Mellom-Amerika med sekk på ryggen – sommaren 2015

Opp og hopp – og ut på tur! Dagen starta heilt som vanleg; vekkerklokke, frukost, jentene på skulen, Camilla på heimekontoret med strategirapportar og telefonkonferanse og Geir litt avvikande frå normalen – han rydda hus og pakka sekkar. Kvart på 10 var gjengen samla att og klare for avreise. Med standsmessig transport, privatsjåfør Thor, kom me oss smertefritt til Flesland.

image

Og innsjekking og sikkerhetskontroll var heller ikkje verre enn ein kan venta når ein skal mellomlande tre gonger på turen… Bergen – Amsterdam er ein heller kjedelig tur; spenninga var knytta til kor lang køen til passkontrollen på Schipol ville vera. Der har me erfaring med laaaange køar og stor fare for å vera ein av dei som vert ropt opp med påhenget “you are delaying the flight!”… Med berre ein liten time å gå på var dette litt skummelt, men på tross av eit digert asiatisk reisefølge kom me oss likevel igjennom på akseptabel tid. Rakk til og med å få handla myggspray med 50% deet, så no er me rusta for myggen i jungelen i Guatemala.

image

Turen over atlanteren vart som venta lang. Det er ikkje så lett å få lagt seg til å sova når kroppen er fullt klar over at klokka berre er rundt barneTVtid og ein er på tur ut i det ukjente. Og så var det så mykje god servering ila turen! Me har klaga mykje på KLM opp gjennom tidene, men serveringa på denne turen var noko av det beste me nokon sinne har fått på turistklasse! Edle håpar det er samme kokken på heimturen i august!

image

Litt i halvsvima kom me oss greit gjennom imigrasjonen i Houston. Siste fly vidare gjekk ca samstundes som me landa, så me har måtta ta ei natt på eit rimeleg hotell rett ved flyplassen. Som vanleg starta hotellopphaldet med diskusjonen om det var slik at når me hadde booka rom for fire verkeleg ville ha senger til fire eller om det kunne halda med to. Nett dette er me veldig erfarne på, så vips hadde me eit anna rom – med to queen size senger. Og så var det eit lite basseng utanfor, så dei to tøffaste av oss (gjett kven…) tok ein dukkert i håp om å utsetja innsovningstidspunktet noko. Nett det å sovna gjekk veldig greit, verre var det at me vakna alle saman kl. tre på natta… Då meinte kroppane våre at det var på tide å stå opp – klokka var jo tross alt 10 heime i Noreg!

Då det omsider vart morgon også for andre enn oss fire døgnville nordmenn, var det ut i varmen og over på frukostrestauranten – dvs nokre stolar og bord, ei tom kaffikanne, fint brød, nokre pakkar søtt druesyltetøy, EIN pakke smør, ein juicedispensar ute av funksjon (me skulle sikkert ha kjøpt drikke i resepsjonen), sukkerbomber og ei diger vaffelpresse. Som jentene sa; “håpar dette ikkje er sånn frukosten blir dei neste vekene!”

Om opplevinga av flyplassen i Houston var positiv dagen før vart no endå rarare i dag. Det var jo mest ikkje kø nokon stader! Litt att og fram i sjølve innsjekkinga då det omsider vart klart at det ikkje var opna for innsjekking på vår flight endå. Me har vel aldri vore så tidleg ute at me har fått den beskjeden før! Så mykje for gode råd frå dei lokale om å stilla opp tre timar før. Me hadde vore skikkeleg uskikkelege og drøyd til to og ein halv time før avgang, men enda då altså opp med å måtta sitja og venta på at det opna. Ja, ja, så kan me det også.

Mexico City neste! Og då kom kaoset. Skikkeleg. Det gjekk i og for seg greit å komma seg av flyet og gjennom store delar av flyplassbygningen. Så var det ned ei trapp og ut i hallen for passkontroll. Og då var det gjort. Me har høyrt at “kø” på engelsk er “line”. Men her var det eit sneglehus. I alle tydingar av ordet. Framfor dei to – 2 – skrankane som var opne var det fyrst seksten sløyfer med køordnarar. Dette var ikkje på langt nær nok til å halda orden på dei 500-600 passasjerane som skulle gjennom kontrollen. Så køen fortsatte ut på golvet – i ein sirkel som svinga seg innover; sistemann måtte følga køen rundt og inn og inn og inn og inn – det var beint fram komisk, det var ikkje få som spurte om det var ein kø eller om det var ein sirkel utan ende…

image

Og som venta – i Latin Amerika er det ikkje mykje tysk effektivitet. Ingen ansatte å spørra, ingen som haldt orden, ingen info og berre ein haug lett hysterisk reisande som lurte på om dei hadde håp om å rekka flyet sitt vidare. Me prisa Kilroy for den erfaringa dei har som hadde gjort at me hadde fly vidare etter 3,5 timar – ikkje èin som dei flest andre. Det haldt med ein naudskrik! Me stod to fulle timar i sneglehuset før me oppdaga nybegynnarfeilen med at me berre hadde fyllt ut halve imigrasjonskjemaet og måtte ut av køen for å fullføra det. No med hjelp av ein flyplassansatt som tydlegvis var redd ho ikkje skulle bli kvitt oss. Vel gjennom kontrollen var det å leita etter bagasjen som jo hadde vore på bagasjebandet for over to timar sidan. Heldigvis var det ingen som hadde funnet sekkane våre særleg spanande, dei låg henslengt i ein krok av ankomsthallen.

image

Ikkje før hadde me lempa dei opp på ei vogn for å leita etter ny innsjekkingsskranke kom det ein annan flyplassansatt bort, tok all bagasjen og la på sprang. Brått verka det som om det var tysk effektivitet likevel… Fem minutt seinare var me ferdig innsjekka på neste flight, og bagasjen var avlevert. Overmodige etter den siste hendinga fann me oss ein restaurant som lova dei kunne få maten på bordet ila ti minutt. Som vart til femten. Til 20, til 25. Då var det berre å reisa seg, be om å få maten NU – som take away – og leggja på sprang. Det var nemleg berre 16 minutt til avgang. Heseblesande kom me til gaten – og oppdaga at det ikkje var lov til å ha med mat ombord. Men me har no vore på tur før! Så boksane forsvann ned i sekkane før me strena på flyet. Fann plassane våre og rigga oss til med maten medan kabinpersonalet stressa med å gjera klart til avgang. Eit par sure blikk kunne ikkje stoppa oss frå å endeleg få i oss litt fast føde!

Fyrste etappe nærmar seg slutten – me er snart klare for Mexico, fyrste stopp Cancún.

image

Advertisements

One thought on “Mellom-Amerika med sekk på ryggen – sommaren 2015

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s