Me rullar vidare!

Boston er bra, men me ynskjer å sjå meir av USA. Så tidleg fredag morgon pakkar med sakene, bestiller ein «uber» som skal ta oss til bilutleigeselskapet og drar alt pikkpakket vårt ut på fortauet. Uber er taxi-varianten av Airbnb – privatpersonar som køyrer deg dit du skal mot betaling. I USA er dette svært vanleg, og prisane ligg noko under taxi-prisane. I tillegg er det rett og slett litt gøy for oss økonomiske teknonerdar; du bestiller via ein app. Før du bestiller får du vite kvar bilen er og kor lang tid det tek før den kjem. Du får vite ca pris og ca køyretid. Og så kan du følgje med på appen kvar bilen er fram til du ser han i gata framfor deg. Du betaler med kort etter at du har gått ut av bilen og får kvittering rett på skjermen. Effektivt, forutsigbart og nesten litt gøy!

Vår uber var bestilt kvelden før og kom når han skulle. Men så var det dette med oss og transportetappane igjen då… Me hadde bestilt bil på flyplassen i Boston. Det skulle visa seg at det var ikkje så mange som gjorde det om dei ikkje landa med fly… Vel framme på flyplassområdet var det ingen skilt som viste «Rental cars» eller noko slikt. Berre «Rental returns», og me var på førehand advart om at Pick up og return kunne vera på svært ulike stader. Så me vart køyrande rundt og rundt på flyplassen utan å finna anna enn at me køyrde i ring. Og med ein smule språkproblem med sjåføren endte me med å bli satt av utanfor «arrivals». Rett og slett av di me tenkte at DER måtte det vera mogeleg å finna skilting. Så stod me der så – med koffertar, sekkar og kjølebagar… Men me har jo teke oss fram på verre stader enn flyplassar, så det gjekk ikkje mange sekunda før ho mor hadde spotta ein shuttlebus med Budget på. Så kasta me oss inn på den og fekk ein ny rundtur på flyplassen. Men me fann fram, klarte å svare ja og nei på dei rette stadene («Ja – me har papira i orden», «Nei – me vil ikkje ha alle mogelege tilleggsprodukt»). Og ikkje lenge etter var me på veg nordover.

Planen no er å reisa på måfå rundt i den nordaustlege delen av USA. Me har eit hotell i Washington om knappe to veker, elles er me frie til å gjera som me vil. Boston har vore veldig seriøst, så fyrste stopp er spøkelseshus og heksemuseum i Salem!

Etter hyl og skrik, høg puls og innføring i hekseprosessane i USA på slutten av 1600-talet reiser me vidare mot hamnebyen Portsmouth for ein kaffipause og litt byvandring. Me kjenner på at me no er i «New England»; byane her er meir som me er vant med her heime – små bysentrum med gatemusikantar, fotgjengarar og lite bilar. Nett i denne byen vert det litt mykje av det fyrste – gatemusikantane står tett i tett og det vert ei saleg blanding av sekkepipe, salmesong, gitarklimpring og meir sekkepipe. Me slurpar i oss iskaffien og rømmer byen.

No står fjella i New Hampshire og Vermont for tur. Alle har vel eit eller anna bilete i hovudet av haustfargane i Vermont? Me var jo for tidleg ute til å få sjå det store fargespelet, men sjølv midtsommars ser me at her må me tilbake ein gong i oktober! Me legg turen nordover til North Conway og overnattar på det som viser seg å vera eit høgfjellshotell! Ikkje så høgt over havet, men likevel ein travel skiplass om vinteren. Skulle då trudd dei var vane med turistar, man me har eit svare strev med å få kjøpt take away på Taco Bell… Etter fleire bestillingar, returar og mykje styr med kasseapparatet seier me takk og går ut – med alt anna i hendene enn det me skulle ha. Det vart ein slankande middag på oss denne kvelden!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dagen etter er me klare for ein annleis topptur: Me køyrer rett og slett bil opp i skyene til toppen av Mt. Washington, nesten 2.000 meter høgt! Der finn me sjølvsagt eit «visitor center» og den brattaste jernbanen me nokon sinne har sett. Fløybanen blir ingenting samanlikna med denne! Me er sjeleglade me ikkje gjekk for togtur til toppen – det hadde nok blitt for nervepirrande for opptil fleire av oss! Så me er godt nøgde med å ha valgt å køyra eigen bil, utstyr med ein dose advarslar om kor farleg det er å køyra bil på smale, bratte vegar og ein guide på CD. Det er berre det at me ikkje har CD-spelar i den nye bilen… Det vert løyst ved at me får låna ein god, gammaldags CD-spelar av dama i informasjonsbua ved foten av fjellet! Ei dame som var stor fan av det norske skilandslaget for damer, var godt informert om Johaug-saka og som hadde vore på worldcuprenn både i Lahti og på Lillehammer. Meir enn me som skal vera født med ski på beina kan skryta av…

Vel nede frå fjellet snur me nasen vestover. Me har blinka oss ut ein «scenic highway» langt ute i ingenmannsland. Med både maskinell og menneskeleg GPS på plass, er det ikkje vanskeleg å finna fram. Men det er ikkje heilt som me venta; me køyrer mil etter mil inne i ein grøn «tunnel»… Det er berre skog, skog og meir skog over alt. Og ikkje veldig spanande skog heller… Og det fantastiske, høgtliggjande passet me skal over viser seg å vera ein smal opning mellom dei nemnde grøne greiene – med utsikt til… meir grønt! Så me set på lydbok, lener oss tilbake og set kursen for ein ny vinterskistad oppe i White Mountains. Det er rart å vera ein stad som så tydeleg er retta inn mot vinteraktivitetar. Det er store, opne flater som er parkeringsplassar om vinteren, fjellsider der det er striper av brunt der alpinbakkane er om vinteren, gondolbanar som går rett opp i ingen ting – og rart nok; masse folk!

Me kjøper oss billettar til gondolbanen (sånn «bobletype» som du går inn i) og let oss bli frakta opp i høgda. Der finn me ei noko uamerikansk naturløype; me vert styrt ned i eit juv og inn mellom, under og over naturleg plasserte kampesteinar. Sjølvsagt på eige ansvar. Noko slikt hadde vore enkelt å få til her heime; klipp vekk litt buskar, sett opp eit skilt og finn på eit kult namn, og vipps så har du ein attraksjon… Me syntes det var meir interessant at me hamna midt i eit friluftsbryllaup der oppe på fjellet! Flott utsikt og den mest tatoverte brura me nokon sinne har sett! Denne gongen vart me ikkje invitert med på festen slik me vart i New Orleans for ein del år tilbake, så me fann vegen ned att. For å ha noko å tilby oss sommarturistar hadde dei i tillegg slaga til ein «maze», dvs ein labyrint. Mannen i huset tok ikkje sjansen på å villa seg inn i noko slikt utan hjelp til å koma seg ut at, så han gjekk opp på observasjonstårnet medan me tre damene tok utfordringa med å entra labyrinten for å leita etter seks postar, stempla eit kort slik som i vanleg orientering, og så finna vegen ut att. Det var ikkje heilt god stemning i bilen etter at Vilde gjekk av med ein rimeleg klår siger…

No legg me New Hampshire og White Mountains bak oss og siktar oss inn på The Hilltop Inn i Vermont. Der skal me prøva å finna fram til den originale Ben & Jerry iskremfabrikken!

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s