Farvel til Stillehavet

Vel tilbake i Nadi, hovudstaden på Fiji, fekk me ein litt rolegare velkomst enn sist. Ingen tollarar som hissa seg opp over peanøtter og mandarinar, og ingen døgnville nordmenn til å rota det til. Me tusla ut av flyplassen og fann oss ein taxi (utan plasttrekk…) som køyrde oss den knappe halvtimen til hotellet. På vegen var han eit oppkomme av informasjon om historia til Fiji, severdighetar, topografi, restaurantar og utflukter. Me hadde mest ikkje samvit til å fortelja han at me berre skulle vera der i knappe 20 timar… Engelsken var også litt haltande så me skjønte ikkje heilt kva han meinte då han slapp oss av ved hotellet. Me berre smilte og nikka og sa ”ha det”.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hotellet var veldig flott etter vår standard; stor vestibyle, basseng, store og reine rom (me hadde fått leilighet med to soverom, kjøkken, stove og bad). Og eigen SPA-avdeling! Etter litt kjøpslåing i familien Vikane vart me einige om først lunsj, så bading i bassenget, så tur til sentrum, så SPA om kvelden. Som sagt som gjort. Og så, medan me låg og duppa i bassenget, slo det oss kva sjåføren hadde meint då me forlèt han utanfor hotellet; han venta på oss for å køyra oss til sentrum! Me spratt opp av bassenget, fekk på oss noko som kunne minna om reine klede og forta oss ut i vestibylen. Og heilt rett, der sat karen og venta… Pinleg! Men han var tydelegvis berre glad for å ha noko å gjera på og køyrde oss inn til sentrum medan han fortsette å reklamera for alt og ingenting.

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter litt att og fram satt han oss av utanfor ein stor butikk som solgte det meste… Og der vart me verande. Lenge. Det vart handla både det eine og det andre – både smart og mindre intelligente kjøp. Etterpå var det ut på sightseeing i gatene – med hendene fulle av shoppingposar. Ikkje spesielt smart det heller. Det er både ukomfortabelt og inviterar til å bli robba… Så me skjøna snart at det beste var å finna ein stad å eta middag og sjå på folkelivet. Lettare sagt enn gjort… Til slutt enda me som einaste gjester på noko som mest av alt likna på eit gatekjøkken i Indre Sogn. Bortsett frå menyen då – den var totalt uforståeleg. Men etter litt dikkedering med innehavaren meinte me at me hadde klart å bestilla curry med kylling til heile gjengen. Så der sat me då med alle posane våre og kikka på livet. Bilar, syklar, folk, reklameplakatar – alt med ein pussig form for orden. Camilla måtte ein tur i ein minibank etter meir cash, og det viste seg å vera ei heil utflukt i seg sjølv. Det var ikkje mogeleg å få vita kvifor, men det var heilt tydeleg at det var nokon minibankar ein brukte – og nokon ein haldt seg langt unna. Fleire stader var det to minibankar rett ved sidan av kvarandre – og framfor den eine stod det ein laaaang kø, framfor den andre var det heilt folketomt. Så med rådet om at ”when in Rome – do as the Romans” langt framme i panna var det berre å stilla seg i den lange køen. Det tok si tid – og eg veit framleis ikkje kvifor…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vel heime på hotellet var det tid for SPA på oss damene. Camilla hadde bestilt ansiktsmassasje, Edle og Vilde manikyr med lakking av negler. Me hadde stor tru på at dette skulle bli stor stas og ei fin siste oppleving på turen vår. Det blei noko rart… Vel var hotellet fint og nytt – men ”SPA-avdelinga”… Eg har vel klaga meg litt på standarden på massasjestaden i Sapa, men den var luksuriøs i høve til dette! Det var trongt, lukta vondt, var skittent og minna mest av alt om eit overfylt lager! Hønemor var veldig glad for at me var inne samstundes alle tre slik at eg hadde eit snev av kontroll på kva som skjedde! Ansiktsmassasje skal vera avslappande og beroligande. I staden låg eg som på ei nålepute den timen det varte. Ein ting var lokala, ein annan ting var massøren… På Fiji går menn gjerne i skjørt, det er del av tradisjonen deira. Og med skjørt og utringa bluse, øyenskygge, lepestift, lange negler og langt hår, var karen ein av dei vakraste damene eg såg på turen… Men han heite Charlie og var altså ein mann. Litt urettferdig når han er meir feminin enn underteikna!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA

SPA-behandlinga gav ikkje det ønska resultatet om ro og fred, så då var det heller på tide å testa baren på hotellet. Kvar skal du bestilla paraplydrinkar med eksotiske namn om ikkje på Fiji? Som sagt så gjort, og med på kjøpet fekk me besøk av ein kar som skulle ha oss med på eit businessforslag. Kva det var var heller uklårt, men rike kunne me bli. Dumt me ikkje hadde høve til å høyra meir om dette…

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

Flyet vårt vidare heimover mot Europa skulle gå veldig tidleg neste morgon, så me tok ein tidleg kveld og gjekk opp for å pakka sakene våre att. Den ekstra plassen me hadde fått ved å donera klede og bøker til room service på Savusavu var no fylt opp av dagens shopping. Godt då at me no var ferdig med dei små flya og igjen kunne dra med oss 23+10 kg per pers! Neste stopp Hong Kong!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s