Ut på landevegen – Long Island og Cape Cod

Landeveg… Usikker på om dei har eit ord for det her borte. Me har mest ferdast på motorvegar med minst tre filer i kvar retning. Og så ei fil og to for dei som skal av på neste «exit». Medan me køyrer kan eg ikkje anna enn å tenkja på vandrehistoria om amerikanaren som sat på med den norske dottera si frå Bergen til Herand i Hardanger via Gullbotn og Kvamskogen. Vel framme sa han «Next time we take the highway darling» – kor på dottera svara “This IS the highway dad”…

Me susar fram i 70 miles i timen – og vert likevel forbikøyrd av både småbilar og trailerar på begge sider. Det er mørkt, det ausregnar igjen, det er seint på kveld sidan baseballkampen vart forseinka av det same regnvêret og me lurar på om me kjem til å finna fram til motellet vårt. Og kva me kjem til å finna… Me har satsa på eit overnattingsbudsjett på USD 80 per natt, så me er ganske langt nede på lista over gode overnattingsstader….

Klokka blir nær midnatt før me rullar inn på ein halvfull parkeringsplass med dei typiske motelromma rundt heile plassen. I det rommet dei kallar «reception» vert me møtt av skotsikkert glas, eit sånt snurrebrett til å leggja kredittkort og legitimasjon på – og ein veldig hyggeleg kar bak det skotsikre glaset. Rommet er fortsatt vårt og me vert ynskja velkommen og god natt. Alt på stell så langt. Og rommet er heilt greitt det også. Typisk amerikansk motell; bad inn til venstre for døra, to queen size senger, kjøleskåp, mikrobølgeomn, støyande air con, golvteppe, laken både til å ha over og under seg med eit noko underleg utsjåande og luktande teppe til å ha over det øvste lakenet. Og så luktar det… eit eller anna. Men med eit anna motell i San Antonio friskt i minne (den sterkaste røykelukta nokon sinne, baguett i air con‘en, sigarettar i golvteppet +++), seier me oss godt nøgde med rommet og kryp til sengs.

Gliset og det fyrste av mange motell

Gliset – og det fyrste av mange motell.

Opp og opp! Utsjekk kl. 10 og sjølvsagt ikkje frukost inkludert. Her er det berre å komma seg på hjul igjen! Planen for dagen er å sjå mest mogeleg av Long Island før me reiser vidare mot Cape Cod. Så då vert det av motorvegen og inn på hakket smalare vegar mellom koselege landsbyar og vakre strender. Det er litt som å vera nord i Danmark; flatt, små tettstader, vakre sandstrender – og iskaldt Atlanterhavsvatn. Éi av oss vågar seg på ein liten vassetur på den eine stranda, men det held med det!

Litt ut på ettermiddagen set me kurs for ferja frå Long Island til New London i Connecticut (nei – du skal IKKJE uttala den midterste C-en!). Litt usikre på kor smart det har vore å ikkje førehandstinga plass på ferja, er me litt spente når me nærmar oss kaien. Tenk om me må køyra heilt tilbake til New York og så fastlandet tilbake? Rekk me det før midnatt? Tenk om det er lang kø? Og så brått er me på kaien. Ein kai som mest av alt liknar på kaien på Sunde i gamle dagar; litt asfalt, litt grus, ein skakk og skeiv ferjelem i tre – og ei rustholk av ei ferje på veg inn. Me som hadde sett for oss ei stor hurtigferje av typen Kristiansand-Hirtshals! Det er ikkje problem å få billettar og me rullar om bord. Planen no er å sitja på soldekk, nyta utsikta og eta is. Men den gong ei. Her er det ikkje mykje til servering. På tross av panoramautsikt til blant anna Martha’s Vineyard og elles mykje flott natur, er det knapt så me kan få kaffi! Så mykje for den planen.

Oceanside motel i Dennisport viser seg å vera den blåaste bygningen eg nokon gong har vore inne i. Oppløfta av den greie innsjekkinga kvelden før tek me på oss smilet og går inn. Berre for raskt å skjønna at me er dei einaste som snakkar engelsk der inne… Motellet er drevet av ein asiatisk familie som stort sett kan følgjande «spørjeord»; «Creditcard?», «ID?», «OK?» – samt gje deg ein lapp med passord til Wi-Fi og rumnummer saman med ein nøkkel. Så er det slutt på den samtalen. Rommet er nett som i går – bortsett frå at her er det inngang frå gata så badet er BAK til høgre. Og så har me fått vannkokar.

Neste dag er det småbyane og strendene på Cape Cod som står på planen. Me snirklar oss gjennom flotte byar med velstelte hus og hagar. Om nokon har lyst til å jobba som gartnar kan eg anbefala dette området – her er det mykje å gjera! Me endar etter kvart opp i Provincetown, ein by me har lest skal vera vakker, lat, god stemning og ein fristad for homoseksuelle. Og alt stemmer. Dei som synes det er vanskeleg med pride-parade heime i Noreg må IKKJE ta turen hit. Heile byen var ein einaste stor parade – inkludert menn i lærdress og speedo utan buksebak… I tillegg til nett det kjem me også til å hugsa den koselege hovudgata med dei mange restaurantane og isbarane og den oppskrytte og overprisa «Lobster Roll». Det viste seg å vera ein variant av hot dog; eit søtt pølsebrød med hummarsalat mellom. Til 24 USD….

IMG_5068

Nei – nok landsby, me må tilbake til asfalt og storby, så me set kursen for Boston. På vegen er me innom Plymouth. Der prøvde me å finna seglbåten «Mayflower 2» som er sagt å vera den fyrste skuta med pilegrimar som kom frå Europa. Litt pinleg når me prøver å kjøpa billettar og dama i luka berre ser på oss og seier «Ser de båten? Den er i Boston i opplag for reparasjon». Det viste seg at skuta vanlegvis ligg ved kai nett der me stod. Og er så stor at me hadde sett ho om ho hadde vore der… Så då vart det lunsj og is før me fortsette turen mot Boston. Der var det ut på flyplassen for å levera inn den likevel-ikkje-så-amerikanske leigebilen, kapra ein taxi og be om å bli køyrd til leilegheita me har funnet på nett. Håpar ho er bra – me er litt lei av små motelrom no…

Og PS; historia om amerikanaren som køyrde til Herand er ikkje ei vandrehistorie – ho er sann! Eg kjenner dottera 😉

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s