Reisefeberen stig…

Hjelp! Det er under ei veke til avreise og nervøsiteten kjem sigande… Kva er det me har gjort?!? Me distanserar oss til det heile ved å invitera til 9årsdag for Edle, kjøpa nye møblar (på IKEA sjølvsagt – då er det mest arbeid med å skru dei opp), rota litt rundt i hagen og invitera slekta på besøk. Og jobba… Men om ei veke er me på vei – om me nå er klare eller ikkje!

I dag har me tømt dei siste glasa med Ducoral (mot magesjau) og sett over reiseapoteket. Det fyller ein middels sekk åleine… Håpet er jo at det meste skal kunna kastast ubrukt i Hong Kong om tre månader! Elles flyt huset av fjellutstyr, sovemasker, lakenposar, bøker, flybillettar, hotellreservasjonar, hodelykter, solkjolar og popcorn (det siste eit resultat av 9årsdagen…). Korleis med skal få alt unntatt popcornen opp i sekkane våre er eit stort mysterium som må løysast innan dei neste dagane.

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s