Mayaruiner, cenoter – og laushundar

All bagasje er igjen pakka og det er på tide å finna vegen sørover. Saman med skuleklassar og ein og annan turist reiste me motstraums med hurtigbåten tilbake til fastlandet, praia oss ein taxi til busstasjonen (han kunne forresten køyra oss heilt til Tulum for 100 USD) og brukte vårt småleg stigande ordforråd på spansk til å kjøpa bussbillettar til Tulum, ca 2,5 time lenger sør. Møtet med bussane i Mexico var overraskande bra. Gode seter, AC!, OK standard på vegen (men usannsynleg kjedeleg; rett fram med skog på båe sider…) og ein sjåfør som kunne bruka alle gira og viste at det var OK å halda jamn fart, ikkje gassa på for så å bråbremsa etter 10 meter. Gode greier – me hadde beint fram ein god tur sørover.

Gatebildet i Tulum var ikkje heilt som me venta; me hadde nok venta oss noko liknande byane på solkysten i Spania – dette er ein av dei mest vanlege feriestadane for amerikanarar med litt pengar. I staden fekk me assosiasjonar til turen vår til Tanzania for mange år sidan; breie støvete gater med hus av varierande kvalitet, ølreklamar, søppel, laushundar og taxiar som sig rundt på jakt etter kundar. Me fiksa oss raskt ein mann som tok oss til hotellet for 25 mexikanske – dvs 13 kroner…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Igjen er me godt nøgde med hotellet; to rom pluss bad, AC, TV (alt dubba til spansk…), minikjøkken med kjøleskap og varmt vatn i dusjen. Når det i tillegg er ganske reint og billeg er me godt nøgde. Sleng på eit godt måltid på argentinsk biffrestaurant og eit par episodar av Friends på Nettflix så har du ein god dag for gjengen frå Casa Vikane. Så får det heller vera at dei blei ei heller uroleg natt – ACen vår dura verre enn eit dieselaggregat, men me blir vel vant til det…

Dag to vart brukt til å bunkra litt opp med mat og drikke. Det viste seg at den inkluderte frukosten på hotellet bestod av eit par pakkar kjeks, kaffi og ei skål med epler. Servert i trappeoppgangen, også kalla “upstairs terrasse”…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Me hadde også ein flott tur til Grand Cenote. I Mexico renn dei fleste elvane under bakken. Nokre stader kollapsar taket på elva slik at det vert ope ned til vatnet. Dette kallar dei cenotes. Fleire stader kan ein svømma mellom fleire slike cenoter under bakken, endå fleire stader kan ein dykka mellom dei. Grand Cenote var ei av dei større cenotene i området. Krystallklart vatn, litt fisk, eit par skilpadder og veldig fin temperatur. Veldig kjekt å svømma mellom eit par grotter og sjå på stalakittar og diverse fisk!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Me traff også på eit par frå Bergen som bekrefta at me hadde gjort rett ved å velga Isla Mujeres og ikkje Isla Holbox. Den siste er kjent for turar for å svømma med kvalhai – men dei var blitt rundlurt og hadde ikkje sett ein einaste kval…

No var det blitt mykje kultur, saltvatn, cenoter, støv og varme, så me bestemte oss for å ta turen til Xel Ha. Det er eit “badeland” laga rundt ein naturleg lagune. Der betalar ein flesk for å få komma inn (men så er det “all inclusive”…), kan driva i baderingar ned ei elv, hoppa frå høge fjellhyller, snorkle, ta zip-lines over elva og mykje anna gøy. I verkeleg flotte omgivelsar. Og så kan ein gå på havbotnen iført “dykkerklokke” på hovudet! Kjempegøy – og veldig annleis. Me var klare då dei opna – og var av dei siste ut av parken etter stengetid.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter slike kommersielle utskeiingar var det igjen på tide med litt av det gamle Mexico. Tulum er mest kjent for mayaruinane på stranda. Tulum betyr “Vegg”, og ruinane i byen har vore del av ei festning mot fiendar som kom sjøvegen. Me leigde oss ein guide og fekk ei interessant innføring i mayakulturen og historiane knytta til ruinane.

IMG_0944-0
Berre synd det var så varmt at me nesten smelta. Det er ikkje heilt for oss vestlendingar å vera ute i +30 grader når sola står rett opp… Så då me var ca gjennomkokt tok me ein taxi til ein strandrestaurant der me kunne kjøla oss litt ned og få oss litt mat. Diverre blei me litt for mykje nedkjølt… Medan me gjekk på stranda kom det brått ein laushund og skremte Edle så pass at ho la på sprang rett ut i havet for å sleppa unna hunden – med han far på slep. Resultat? Ein øydelagt mobiltelefon, eit øydelagt kompaktkamera og eit øydelagt speilreflekskamera. Kjedeleg start på turen – me har mykje spanande framfor oss som ikkje kjem til å bli dokumentert slik det fortener…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Opphaldet i Tulum vart avrunda med ein tur til ein annan cenote – Cenote dos ojos. Ikkje så flott som Gran Cenote, men deilig klart vatn med gratis, naturleg fotspa med sånne fiskar som nappar vekk hud frå føttene… No pakkar me sekkane igjen og flyttar oss endå lenger sørvest. Laguna Bacalar neste!

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s