Høgt og lågt i verdsmetropolen New York

IMG_5349(1)

Fyrste «vakne» dagen i USA var via til «Lower Manhattan». Og berre så det er sagt; økonomane tok IKKJE dei unge håpefulle med til Wall Street! Men Edle hadde eit ynskje om å sjå oksen («The Wall Street Bull»), så den var me bortom. Elles var det skyskraparar, gule drosjar, metro, kø og kaos. Og kinamat, Ground Zero, Seaside og Brooklyn Bridge før me ramla inn i ein taxi og kom oss heim til hotellet. Det var vist litt jet lag igjen likevel – i alle fall var det to store som sovna så snart me kom inn på hotellrommet. Men ikkje så lenge. Opp og hopp og ut att for «New York by night» – dvs Times Square. Me har tidlegare vore i folkekaoset i Ho Chi Min-byen, Hanoi og Hong Kong, men det er nesten like gale på Times Square om kvelden. Ei salig blanding av kø, drosjar, gateartistar og lysande reklameplakatar. Og M&M-butikk!

Dag tre starta med tre sovande jenter og ein mann på tredemølle i kjellaren… Så var det ut på tur igjen, denne gong i Midtown. Me tråkla oss gjennom gatene til Empire State Building og kom oss opp i tårnet utan alt for mykje kø, delvis av di me meldte oss frivillig til å gå opp trappene dei siste seks etasjane… Det er rimeleg rart å vera så høgt oppe og sjå ned på Manhattan Skyline. Og tenkja på kva dei som var her oppe 11. september 2001 må ha tenkt då dei såg flya som traff World Trade Senter rett framom dei. Me rakk også ein tur bortom huset Trump har bygd på 5th avenue. No vert det passa på av væpna politi…

Etter alt dette storbylivet kjøpte me med oss litt etande og gjekk inn i Central Park. Me seier at Bergen er ein flott by blant anna avdi me har naturen så nært. Men jammen er det spesielt å sitja på ein benk inne mellom blomar og dammar i Central Park og sjå skyskraparane reisa seg over tretoppane!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Lunsj i Central Park

Fredagen vakna me til eit høljande regnvêr. Det var nesten som om me var heime i Bergen att! Optimistiske som alltid sjekka me ut av hotellet kun iført shorts og t-shirts. Noko som resulterte i at me måtte springa det me orka over gata for å eta frukost – og så same vegen tilbake. Klissvåte måtte me fint be om å få den vekkstabla bagasjen vår tilbake slik at me kunne byta til tørre, varmare klede. Høgkultur måtte me også få med oss før me reiste frå metropolen, så me fann ein taxi og tok turen til Museum of Modern Art. Me er ikkje spesielt gode på slikt – mykje av det me såg var meir irriterande enn fint – men det er vel det ein kallar kunst? Det som skapte mest engasjement hos oss fire var to lerret som var malt med kvit husmaling. Og det var det… Det skulle visualisera eit speil; ein skulle fornemme personar i rommet, kva vêr det var og mykje meir ved å sjå på dei to kvite lerreta… Nei. Tull. Men svindyr kunst…

På tide å gjera noko anna – dvs. tilbake til hotellet, plukka fram bagasjen (igjen) og taxi til bilutleigefirmaet. Berre for å oppdaga at passa låg igjen på hotellet… Banning og steiking – og litt meir av det same då Geir oppdaga at atterhaldet «model not guaranteed» hos bilutleigefirmaet faktisk betyr nett det… Han hadde ønska seg ein Ford Mustang (noko som viste seg umogeleg å oppdriva), booka ein Chevrolet i luksusklassen – og endte opp med ei folkevogn. Rett nok i sportsklassen, men likevel… Ein smule skuffa og irritert var det berre å tråkla seg gjennom NY-trafikken tilbake til hotellet etter passa. Og så tråkla seg vidare mot nord. Me hadde nemleg meir (høg-)kultur på planen – baseballkamp på Yankee Stadium!

Ein langtekkeleg innsjekkingsprosess hos utleigeselskapet (Dollar!) og strafferunden etter passa hadde gjort oss skikkeleg forseinka ut i fredagstrafikken, så det var ikkje mykje til tempo på oss. Me valgte etter kvart å ignorera den amerikanske dama i GPS-en og heller stola på Camilla og den norske dama i google maps. Det viste seg å vera smart! Ein halvtime etter kampstart sjekka me inn på stadion, bare for å måtta snu og gå tilbake til bilen med videokameraet. Rockies! Men har ikkje amerikanarane oppdaga at du kan filma med mobiltelefonen og fotoapparatet?!? Edle og Vilde hadde teke eit lynkurs i baseball og satt oss to andre kjapt inn i det viktigaste. Og det vart faktisk ein kjekk kveld sjølv om me ikkje heilt fekk med oss kva som skjedde på banen. Det var gode tavler som opplyste om stillinga og eit fantastisk folkeliv. Det var cupfinale, MGP og 17. mai på ein gong. Folk såg ut til å vera like opptatt av å treffa kjente, eta og drikka som i det som skjedde på banen.

Halvanna time ut i kampen kom det ei skikkeleg regnbye. Då var det imponerande å sjå korleis dei rulla ut ein presenning som dekka det viktigaste området av banen. Mindre imponerande var det å sjå korleis dei gjorde banen klar til spel igjen etter ein drøy halvtime med plaskregn… Me er litt undrande til kor imponerande atletiske baseballspelarane eigentleg er, men banen skulle strøast og kostast og merkast og tørkast og strykast så det ikkje var måte på. Og alt skjedde i eit bedageleg tempo der det ikkje var mogeleg å sjå noko struktur eller plan. Men fint skulle det vera før spelarane kom ut at! Då var det meir imponerande å sjå kor kjapt den delen av stadion som ikkje var under tak (dvs. dei dyraste plassane nærast banen) vart tømt for folk då det byrja å regna! Med våre billege billettar høgt oppe under taket slapp me heldigvis å ta del i den folkevandringa. Kampen endte til slutt 9-4 til bortelaget. Takk for resultattavla – me hadde aldri klart å skjønna det på eiga hand! Og med det takkar me NY for no og legg ut på landevegen. Long Island neste!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Takk for oss for denne gong New York!

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s