Late dagar på Isla Mujeres

Sekkane er pakka og rekninga oppgjort – no er det å finna vegen ut på Isla Mujeres. Me er tipsa om at det enklaste er å reisa frå ei havn litt nord for Cancún kor båtane skal gå rimeleg ofte. Så då er det berre å våga seg ut i varmen og praia ein taxi. For det er varmt. Veldig varmt for oss frosne bergensarar som vel ikkje har sett 20-talet på gradestokken i 2015. Her er det offisielt 30 grader, men kjennes ut som innsida av eit bikram yoga studio (det veit jo Camilla alt om…). Men me klarar å halda hovudet så pass klart at me finn både taxi, kai, billettluke og båt.

Båten liknar litt på dei som gjekk i Sunhordlandsbassenget før i tida – bortsett frå at det myldrar av folk på det øvre, opne dekket. Me tek følgje med dei feststemte lokale som er på veg ut på øya på dagstur – kun medbringande kjølebaggar med cervesa (nb v vert uttalt b på spansk, så øl vert uttalt “serbesa” altså!).

image

Stemninga er stor på vegen over, og vert ikkje lågare av at det sit ein kar og syng og spelar gitar; tydlegvis sviske på sviske, for det er allsang og dansing og store smil. Vel over finn me rask ein kar som kan fortelja oss at hotellet vårt ligg “sånn cirka der”, så då er det berre å gå. Så fire svette nordmenn og fire mellomstore sekkar ruslar gjennom gatene på jakt etter Hotel Sol Caribe. Det er oss, nokre tynne kattar, masse sol, ein del syklar og ein haug golfbilar som fyller dei smale gatene. Og så karibisk musikk frå alle cafèane då – saman med tilrop om me ikkje skal kjøpe noko å drikke/eta/ta med heim/sightseeing eller anna.

image

Etter ein bomtur rundt kvartalet finn me skiltet med hotellnavnet på og listar oss inn i eit smug og opp ei trapp. Der står det “Recepsión” på ei stengt dør – men eit anna hotellnavn. Så me listar oss ned att og tek ein ny runde rundt kvartalet. Og det er framleis over 30 grader og steikande sol – og sekkane er blitt dobbelt så tunge di siste 15 minutta… Men konklusjonen er den same etter å ha “snakka” med forskjellige lokale butikkeigarar, så me går inn i smuget att. Og denne gongen kjem ein fyr og spør om me skal bu på Hotel Sol Caribe. Når han i tillegg viser oss inn på eit stort rom med AC, kjøleskap og frys!, er gleda stor.

Isla Mujeres er ikkje store øya. Frå takterrassen på hotellet ser me havet på tre sider.

image

Eine dagen leiger me oss ein golfbil og køyrer i den siste retningen (det er vel også det næraste Geir kjem sporten golf…). Det tek ca 15 minutt, så ser me havet også i den leia.

image

Stemninga på øya er laid back, med høg partyfaktor på strendene og elles lite anna enn sol, sommar og breide smil. Me har late dagar med strandliv, bading i vatn som sikkert held 28+ grader, besøk på ein stad der dei driv oppdrett av skilpadder, ein lokal basketballkamp, lange restaurantbesøk med masse god mat og drikke og elles fint lite.

image

 

image

Det gøyaste er å køyra golfbil og testa ut diverse mexicansk mat. Eine dagen dreg me ut med ein liten båt og snorklar på forskjellige stader på vestsida av øya. Det er nesten som å dykke i eit akvarium; veldig klart vatn og mykje rare fiskar. Og så har dei laga eit undervannsmuseum! Dei har rett og slett plassert ei mengd statuar inkludert ein som ser ut som ei VW boble på botn av havet. Og så dykkar eller snorklar du for å sjå dei. Rare greier!

image

 

image

 

image

Me merkar at det er lenge sidan me hadde særleg med sol på kroppen, så me er rett og slett blitt solbrente. I tillegg har enkelte av oss fått soleksem, så me prøver å halda oss litt i skyggen. Ikkje så lett når sola står rett over oss… Eller når me får tilbud om å bada med to haiar! Og me gjer det! Berre sjå beviset under!

image

Det var meininga å vera her ute i tre netter. Me utvida det kjapt til fem, men no synes me det får vera nok. Me har ikkje budsjett til å gjera slik dei rike gjer her; leiger ein diger båt (MED mannskap sjølvsagt…), fyller den opp med drikkevarer, legg seg til med dregg ved den kulaste stranda, inviterar med ein haug med folk, skrur stereoanlegget på full guffe og blir liggande og feste heile dagen. Så me har googla oss fram til ein bussavgang sørover kysten. Neste stopp blir strand- og ruinbyen Tulum!

image

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s