Me grillar marshmallows på stien og går på dansekurs!

Gårsdagens heftige runde med pruting, forsøk på å skjønna diverse rare versjonar av engelsk samt eit par stotrande forsøk på å gjera oss forstått på spansk enda med ein avtale om at me skulle plukkast opp av ein “private van” utanfor hostalet vårt kl. 10 for å tas med på tur på ein av dei store, aktive vulkanane som ligg rundt Antigua. Så etter at Hanne modig hadde knerta eit par kakelakkar i dusjen, og me hadde inntatt ein kjapp frukost sat me oss til å venta. Og venta. Og venta litt til. Me er fullt klar over at ein ikkje har det same forholdet til klokkeslett og avtalar og slikt her borte som heime (noko som eigentleg er litt befriande, innimellom…), men etter ein og ein halv time venting var me ikkje nett i perlehumør. Forskjellige folk kom med ulike bortforklaringar og lova oss “om fem minutt”. Som blei til nærare to timar. Då kom det humpande eit skaberakkels av ein van – om nokon hadde slått eit tau rundt den for å halda den saman hadde me ikkje stussa. Den offisielle forklaringa var no at den bilen me eigentleg skulle hatt hadde stoppa, og at dei hadde måtta bruka masse tid på å finne ein “ny”. Vår tolking av dette var at dei hadde gløymd heile avtalen, ikkje hadde bil og hadde spadd fram noko som likna eit framkomstmiddel frå søskenbarnet på Gjøvik. Men vil en på vulkantur kan ein ikkje la seg stoppa av slike bagatellar!

Me kraup inn, haldt oss fast og håpa på det beste. Turen til vulkanen Pacaya var sagt å ta 45 minutt. Det vart 90… Fyrst opp nokre bakkar, så gjennom nokre landsbyar, så ned att. Og så opp og opp og opp. Gjennom eit skiftande landskap med mykje kjekt å sjå på. Guatemala er eit land med store kontrastar – på den eine sida er det mykje som fungerar så greit og “vanleg” at ein ikkje tenkjer over kor ulikt det er Noreg. Men så ser ein brått den store fattigdomen og korleis folk bur i skur, kor lite dei har å hjelpa seg med og utruleg heldige me er som er født i Noreg.

Vel framme i landsbyen ved starten av turen opp på Pacaya hamstra me inn kjeks, nøtter og vatn og tok til på den ca 2 timar lange turen. Me kom ikkje langt før det kom ein drøss med karar med hestar som dei meinte me skulle ri på. Me prøvde å forklara dei at når me fyrst skulle på fjelltur på ein vulkan så ville me helst gå sjølve. Dette var visst heller gresk for dei, så dei fortsatte å insistera. At me som var så gamle (me vaksne altså) og så unge (dei fem sprekaste av oss) skulle orka å gå den strevsame stien oppover var visst heilt utenkjeleg. Så dei fulgte etter oss i nærare ein halv time før dei skjøna at dei ikkje kom til å få noko business og forsvann ned att.

Me hadde ein heilt grei guide med oss oppover. Han forklarte oss litt om planter og dyr i skogen me gjekk i, og også ein del om styresett og skikkar i Guatemala. Og så posta han på Facebook… Tydeleg at han syntes det var stas å gå på tur med ein gjeng som oss – det var nok beint fram eksotisk!

Turen oppover gjekk på godt merka stiar gjennom ein frodig skog. Innimellom kunne me sjå ut over låglandet rundt oss eller over til dei andre vulkanane i området. Innimellom dukka det opp små hytter av kvist – med skiltet “Restroom” på. Me gjorde ikkje bruk av desse…

Pacaya er ein aktiv vulkan. Denne sommaren har det vore så mykje aktivitet at ein ikkje får lov til å gå heilt opp på toppen, til det er det for mykje gassar i lufta og faren for flytande lava for stor… Så me haldt oss til anbefalingane og stoppa der skilta sa me skulle stoppa. Der fann me ein kar som skrelte epler og appelsiner med det me trudde var ei oppfinning frå Hardanger – sånn skrelledings kor du trer eplet inn på ei stang og snurrar rundt og rundt til alt skalet er av. Det var så spesielt at me trossa alle råd om å ikkje eta frukt utan skalet på – nokre sjansar får ein jo ta! Veldig godt og leskande der oppe i støvet og varmen!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Pacaya er mest kjent for dei mange aktive lavastraumane som renn litt sånn rundt omkring – og som ein kan grilla marshmallows på! Me fann oss eit slikt punkt, trakk fram posen med sukkerskum og tredde dei på nokre velbrukte pinnar. Og grilla dei på varm lava! Dagens høydare så langt!

Utsikt rett til toppen på vulkanen, nygrilla marshmallows og glede over litt fysisk aktivitet til tross; me hadde fleire planar denne dagen og måtte ta fatt på nedturen. Den gjekk i ein fei – passeleg bratt og veldig fin sti – me brukte knappe 45 minutt ned. Og måtte venta på guiden som trengte adskillig lengre tid… I tillegg hadde han innlagt i lønna at han skulle ha middag ved gate’n før han tok oss tilbake til Antigua, så han fann seg godt tilrette på kafeen medan me andre trippa rundt han og hinta om at me var rimeleg ute av rute etter å ha venta nærare to timar på transporten og brukt dobbelt så lang tid som planlagt på transporten… Men han var heilt roleg og tok den tida han trengte. Så då var det berre å vente – og fundere på korleis me skulle komma oss ut mellom alle dei parkerte vraka som var samla rundt vårt vrak…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Men omsider kom me oss ut på vegen att. Underteikna var ein smule stressa – eg hadde nemleg booka oss inn på salsakurs kl. 18! Berre oss – med eigen instruktør. Det var betingelsen for at mennene i reisefølgjet skulle bli med sånn ca frivillig. Så det vart ein køyretur med hjarta i halsen for om me skulle rekkja det. Dei andre transportetappene hadde meir vore prega av skrekk for å kræsja eller å køyra av vegen – no var det meir klokka som skapte høg puls. Endå høgare vart den då me vart sitjande fast i ein lang kø. Som viste seg å skuldast at eit overbygg over motorveien hadde ramla ned. Heime haddde det ført til stengt veg – her berre køyrde me under!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Då me nærma oss Antigua att var det på tide å deale med guiden vår. Han skjøna at tidsskjema for dagen var rakna pga han og selskapet han jobba for, så etter litt att og fram vart me einige om at dei skulle køyra oss til hostalet, venta på oss medan me vrengte av oss fjellkleda og fekk på oss dansetøyet – og så køyra oss til salsastaden. Så me sklei bokstaveleg inn på det såpeglatte golvet nøyaktig 15 minutt for seint. Ferdig oppvarma og utan at karane hadde hatt tid til å bli så veldig nervøse…

Og det viste seg kjapt at det var heilt OK at me var åleine… Me kan seia mykje godt om gjengen, men grasiøsitet og danseevne…? I beste fall tja… Men stor underholdningsverdi! Me lo så me rista – i alle fall dei fleste av oss. Og læraren vår – som hadde lokalet fullt av digre pokalar – skulle hatt Oscar for å ikkje bryta totalt saman og avskilta oss på staden! Det går rykter om at det finnes ein video av oss i ein eller annan mobiltelefon – den som får tak i den kan få seg ein særs god latter!

Letta, blide og litt småflaue lot me oss avbilda ved endt kurs. Trur gleden som viser på biletet kjem like mykje av lettelse for at det var over som av trua på at me no hadde noko å komma med på dansegolvet…

Likevel tok me oss ein kjapp tur heimom for å skylla av oss vulkanstøv og stressvette frå dansinga før me tok turen til ein restaurant med takterasse, live musikk og dansegolv. Me gjorde berre bruk av det fyrste… Medan me åt fann me wifi sterk nok til å få lasta ned Facebook. Då oppdaga underteikna at ein tidlegare kollega hadde “sjekka inn” på eit hotell rett borte i gata! Litt hektisk telefonering seinare vart det diverre klart at han hadde reist vidare for to timar sidan! Verda er ikkje så veldig stor alltid!

No er det på tide å gå heim for å pakka for avreise til Lago Atitlan. Det skal vera ein av dei vakraste innsjøane i verda – så me gler oss. Om berre transporten dukkar opp då… Me får sjå!

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s