Krittkvite strender på The Whitsundays

Etter nok ein dag med klampen i bånn kom me fram til Airlie Beach og Shute Harbour, den viktigaste havna for turar til Whitsundays. Me hadde tatt (midlertidig…) lærdom av bomturane i Townsville og ringt og booka oss inn på Flametree Park ila dagen. Me er alt røynde campervanreisande; me køyrer inn på parkeringsplassane til McDonalds, KFC eller Burger King og snik oss til å bruka wifien deiras… Så nå kjem me oss på nett i alle fall nokre minutt annakvar dag!

Sjølv om me hadde stoppa på ein turistinfo midt ute i intet (rett og slett avdi dei reklamerte med at det hadde den beste mangoisen i Australia…) og fått eit tips om ein snarvei til Airlie Beach, kom me ikkje fram før det var langt på kveld og godt mørkt. Verten på campingen stod faktisk ute i vegen med ei lykt og venta på oss, han var redd me hadde køyrt forbi… Me kom oss raskt på plass (knallgode på bobilparkering no!) og laga oss ein god middag. Temperaturen var så pass OK at me kunne sitja ute og kosa oss – rett nok med fleecen på… Det var inga toglinje eller Bruce Highway ved campingen i dag, til gjengjeld låg me i enden av rullebanen til småflyplassen i Airie Beach… Heldigvis ikkje så veldig trafikkert 🙂

image

Neste dag tok me oss ein tur ned i sjølve Airlie Beach. Dette er ein ynda stad for backpackers (sånne som oss altså… :-)) og byen har eit visst hippiepreg. Me skleid glatt inn og brukte dagen til å handla på ein lokal marknad, eta ein god lunsj (særleg Edle, ho fek ein haug pannekaker “større en hodet mitt” – sitat Edle) og elles berre vera turistar.

image

Om kvelden hadde me booka oss inn på grillkveld på campingen. Så der var det oss, fire andre sjeler under 60 år, og elles ein haug godt vaksne australienarar som samla oss rundt ein innleigd cateringkokk som serverte oss kjøtt, poteter og grønsaker som me så åt ved våre medbragte campingbord og -stolar. Etterpå var det ei jente som hadde oppvisning i fakkeldansing. Spesielt og minnerikt!

image

Dagen etter var me klare for Whitsundays. Me hadde valgt å booka oss tur i ein rib! Og gjett om det gjekk fort og humpete!!! Det var nett som å vera på tivoli – det humpa og krenga og blåste og spruta. Edle og Vilde fekk sitja heilt framme i bauen og smilte nesten rundt. Den noko spesielle hippiguiden vår var heilt overgitt over kor blide, glade og tøffe dei var, og kom med stadige kommentarar om kor imponert han var. På eit tidspunkt køyrde me bauen heilt feil inn i ei bølgje – så då hadde me halve havet om bord i båten og var søkk våte. Men det var berre gøy!!! Det var nokre store katamaranseglbåtar ute også, og me var veldig glade for å ha ein rask båt i den grove sjøen.

image

image image

Etter halvanna time kom me fram til ei strand der me skulle bada og snorkla. Det var berre å kasta seg uti. Snorklinga var heller dårleg; dei hadde nok valgt staden for å komma i le for den sterke vinden. Det var stort sett berre sand og mudder å sjå, så me kasta snorkleutstyret og brukte tida til å plaska rundt i våtdraktane i staden. Ikkje spesielt elegant…

image image image image

Etterpå køyrde me til den mest kjente stranda – Whitehaven. Det er fleire km med krittkvit strand og blått hav. Der fekk me lunsj med selskap av ei halv meter lang øgle som kraup mellom beina våre på jakt etter ein matbit.

image image image image image

På heimvegen fortalte guiden oss at dei hadde ikkje gjennomført turen i så sterk vind på fleire månader – så me fekk den tøffe varianten. Godt fornøyd med det :-). Me let oss ikkje skremma så lett – Edle klarte faktisk å SOVNA på returen… Medan me andre sat og klamra oss til setene…

Tilbake på campingen var me overmodne for ein lang og varm dusj. Så var det ein koseleg middag i bilen og opp i loppekassa for avreise vidare sørover neste morgon. Kanskje me kjem oss til Rockhampton ila dagen?

Advertisements

One thought on “Krittkvite strender på The Whitsundays

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s