Eksotiske, vakre Mantanani Island

image
Mantanani er ei bitte lita øy utanfor nordkysten av Sabah. Eller rettare sagt; tre små øyer og ei mengde korallrev midt ute i havet. Me fann draumestaden nærast ved slump; Camilla sat med Googel Earth og leita etter ein strandplass der me kunne vera nokre dagar. Heldigvis var det nokon som hadde lagt ut eit bilete fra Mari-Mari Backpackers Lodge, og heldigvis fann me ei nettadresse etter ein nytt goolesøk. Og heldigvis tok me sjansen på å reisa hit!

Me vart plukka opp på Nexus av ein liten minibuss. Så vart det kappkøyring med ein stor buss fram til ein bensinstasjon der me vart flytta over i den store bussen. Denne tok oss så vidare til ein “jety” – noko me etterkvart fann ut at betydde kai på stylter. Der låg det ein passeleg stor speedbåt og venta på oss og et par andre sjeler på tur.
image
Me hadde ca dobbelt så mykje bagasje som alle dei andre reisande tilsaman – og vart mobba litt for dette. Heldigvs fekk me litt meir aksept då me fortalte at me kom frå andre sida av verda, var på farten i fleire månader og som dei einaste ikkje skulle tilbake til Kota Kinabalu etterpå. Etter kort tid var me på veg mot Mantanani. Dvs full fart rett nordover og ut i ingenting. Det var berre oss (småskjevne), bølgjene (høge), båten (liten), vinden (sterk) og hav (stort) på alle kantar… Men i følge Edle og Vilde var det kjekkare enn tivoli, og dei var nesten litt snurte då båten etter ein liten time køyrde seg godt inn på den grunne sandstranda og me vassa i land ved eit skilt der det stod “Welcome to Mari-Mari Backpackers Lodge”. Bak skiltet kunne me skimta nokre hytter på pålar (dei vert kalla sulap), eit overbygg med nokre stolar og bord under, og elles berre palmar, strand, sand og drivved. Og eit par småforvirra turistar. Me var framme!
image

image

Sulapen vår var kjempekoseleg. Oppe i hytta var det dei sedvanlege tre sengene, vindauge på begge langveggane, skråtak, ei vifte – og straum til vifta og taklampa mellom kl 18 og 06. Sånn omlag. Under hytta var det ein liten platting med to stolar, eit lite bord og ei hengekøye. Litt bak vår sulap var det felles do og dusj. Mellom oss og stranda gjekk hovudvegen på øya, dvs ein smal sti kor det innimellom kom ruslande nokre born på veg til eller frå skulen, ei mor på ein trøsykkel, ei og anna ku på tur samt eit par unguttar utan særleg mål eller meining. Og utanfor stranda var det berre turkis hav så langt me kunne sjå. Hadde me hatt verkeleg gode auge, evt. ein stjernekikkert, hadde det neste me kunne fått auga på vore Kina…
image

image
image

image
Mantanani er staden der ein slappar av, les tunge bøker, filosoferar, snorklar eller gjer ingenting. Me brukte dagane til å slappa heilt av, bada, snorkla og pleia våre stakkars bein som var fulle av gangsperr etter ekspedisjonen opp på Mount Kinabalu. Det var mest flaut kor stive og støle me var… Geir har gjort diverse underlege fysiske utskeiingar (som Bergen-Voss, Birken, springa 7-fjellsturen ++), men han seier sjølv at han aldri har vore så maroder som etter denne fjellturen! Me stabba rundt som gamlingar alle fire – og det vart ikkje mange turane opp trappa til sulapen vår. Me flytta i staden det meste ned på plattingen under. Der fekk me raskt ein huskatt som passa på oss 🙂
image

Me hadde to turar ut til eit rev for å snorkla. Dette var fyrste gongen Edle og Vilde prøvde denne sporten, og dei vart heilt hekta. Det var kjempespanande å symja rundt i eit digert akvarium og sjå rare og fargerike fiskar og korallrev. Og så var det ein ekstra bonus at båtturen til og frå revet gjekk i rasande fart i ein liten speedbåt. Det var mest så me ikkje fekk jentene med oss på land att…
image image
Me rusla også litt rundt på øya – til stor underhaldning for dei lokale… Om det var vårt noko anstrengte gangelag eller det lyse håret til damene i familien som var mest spanande veit me ikkje, men mykje oppmerksomhet frå både liten og stor fekk me uansett!

Etter tre late dagar på øya var det dessverre på tide å vende baugen mot fastlandet att. Avreisa vart utsatt ei stund pga mykje vind… Og jommen fekk me gynga oss på vegen tilbake! Det var meir spanande enn dei fleste berg-og-dalbanar me har prøvd… Og så varte det i over timen! Berre oss i ein liten båt, langt til havs saman med bølger og vind… Og som vanleg når me er på tivoli og slikt; dei yngste kosar seg gløgg i hjel medan me store blir redde og småkvalme… Men i land kom både me og bagasjen vår! Så då starta neste utfordring; korleis kjem me oss frå Belud Jety til Tip of Borneo…? Hm… Følg med i neste blogginnlegg, då har me nok fått orden på den nøtta også!!!
image

image

image

Advertisements

One thought on “Eksotiske, vakre Mantanani Island

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s