Ut på havet i tropisk torden og vind

Ut på landeveien igjen! Me var litt spente på om det ville dukka opp transport vidare sør til Chetumal; det var ingen på hotellet som snakka engelsk og spansken vår er noko minimal trass i at Vilde har hatt det eit år på ungdomsskulen og Camilla har hatt eit år på kveldskurs. Men med dei glosene me kan, ein liten parlør og google translate er det rart kva ein klarar å få til! Me susa sørover i ein skranglete taxi utan sikkerhetsselar i baksetet på rustikke vegar. Eigentleg er me positivt overraska over vegane her nede, dei er på langt nær så dårlege som me har lest om på førehand. Dei fleste har fast dekke (utan hol!), hovudvegane har midtdelar og gjerne to filer kvar veg. Og tre om ein reknar med vegskuldera som gjerne vert tatt i bruk… image

Vel framme i Chetumal fann me raskt fram til byrået som køyrer båt ut til Caye Caulker. Litt akedering og fakter og forsøk på å seia at me hadde snakka med ein fyr på telefonen (Who? The guy who picked up the phone..?), og vips så hadde me fire billettar via San Pedro til Caye Caulker. No var det berre å få seg litt mat og så passera imigrasjonen. Begge delar lettare sagt enn gjort… Chetumal må vera ein underleg by – me sleit rett og slett med å finna ein stad å eta! Så me rusla rundt i til tider verkeleg HØLJANDE regnver og shoppa litt og leita etter restaurantar. Etter ein drøy time hadde me lokalisert to sjapper, ei med kinamat liggjande ope på ein disk og ein kor dei ikkje var eit einaste menneske – hverken gjester eller ansatte. Me satsa likevel på den siste og rusla rundt i lokalet og sa “Hola?” ei stund før det dukka opp både serviør og kokk. Men sjølvsagt ingen engelsk meny eller engelsktalande ansatt. I tillegg hadde me lite cash att (sjølvsagt – me skulle jo bytta land og med det valuta!), så det blei dei 196 pesosane me hadde som avgjorde kva me peika på i menyen. Og sidan det (som vanleg) ikkje stod drikkevarer i menyen, fann me ut at me fekk dela to flasker cola. Trur servitøren syntes me var eit underleg følgje… Me hadde fått streng beskjed om at imigrasjonen var open frå 13:30-14:00 og at me måtte vera presise. Og det var me sjølvsagt. For å så bli sitjande i kø fram til den verkeleg opna kl. 14:15. Og då det endeleg var vår tur oppdaga me at papira våre frå Kilroy ikkje var gode nok, me måtte versågod betala utreiseskatt på 25 USD per pers på nytt. Pengar me ikkje hadde… Så då var det ut av køen og på sprang til minibanken for så å havne bakerst i køen igjen…

image image I mellomtida hadde det skya noko veldig til. Himmelen var heilt grå, det blas kraftig og det lyna og tordna. Me var litt bleike om nebbet med tanke på at me no skulle ut på det opne havet i to til tre timar – i ein etter vår meining liten båt. Men må man, så må man. Me klatra ombord saman med ca 15 andre, inkludert to hyggelege tyske jenter som me kom i snakk med på kaien (meir om desse seinare…). Heldigvis vart overfarten mykje betre enn me hadde frykta. Båten viste seg mykje meir sjødyktig enn han såg ut, og me merka ikkje noko til hverken lyn eller torden. Båten gjekk via San Pedro for ny runde med imigrasjon. Me vart satt i land på ein kai, og måtte via ikkje mindre enn tre skranker før me var tilbake på samme kaien igjen. Ny runde med pengeutfordringar vart det også; det viste seg at me måtte betala for å komme oss INN i Belize også… Heldigvis vart me fyrst tilbudt å låna pengar av tyskerane før me oppdaga at innreiseskatten var på heile USD 1,5 for oss over 12 år, og SÅ pass dollar hadde me med i sekken! Så då var det bare å venta på at båten som skulle ta oss vidare til Caye Caulker skulle dukka opp slik at eventyret kunne fortsetja. image image

Me gledar oss verkeleg til dei neste vekene – om to dagar kjem Hanne, Rune, Oda, Synne og Henrik, det skal bli veldig kjekt med reisefølge!

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s