belønna med nydeleg utsikt over innsjøen og alle vulkanane rundt – og utbrot frå ein av dei! Sjå godt på biletet under, så ser de røyken frå utbrot

et litt til høgre frå midten!

2015-07-16 05.37.24

 

Vel nede att var det tid for litt ekstra soving før alle minus gårsdagens sjukepleiar (som no hadde fått innskrenka aksjonsområdet til ca fem meter frå toalettet…) tok turen til ein kaffiplantasje. Spanande for dei vaksne, litt meir pliktløp for dei yngre…

Me hadde no vore lenge på farten utan verken strand eller basseng, så litt ut på ettermiddagen spurte me oss fram til ein stad der me kunne bada i innsjøen. Veldig stas då to lokale gutar viste oss eit tre me kunne hoppa frå!

Opphaldet ved innsjøen går no mot slutten. Etter å ha tatt farvel med dei kjekke tilsette på hotellet og fått oss ein kjapp runde i boblebadet på terrassen pakkar me sekkane og tek ut på etappen til Guatemala City. Me har igjen leigd oss ein “private van” med sjåfør, og håpar at denne turen viser seg å vera ca så lang som varsla – dvs ca fem timar. Me får sjå. Flyet vidare går ikkje før i morgon tidleg, så me har god tid! Takk for oss til Lago Atitlan og Hotel Mikaso. Om det er nokon som vil oppleva dette må de forta dåke; dei reknar med å stå under vatn om fem år…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA