I fossar og stryk på Fiji!

Fiji er mellom anna kjent for sitt reine og velsmakande vatn. På enkelte luksusdestinasjonar i Europa er det faktisk Fiji Water som står i minibaren og på bordet i restaurantane! Så då meinte me at å oppsøkja ekte fijiansk ferskvatn måtte med på planen når me fyrst var her! Så då fekk me rett og slett arrangert ein tur til tre ulike fossefall på Taveuni.

Photo 26.07.13 14 40 22

På Aroha Taveuni hadde me i tillegg til lærarpensjonistane frå Australia og legeekteparet frå USA no også fått selskap av far og dotter frå Australia. Dei var på dykkeferie og hadde mykje å fortelja om det som var under vatn på Fiji. Alle var no klare for ferskvatn, så me var eit fylgje på åtte personar som var klare til å utforska kystlinja og regnskogen aust på øya. Dagen starta med ein biltur rundt øya. I starten er det asfalt, men i det ein passerar flyplassen på nordenden går det raskt over til kjerrevei med varierande grusdekke. Me humpa og spratt oss rundt nordkysten og halvvegs ned på austsida av øya. Det var vel ikkje meir enn rundt fem mil – men det tok drøye 1,5 timar å komma fram til Lavena… På vegen såg me eit par originale fijianske hus. Dei er nett slik me ser for oss husa til “hotentottane” – små stråhytter med ei bjelke på tvers på toppen (i Fantometblad var denne bjelken alltid laga av eit bein…). Fijianarane har (dessverre) bytta desse husa ut med blikkskur, så dei me såg var rekonstruksjonar… Utenfor nordenden ligg øya Laucala. Der ligg det einaste hotellet i verda med sju stjerner! Det er visstnok ikkje vanskeleg å bruka ein halv million kroner på to veker der ute – altså ikkje heilt innanfor vårt budsjett… Store kontrastar!

Vel framme på Lavena vart me behørig innskrivne i gjesteboka til nasjonalparken. Fijianske myndighetar har innført ein smart forvaltning av naturressursane på øyane; lokalbefolkninga får betalt for å driva nasjonalparkar og ta vare på kulturskattane. Slik sikrar dei aktivitetar for turistar (som Fiji er avhengige av), busetjing, inntekter til lokalbefolkningen og ivaretaking av det opprinneleg fijianske. Smart!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Så var det ut på tur. Me fekk med oss ein båtmann og ein guide, og så var det ut og gå på stranda. Etter ei lita stund blei me stabla opp i ein utruleg upraktisk plastbåt. Som på Mantanani var det ikkje snakk om kai eller andre fasilitetar for ombordstiging, her var det berre å vassa ut til båten. Godt det er varmt i vatnet, for sannsynligheten for å velta vart raskt anslått å vera langt over 50%… Så bar det sørover kysten. På land var det mest berre urørt regnskog. Oppe i åssidene dukka det med jevne mellomrom opp fossefall. Små og søte etter norsk standard – “awesome” i følge resten av reisefølget vårt…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter ein noko nervepirrande og vuggande tur sørover var me framme ved eit elveutløp. Her var et mogeleg å køyra båten innover til det fyrste fossefallet. Og omgitt av kokospalmar, bregner og eksotiske lydar var det berre å hoppa ut i fossen for eit krystallklart bad! Heime i Noreg er jo bading i elvar ein heller kald fornøyelse, her på Fiji er det heilt OK! Ikkje like varmt som i havet, men ikkje langt unna. Så me fekk ei fin treningsøkt i naturleg motstrømsbasseng der me iherdig prøvde å svømma inn under sjølve fossen. Umogeleg…

Photo 26.07.13 09 57 24

Me kunne ikkje bli for lenge. Det var berre mogeleg å komma inn til fossen med båt på flo sjø – så me måtte ut att før det fjæra for mykje. Neste stopp var ved ein annan elvemunning. Her var det ut av båten og på med joggesko. No skulle me inn i jungelen og sjå ein annan flott foss. Me traska gjennom det grønne. Innimellom dukka det opp ein “åker” – dvs eit lite område der nokon hadde kutta vekk dei største trea, rota litt i jorda og planta grønsaker. Heldigvis er mykje av dei grønsakene som blir dyrka på Fiji rimeleg store og kraftige – for her er det ikkje snakk om å luka… Her slåss det som er planta med ugras om plassen – og grønsakene vinn! Det var eit flott dyreliv langs stien, og me såg bl.a. ein fantastisk flott fugl; orange dowe. Den var rett og slett knall orange! Og så såg me spor av at nokon hadde tenkt at det kunne vera greit med enkelte fasilitetar dersom ein skulle satsa på turisme… Me valgte å ikkje gjera bruk av desse…

Photo 26.07.13 11 29 15

Etter ei stund kom me inn til ein stad der elva gjekk gjennom ei kløft. Inne i kløfta kunne me sjå ein nydeleg foss. Og på oppfordring frå guiden hoppa me ut i elva og svømte opp mot og gjennom kløfta. Der inne var det eit naturleg basseng med ikkje mindre enn tre fossefall! Aldeles fantastisk! Så der var me då – svømmande rundt i greit temperert, brusande vatn under knall blå himmel omkransa av bratte fjellsider og kvite fossefall. Magisk!

Taveuni 3

Harmoniske, nyvaska og klare for meir ga me oss i kast med returen. Båten var for lengst køyrd tilbake til landsbyen, så me skulle gå langst kysten tilbake. Igjen hadde me hatt litt styr med å overbevisa vertsskapet om at Edle og Vilde var fullt kapable til å tilbakeleggja eit par timar til fots… Men etter å ha lova at me tok fullt ansvar for at dei klarte det, var det sånn ca OK. Det vart ein koseleg tur gjennom jungel og spanande steinformasjonar. Me vart beint fram fasinert over kor frodigt det er: Det dett ned eit frø frå ein palme (altså ei kokosnøtt eller ei anna nøtt…). Så ligg den på bakken til det kjem ei regnskur. Så slår nøtta rett og slett rot – og vips så er det ein ny palme på veg. På ein kvadratmeter kunne det vera 8-10 små spirande kokosnøttpalmar, eller 20-30 palmar av nokre mindre nøtter. Her gror alt – raskt! Me fekk læra korleis me opna og åt nokre av nøttene me fann etter stien – og den eine typen smaka nesten som mandlar!

Photo 26.07.13 12 30 16Photo 26.07.13 12 54 21

OLYMPUS DIGITAL CAMERAPhoto 26.07.13 13 14 09

Mot slutten av turen gjekk me gjennom ein liten landsby. Me passerte skulen – ein bygning med golv, tak og veggar på to av sidene. Dei to siste sidene var opne slik at me hadde full innsikt i klasserommet. Der inne sat elevane sirleg på rekke og fulgte disiplinert med på kva læraren sa, iført skuleuniform (både jenter og gutar går i skjørt!). Det vil seia – dei fulgte med heilt til dei såg oss… Det vert nok framleis snakka om dei to barna med lyst, langt krøllete hår som passerte gjennom landsbyen i august 2013 🙂

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tilbake ved utgangspunktet stabla me oss inn i bilane og starta på returen. Me stoppa på vegen for å få med oss eit tredje fossefall. Det var eit lite stykke å gå innover i jungelen – og også her var det litt andre farar å vera obs på enn det me er vant med…

Photo 26.07.13 14 57 21Photo 26.07.13 14 36 49

Dagen etter tok me turen til ei elv ikkje så langt frå “heimen vår”. Ein del av elva vart kalla “Natural water slide” – så dette måtte prøvast ut! Det viste seg å vera ei elv med blankskurte svaberg – og med enkelte strekk der sin kunne skli nedover elva iført badedrakt og piratbukser/tights. Ikkje heilt smertefritt, men likevel kjempegøy! Me vaksne var litt engsteleg for at me skulle smella hovudet i fjellsidene eller brekka ein arm eller fot – men kva gjer ein vel for å kunna høyra gledeshyla frå Edle og Vilde samt få litt naturleg peeling og hardhendt masasje…?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA Taveuni 5

Vel nøgde med utforskinga av ulike variantar av fijiansk vatn stabla me oss inn i bilane att og reiste “heim” til Aroha Taveuni for å slappa av. Der venta jo både hav, basseng og diverse fijiansk drikke 🙂

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s