Gatelangs i Boston

Boston – byen med dei mange universiteta. Her ligg både MIT, Harvard og ei drøss andre. Mykje hjerne her altså… Og byen er akkurat passe stor (ca 6 mill.), har eit fint klima (varme somrar og greie vintrar), har mange fine bydelar og nærleik til både hav og fjell, så mange av hjernane vel å bli verande i byen etter endt utdanning. Noko som igjen forsterkar inntrykket av ein by som «verkar».

IMG_1572

Me kjem til byen med bil og har leigd leilegheit privat i denne byen – og fann kjapt ut at me med det ikkje nett gjorde ting A4… Det var ingen som skjønte kva me ville etter at me hadde levert inn leigebilen på flyplassen (einaste moglegheit for oss som leigde av Dollar). Folk kjem ikkje til flyplassen med bil for så å reise vidare med taxi! Så det endte med at me og alt pakkepøet vårt (og det var ikkje lite sidan me berre hadde dytta ting inn i den store bilen…) stod midt i vegen inne på flyplassen og vifta etter bil. Men det var no heldigvis etter kvart ein kar som skjøna at me aldri ville finna fram til nokon taxihaldeplass sånn som me tedde oss…

Det er visst noko med oss og dei mest elementære aktivitetane denne gongen… Då me var vel framme der me skulle bu, kom me oss ikkje inn! Me hadde fått oppgitt ein kode og beskjed om at det var nett som i minibanken – kode og # og så alt OK. Men det var ikkje noko sesam, sesam lukk deg opp nei. Døra var og vart verande – låst! Og det var varmt og klamt og fullt av bagasje og sultne folk. Fram med telefonen og leita etter kontaktinfo til huseigar. Sending av mail og snakking med telefonsvarar. Og så brått gjekk døra opp og der stod eigaren. Puh! Det viste seg å vera ei super leilegheit; god plass, stort kjøkken, velfungerande AC, roleg strøk, reint, greitt prisa. Hadde me berre fått vita om knappen me skulle trykka på FØR koden på døra så hadde alt funka frå starten av 😊

 

Alle fire er einige om at restaurantbesøk skal nytast men avgrensast. Me likar godt å laga mat sjølve, og når me er på farten over tid er det både sunnare, billegare og koselegare å lage mat «heime» i fred og ro heller enn å måtta velja frå ukjente menyar og oppføra oss fint ute blant folk. Så med fullt kjøkken tilgjengeleg, bar det ut på matbutikken på handel og sightseeing! Det er utruleg kjekt å gå på matbutikkar i utlandet! Det er eit heilt anna utval, varer me ikkje har høyrt om før – og her i USA – størrelsar på eks. kyllingpakkane som er heilt hinsides! Sekken vår vart også rimeleg stor på heimvegen, sjølv om me berre hadde handla for fire dagar… «Heim» via ein drug store – i denne delstaten har dei alkohol«monopol»; du må på spesielle butikkar etter øl og vin.

Det er to ting som er «must» når du er i Boston; The freedom trail og kvalsafari. Me gjorde begge. The freedom trail er ei byvandring mellom stader i byen som har ei rolle i den amerikanske frigjeringskrigen. Sikkert spanande og viktig for dei som har inngåande kjennskap til denne krigen, men for oss nordmenn vart det mange årstal, namn, bygningar kor det vart halde diverse møter, gravplassar og kyrkjer utan at me hadde ei referanseramme å setja dei inn i. Men opplegget var veldig bra; du starta midt i byn på eit infosenter. Der kunne du leiga guide eller kjøpa ei bok – så tjukk som du sølv ville (me gjekk for den tynne). Utanfor var det dispenser for solkrem! – berre å smørja i veg! Så var det laga ein «sti» av raud brustein gjennom byen – du berre følgde steinane! Veldig smart – det var umogeleg å mista sporet, sjølv for den mest kartblinde i familien! Dei raude steinane var murt ned som del av fortaua og gangfelta i byen. Nokre stader var det ikkje pussa opp endå, så hadde dei berre malt stien i staden. Kjempesmart! Det kunne ein gjort i andre historiske byar også; «Topp sju plassar å sjå i Bergen» osv. Glimrande. Kunne hatt eit par ulike ruter, merka med ulike fargar. Genialt!

 

Kvalsafari fekk me også med oss – og såg fire store kvalar og ein sel rett ved skutesida.

Sjølvsagt var me innom Harvard Business School, åt lunsj på Quincy market, hadde middag på italiensk bakgårdsrestaurant i Little Italy, dessert på Mike’s pastry, køyrde både undergrunn og buss (google maps kunne faktisk hjelpa oss med busstider og kvar me skulle bytta buss!!!), fekk shoppa litt, rakk ein tur innom ein 3Dkino og vart skuffa av nokre gateartistar som ikkje hadde skjøna dette med forventningsstyring: Dei skapte ei veldig forventning om at dei skulle ta salto over åtte personar, samla inn 20$!!! av alle tilskodarane, brukte veeeeldig lang tid på dette og endte opp med å hoppe bukk over fire bøygde menn… Nedtur. Pinleg.

Litt meir action fekk me eine morgonen i leilegheita; me høyrde masse sirener og støy utan å tenkja særleg over det. Men så kom dei litt nær og stoppa så brått. Så då me kikka ut viste det seg at det var brann i treet utanfor døra! Så då var gata full av brannbilar og elektrisitetsfolk, og straumen gjekk og det meste var berre blålys og flammar og kaos. Men dei hadde full kontroll, det brann i ein koplingsboks for straum, så då brannen var sløkt, kom straumen att og brannbilane forsvann.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Truleg hadde det noko med uvêret kvelden før å gjera. Camilla og Geir hadde blitt overraska av noko av det verste regnvêret me har vore ute for (Bergen, Stølsheimen, Ho Chi Min og San Juan inkludert). Sjå under for grad av «drukna katt»…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

No er det ut på landevegen att. Me har leigd ny bil og tenkjer å køyra nordover mot Maine, Vermont, Green Mountains og Niagara Falls før bilen skal leverast i Washington. Men fyrst skal me køyra Uber til flyplassen her i Boston – DET har me ikkje prøvd før!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s