Fridagar i Ho Chi Minh

Det var deilig å komma tilbake til HCM og dusj og AC… Me bestemte at fredagen skulle vera ein avslappingsdag – ingen planar og ingen “skal bare”-ting. Bortsett frå at me MÅ ha vekkerklokka på for å rekka frukosten og me MÅTTE finna ut korleis me skulle komma oss nordover. Og slik gjekk store delar av dagen! Me hadde tidlegare i vinter sett at det gjekk tog mellom HCM og Hanoi – og at det stoppa i dei byane me vurderte å stoppa i. Og at det gjekk mange fly. Og at både fly og tog var rimeleg billeg med norske auge. Så me hadde ein slagplan som gjekk ut på tog til Hoi An og så buss vidare til Hanoi. Så me kjøpte togbillettar på nett; firemannskupe, 20 timar!, greie avgangstider, betaling med kredittkort. Berre for å få ein mail ein time seinare med beskjed om at toget var fullt og at me ville få refundert pengane innan ei veke… Så då var det over på plan B; fly. Me fann billettar for alle til ca kr. 3.000 på OK avgang på http://www.finn.no. Men då me spurte resepsjonen om dei kunne matche den prisen vart det stor oppstandelse. Etter mange rare ord og mykje kroppsspråk skjønte me at Jetstar Pacific var “no good for you” og mykje anna, dvs lavprisselskap med frynsete rykte inkl. siste pri på flyplassane og difor konstant forseinka. Ikkje at det gjorde noko, innimellom alle geberdene og faktene fekk me brått eit tilbud om fly for alle med Vietnam Airways (det same som tok ho hit) til kr. 2.000… Så greit nok det. Berre at avreisetidspunktet endra seg tre gonger ila beslutningsprosessen. Til slutt stod me der med ein papirlapp kor det stod 19:50. Noko seint, men pytt, pytt – me er jo på tur! Så var det å kasta seg rundt og leita etter hotell. Gjorde kort prosess der – booka oss inn på http://www.hoianpacific.com

Vel i havn med førebuingane for dei neste dagane, og med verdas mest tålmodige små var det no på tide med litt shopping. Skoshopping. Så etter drøye timen i ei travel gate var bagasjen fem par sko tyngre. Alle i størrelse 33-35 + eit par til Edle i størrelse 37. Jepp, det stemmer, 37! Passelege var dei også!

Siste kvelden tok me ein taxi ned til elva for å eta på ein båt som skulle liggja ved kai heile kvelden (me orka ikkje meir båtliv…). Taxisjåføren kunne ikkje eit einaste ord engelsk, men etter litt forskrekkelse, armbeveglsar og rare ord skjønte me omsider at båten var vekke… Så me berre hoppa ut og begynte å leita etter eit alternativ meir på måfå. Noko som inkluderte kryssing av hovedvegen (6 oppmerka felt, dvs ca 10 reelle felt…) sånn berre der det passa oss. Me kryssar no gatene som ekte innfødte: Me trekk pusten, rettar oss opp i ryggen, tviheld på kvart vårt barn, stirrar dei næraste mopedistane hardt inn i augo – og lar det stå til… Seks kjørefelt er rekorden så langt 🙂 Mette og gode etter ein ny runde med ris, nudlar og vårrullar var det heim og sove siste natta i HCM. Utruleg godt med stille hotell og AC. Så får det heller vera at Geir søv på ein kvit murstein og at Edle og Vilde må dela ei seng. Den er 120cm breid, så det går heilt flott så lenge dei ikkje sloss om dyna 🙂

Advertisements

One thought on “Fridagar i Ho Chi Minh

  1. Jeg holdt faktisk på å bli påkjørt her hjemme i Bergen – takket være en littskravlete uoppmerksom 180 cm lang vimsete kjerring. Så det så ! Kos dere videre !

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s