Kokosnøtter – og rotter? – i paradis

Savusavu… Berre namnet gjev gode assosiasjonar! Det syng av mystikk, fjerne himmelstrøk, ro, fred og eksotiske opplevingar. Så me må vel innrømma at me vart litt skuffa sånn til å begynna med… Der stod me då – midt i ei travel gate (den einaste…), med mange gamle, bråkete bilar, to rekker med toetasjes hus fylt til randen med reklameplakatar og masse folk som kikka nyfikent på oss. Ikkje så rart kanskje – me tre jentene skilte oss veldig ut med det lyse, bustete håret vårt!

Fyrste oppgåve var å få tak i litt mat. Geir gjorde seg stor og sterk og vart att for å passa sekkane våre medan me tre andre rusla bortover gata i håp om å finna noko som likna på ein matbutikk. Savusavu var ein mykje større plass ein Taveuni, så etter litt trasking fann me ein stad som mest av alt likna på ein butikk i gamle Sovjetunionen: Tilsynelatande grei nok, men ved nærare ettersyn nærast tom for det meste. Me fekk likevel bunkra opp noko som likna på brød, noko me meinte måtte vera juice og eit par pakkar kjeks. Frukosten var redda. Tilbake hos Geir var det til å praia ein taxi som hadde plass til alle fire reisande og alle åtte sekkane… Taxiane på Vanua Levu er eit kapittel i seg sjølv: Dei har nokre heilt hysterisk mønstra setetrekk – beskytta av tjukk plast. Ein blir bilsjuk av synet og våt og klam av kombinasjonen varme og plast. Men sjåførane meiner tydelegvis at det er slik det skal vera!

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

Staden me skulle bu låg kun fem dollar utanfor ”byen”. Det var ei samling små hytter i fijiansk stil, eit symjebasseng, ein liten kafé og fint lite anna. Me fekk ei hytte med to bad og to soverom, eit kjøleskåp, ein lag terrasse på framsida og nydeleg utsikt. Igjen følte me at me hadde hamna ein stad i paradis! Vilde var ikkje heilt einig etter at ho hadde vore ein tur i bassenget; det var ein froskefamilie i sluken på dusjen ved bassenget! Dei budde tydelegvis nede i røyret, for kvar gong me skrudde på vatnet dukka dei opp av sluken og skulte stygt på oss. Små froskar altså… Så Vilde nekta å dusja der. Godt då at me også på Daku Resort hadde fått sånne kjekke ”utedusjar” på badet; veggar og varmt vatn, men ikkje tak. Ikkje så gjennomført flotte som på Taveuni, men heilt brukande. Me fekk etter kvart også mistanke om at me hadde andre husdyr på besøk: Innimellom kom det ei heilt forferdeleg lukt inn i det eine rommet i hytta vår. Gardsguten Geir meinte bestemt det lukta død-rotte-i-veggen… Me snudde opp ned på alt inventar utan å finna opphavet til lukta (men fann mykje anna…), og etter å ha prøvd å få personalet til å ta affære utan hell slo me oss berre til ro med at slikt må ein berre leva med når ein reiser så pass utanfor allfarveg…

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

Litt ut på ettermiddagen utstyrte me oss med hovudlykter og gjekk inn at til sentrum. Me hadde fått anbefalt ein restaurant av vertskapet på Taveuni – og for ein restaurant! Pitte liten, bortgøymd i enden av noko som såg ut som eit lagerbygg, med vaklevorne stolar, skitne dukar, uleselege menyar, fantasisk utsikt over bukta då det mangla to veggar, den beste curryen me smakte på heile turen og ei kjempekoseleg vertinne! Det var så me ikkje hadde lyst til å gå! Under måltidet fekk me litt kjensla av at dei andre gjestene og ansatte tiska og kviskra om oss – og det skulle visa seg å stemma: Me var den store snakkisen i Savusavu den dagen – det hadde vore sak på radioen om den utanlandske familien på fire som var komne med båten og bussen frå Taveuni den dagen – det var to vaksne og to små jenter med det mest fantastiske håret nokon sinne! Mette og nøgde og med nyvunnen kjendisstatus kapra me oss ein taxi heim til hytta vår og sovna som steinar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

Turen vår går mot slutten, og me kjenner på at me må få med oss ALT før det er slutt. Så difor leigde me oss ein båt med kaptein og la ut på sjøen i håp om å finna ei skikkeleg paradisstrand. Og det gjorde me. Berre oss, kvit sand, palmar, korallar, gullfisk, blå sjøstjerner – og kokosnøtter rett frå palmen! Det er noko eige med å stå i varmt stillehavsvatn med gullfisk symjande rundt deg medan du et kokosnøtt som du sjølv har rista ned frå treet, skrelt og knust. Det må vel kallast lykke og fred?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

Elles gjekk dagane med til å lesa litt, bada, kikka på alle dei store edderkoppane som kom fram om kveldane, eta god mat og slappa av. Eller – me hadde også ei litt mindre god matoppleving: Me tenkte me skulle eta pizza den eine kvelden. Sultne og klare for noko anna enn ris og curry bestilte me to store og ein liten pizza på deling. Utan å sjekke kor store dei eigentleg var eller om dei såg bra ut… Utsjånaden var ikkje så galen, men dei var så store! Me har vel aldri sett så store pizza nokon sinne – og sjeldan smakt så dårleg pizzasaus. Det var beint fram ikkje etande! Ganske så flaut når du sit der med meir pizza enn det er plass til på bordet – og ikkje klarar å få ned ein bit! Godt då at også denne restauranten mangla minst to veggar og stod på pålar ut i bukta. Det vart ein del pizza på fiskane som vaka under golvet! På vegen heim hadde me stor underhaldning med ei mus som var innesperra i eit utstillingsvindauge i ein av butikkane. Me kjøpte ikkje mat der…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA Photo 01.08.13 17 43 39

Avreisedagen kom sjølv om me stritta i mot så godt me kunne. Me pakka sekkane – men fyrst hadde me ei stor opprydding der me la frå oss det me hadde av klede, utstyr og bøker som me ikkje hadde bruk for lenger. Håpet var at nokon kunne bruka det sjølv om det ikkje lenger hadde verdi for oss. Det vart ein fin stabel med barnetøy til vaskehjelpa og litt betre plass i sekkane våre. Me hadde jo ein mistanke om at me måtte på vekta igjen på flyplassen, så litt mindre bagasje var ikkje så dumt…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Flyplassen på Savusavu var ikkje større enn den me hadde landa på på Taveuni; ei asfaltert stripe, ei lita brakke med eit par meter gjerde rundt, to bord med smykke for sal, ein cola-automat – og ei vekt… Men det gjekk bra– ingen tillegg for ekstra vekt denne gongen! Flyturen tilbake til hovudøya vart like eksotisk som ferien den markerte slutten på. Flyet hadde plass til 12 passasjerar – og direkte innsyn i cockpiten! Me fauk over blått hav ispedd kvite sandbankar og grøne korallrev – og kjente veldig på at no var nasen vendt heimover.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s