Kvadratur, gitter, brustein og bakgårdar. Altså Antigua.

Antigua. Alle har høyrt namnet, dei færraste hugsar heilt kvifor… Og for å hjelpa litt – vanlegvis er det enten snakk om øyriket Antigua og Barbuda, elles så er det den tidlegare hovudstaden i Guatemala og for endå lengre sidan hovudstaden i eit samla Mellom-Amerika. Ein flott koloniby på verdsarvlista til Unesco med ein lang historie å fortelja.

Sånn med ein gong ser byen litt lukka og kjedeleg ut. Han ligg nede i ein dal mellom fire vulkanar. Byen er laga etter ein plan, så gatene er organisert i kvadraturar; gatene går nord/sør og aust/vest. Alle. Og dei har namn om dei ligg sør/nord for hovudgata (gate 1 nord, osv.) eller aust/vest for den andre hovudgata (gate 5 aust). Smart (men kjedeleg) når ein fyrst finn ut av det. I tillegg ligg også dei fire vulkanane i kvar sin himmelretning, så det er ganske greitt å navigera seg gjennom byen. Det er litt som å halda retninga i Bergen ved å halda orden på kvar Ulriken er – skjønt den høgaste vulkanen her er godt over 3.000 meter høg… Gatene er av vulkansk brustein, og får komforten og kvaliteten på bergensk brustein til å framstå som fantastisk… Me kunne ikkje køyrd mazdaen vår i desse gatene for å seia det sånn… Innimellom er det ikkje stor forskjell på eit elveleie og gatene her… Husa er på ein til to, maks tre etasjar (jordskjelvområde…) og fasadane er ganske kjedelege, berre krydra innimellom med flotte dører me utskjeringar eller gitter… Det er veldig tydeleg at dører og veggar er til for å halda folk UTE, ikkje invitera dei inn… Men når du vågar deg inn ei av desse dørene kjem du ofte til ei heilt anna verd. Inne i dei store områda mellom gatene ligg det flotte gardsrom og hagar med dei rolegaste og innbydande restaurantane, småbutikkane og hotell du kan tenkja deg. Veldig spesielt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Brustein…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter å ha rista liv i både nattevakt og kokk og fått plassert bagasjen under eit bord og ete litt frukost tok me beina fatt og gjekk for å utforska byen. Antigua er ikkje nokon storby i vanleg forstand (det bur ca. 35.000 menneske der), men i forhold til Caye Caulker og Tikal var det jo enorme mengder butikkar, museum, folk og mykje rart å sjå på. Så me rusla rundt, stakk hovudet inn i rare butikkar kosa oss med at temperaturen var nede på nivå med norsk sommar. Planane for dagen var heller ulne, så etter å ha dumpa bort i ein bursdagsfeiring (ein haug med bilar med ballongar og høgtalarar som snigla seg rundt i byen!) fann me at me brått hadde ramla inn på eit sjokolademuseum som i tillegg arrangerte kurs i sjokoladelaging. Ein sikker vinnar for dei yngste i gjengen! Her fekk me innføring i historia til kakaoen, vera med å laga kakaoTE (nam!), kakao og sjokolade. Kjempegøy!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På sjokolademuseum – kor me lagar eigen sjokolade!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dagen vart runda av med litt passande god drikke for alle på det som var omtala som «byens beste takterrasse» før me gjorde eit kjempeval av restaurant for kvelden – ein pitte liten tacoplass rett bak hotellet vårt. Ca seks bord på pressa inn på 20? m2, nydeleg mat, god stemning og topp atmosfære! Me prøvde diverse lokale greier – inkludert øl med salt i. Ikkje noko me kjem til å gjenta…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Neste dag hadde me bestilt oss ein guide som skulle hjelpa oss med å forstå historia til byen. Ikkje hadde me rekna med at me måtte ha ein tolk som kunne hjelpa oss å skjønna kva guiden sa… Me hadde vore veldig klåre på at me måtte ha nokon som snakka godt engelsk – særleg dei ugifte i gjengen treng at engelsken liknar på det dei lærer på skulen… Karen som tok oss med ut på vandring snakka sikkert relativt bra engelsk, det var berre det at han aldri hadde vore i nærleiken av ein tannlegestol på tross av mykje kreativ tannstilling og diverse besøk av både Karius og Baktus og resten av slekta. Så det var rett og slett ikkje lett å skjønna kva språk han snakka. Me skjønte fort at ein av oss store måtte halda seg tett opp til fyren og så simultanoversetja til resten. Og så måtte me bytta på den jobben relativt hyppig då det var ei rimeleg krevjande oppgåve! Men me fekk likevel med oss både kyrkjer og katedralar, eit jademuseum, nok eit par flotte bakhagar, eit offentleg vaskeri og dei viktigaste severdighetane i byen. Og jammen dumpa me ikkje innom eit bryllaup i ei kyrkje også! Kvelden vart avslutta på ein knakande god italiensk restaurant og ein tur på takterrassen på hostalet vårt. I morgon har me planlagt ein tur på ein aktiv vulkan – der skal me grilla marshmallows på stien!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vaskeri!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Heile gjengen 🙂

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s