Roadies igjen

Etter mykje fart og spenning var det på tide å komma seg ut
på landevegen at. Planen var nå å komma oss kjappast mogeleg
til Hervey Bay, innfallsporten til Frazer Island, verdas største
sandøy. Det var litt for langt til å satsa på at racerbilen vår
skulle makta det på ein dag, men med to dagar på tur kunne me også
klara ein tur innom The town of 1770 og Agnes Water, dei fyrste
stadene han der kaptein Cook gjekk i land på fastlandsaustralia.

Nok ein gong bunkra me opp med fullada mp3-spelarar, sjolkolade og
drikkevarer og svinga gliset ut på Bruce Highway. Etter dryge 100
km svinga me av hovudvegen og inn i Mackay for å handla lunsj. Me
hadde ikkje hovudet heilt med oss i leitinga etter ein matbutikk,
så på vegen ut att kom me 90 grader feil og bomma totalt… Etter
mange stygge glosar frå framsetet og bekymra spørsmål om det no
gjekk mot skilsmisse frå baksetet svinga me ut i grøftekanten og
bestemte at det var på tide med lunsj. NO!

20130818-171853.jpg
Med litt høgare blodsukker, kompassfunksjonen på iPhonen og rekonstruksjon av
køyremønsteret den siste halvtimen på baksida av ein papirpose var
me igjen klare for å prøva å finna Bruce Highway. Og køyrde meir
eller mindre rett på… Så da var det klampen i bånn og blikket
retta mot Rockhampton. Det kan vera godt å retta blikket langt fram
når ein køyrer på vegane her ned for det ligg mykje rart i
vegkanten… Små kenguruar lev tydlegvis eit veldig farleg liv, det
ligg daude eksemplar kvar 100 meter… Og så ligg det mykje fuglar,
mykje froskar, nokre hundar og ein og annan slange. Og alt det me
ikkje ein gong kan skjønna kva er… Det er også veldig mange
vegskilt – særleg skilt som minnar ein på å ta pausar, kvila, at
det å køyra når ein er trøyt er farleg osv.

20130818-172149.jpg

20130818-172201.jpg

20130818-172210.jpg

20130818-172222.jpg

20130818-172235.jpg

20130818-172246.jpg
Etter ein lang dag med Doktor Proktor på øyra kom me fram til campingen vår utanfor Rockhampton. Igjen hadde me tinga plass på førehand, og igjen var vertsskapet
litt forundra over at me ringte på førehand… Men me har innsett at me synes det er godt å vita kvar me skal sova, særleg når me ikkje er framme før i åttetida om kvelden. Campingen var ikkje mykje å skryta over, men reine og fine wc og dusjar held i massevis for oss. Og så hadde me Bruce Highway rett på utsida av gjerdet – så alt var kjent og trygt!

Neste dag var målet å komma fram til 1770 eller Agnes Water. Me såg at me hadde bra me tid så me svinga nedom “havnebyen” Gladstone. Dette er ei av dei store kolhavnene,
så omsider skjøna me kor alle koltoga kom frå/skulle til. Det var
ikkje så mykje anna å sjå i byen så me køyrde mot “Beach” på
veimerkinga og fann ein flott parkeringsplass med utsikt kor me
kunne eta lunsj. Igjen blei me slått av kor flinke australienarane
er med å leggja til rette for uteliv; det var laga til grillstader,
toalett, dusjfasilitetar og leikeplass. Og alt strålande velholdt.
Her har me verkeleg noko å læra her heime! Mette og nøgde tok me
fatt på siste etappe mot kysten.

20130818-172548.jpg
1770 og Agnes Water viste seg å
vera to koselege små landsbyar med masse sjel. Og fulle
campingplassar… Så me møtte “No vacancy” over alt… Me byrja å
førebu oss på vår første overnatting i vegkanten – men fann ingen
stader det var lov å stå! Det var skilta med “no overnight camping”
alle vegar! Og ikkje fann me fleire stader merka på kartet vårt!
Tilfeldigvis såg me eit skilt med turistinfo, men der var dei
stengt for 5 minutt sidan då me kom, og det var ikkje snakk om å
opna døra att då me stod på utsida og fortvila prøvde å ta
nordisk-turist-på-ville-vegar-please-help-us-trikset… Så me
køyrde vidare reint på måfå for å sjå etter ein eller annan mogeleg
overnattingsstad. Brått såg me eit stort skilt med masse tekst,
bl.a. noko om camping.

20130818-172815.jpg
Så då hogg me på bremsen og rygga tilbake –
og fekk ei av dei meir eksotiske opplevingane på bobildelen av
turen vår: Me fann rett og slett ein skikkeleg campingplass inne i
skogen. Utedo og dusj, dei vanlege gassgrillane – og lite anna. Det
var køyrd opp “vegar” rundt i skogen, og så var det berre å setja
frå seg bilen og slå opp telt der ein fann plass til dette. Her var
det ei underleg blanding av gamle hippiar, unge surfarar,
globetrottarar, backpackers, barnefamiliar, “fastbuande” og ellers
rare folk som hadde funnet det greit å slå seg ned for ei natt
eller nitten.

20130818-173240.jpg

20130818-173249.jpg

20130818-173304.jpg
Me fann ein ledig plass under eit tre (ikkje så lett,
bilen vår var av dei større på området…), og tok ein tur for å
utforska området. Og fann ei av dei flottaste strendene på heile
turen. Ikkje den lengste eller med finast sand, men nesten uten
folk, fantastisk utsikt og flott lys. Me hadde ikkje venta å finna
noko slikt inne i bushen der me hadde enda denne dagen, så badetøy
hadde me ikkje med på utflukta. Men er ein på tur, så er ein på
tur. Her var det berre å kasta seg i det med dei kleda ein hadde
på. Kjempegøy! Og endeleg ikkje noko mas om at det var for kaldt i
vatnet…

20130818-173018.jpg

20130818-173031.jpg

20130818-173039.jpg

20130818-173050.jpg
Det var ikkje noko lys i leiren, så toaletturen om
kvelden vart veldig spanande! Då måtte me fram med hovudlyktene og
gå gjennom halve leiren på leit etter toalettbygget. På vegen gjekk
med forbi folk som sang og spela gitar, såg nokre digre,
kalkunliknande fuglar som rusla rundt i leiren utan å bry seg om
folka rundt seg og passerte mørke klynger med høge tre. Og var
veldig spente på om me ville klarar å finna tilbake til bobilen vår
etterpå… Noko me sjølvsagt klarte med glans.

20130818-173521.jpg
Natta vart stille og
roleg, om enn noko kort. For fyrste gong på turen hadde me verken
Bruce Highway, jernbanen eller flyplassen som nabo – men me hadde
morgonfuglar som skulle tidleg ut på vegen at – og ein ranger som
kom for å ta betalt. Sånn ca kl. 07:00. Med ei hysterisk banking på
veggen som nærast velta heile bobilen!

Godt nøgde med opphaldet var
det ut på landevegen att – neste stopp Hervey Bay og Fraser
Island!

20130818-173420.jpg

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s