Tilbake til kolonitida i Laguna Bacalar

Laguna Bacalar – sjøen med dei sju fargane – ein innsjø med klårt ferskvatn i mange ulike variantar av grønt og blått. Sånn passeleg plassert på vegen vår sørover mot Belize. Litt på impuls booka me oss eit hotelrom og bussbillettar sørover – og brått stod me på gata med sekkane på ryggen, sola steikande midt over hovudet på oss og eit hotellnamn på leppene; Hotel Laguna Bacalar, skikkeleg oppfinnsomt! Men flott var det! Det var som å verta flytta inn i ein eller annan film frå kolonitida til England; søyler og gangstiar, mørkt rekkverk og kvitbeisa fasadar, store vindauga og ei fantastisk utsikt. Me måtte beint fram flire litt over kor budsjettet vårt hadde tatt oss – me følte oss som reine kongane på tur til India for hundre år sidan. Så fekk det heller vera at det innimellom kunne verka som om det var ca hundre år sidan hotellet var vedlikehaldt sist og at maten var heller skral. Utsikt, basseng og stemninga gjorde likevel at me var storfornøyde med fasilitetane.

image image

Me hadde oss ein tur med båt på sjøen og fekk snorkla i ein ny cenote, denne gongen eit synkehol som var del av sjølve innsjøen – Big Black Hole; sirkelforma og 90 meter djupt medan sjøen på kanten var berre ca 1,2 meter djup. Spooky! Me var også ein tur og bada i Pirates Channel og kikka på mange flotte bygg rundt sjøen. Heldigvis fekk me selskap av eit par frå Mexico City som kunne nokre ord på engelsk – guiden kunne verkeleg ikkje eitt einaste ord… Men det aller beste var likevel å sitja utanfor rommet og berre nyta utsikta og roen på staden.

image image

Det har elles ikkje vore dei store utskeiingane med oss. Det er skralt med pesos i lommeboka, så det er veldig greit å berre bli på hotellet og betale med Visa… Elles må me fyrst ta taxi til ein minibank og så vidare til restaurant for så å ta taxi heim. Nei, feriemoduset har tatt oss, så me blir her ved bassengkanten…

Me har også etter diverse språklege utfordringar klart å få tak i ein taxi som skal køyra oss til byen Chetumal på grensa til Belize. Der håpar me å få plass på ein båt til Caye Caulker, ei lita øy ein times tid ut frå kysten av Belize City.

image

Advertisements

One thought on “Tilbake til kolonitida i Laguna Bacalar

  1. Takk for fantastiske reisebeskrivelser og bilder! Vi nyter den norske sommeren i 10 grader og fleeze… I dag har jeg faktisk kløvd ved.

    Mvh Atle

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s