Rallykøyring med tuc-tuc

Så var me klare for å bytte ut bylivet med ro og fred, landsbyliv og avslapping. Eller forresten, ikkje heilt. Det var ein severdighet i Antigua me ikkje heilt hadde fått med oss endå – Cerro de la Cruz – ein utkikkstad litt ovenfor byen. Planen hadde vore å gå opp der ein ettermiddag før det vart for mørkt (for mange tjuvar etter solnedgang), men med det hektiske tempoet me har hatt desse dagane har det ikkje blitt noko av. Så når me såg at me hadde litt tid før transporten nordover til Lago Atitlan, var det berre å forta seg ut i dei brusteinslagte gatene og prøva å få tak i tre tuc-tucs. Det er litt IQ-test å få dette til, gatene i Anitgua er einveiskøyrde, og ikkje spesielt logiske. Så om du står på feil stad og ser etter tuc-tuc kan du stå lenge…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Men me er jo ni stykker, så etter litt prøving og feiling og masse vifting og plystring fekk me kontakt med ein tuc-tuc som gav oss ein pris på turen opp til la Cruz og ned att, og som skulle ringa ein kompis og to slik at det ville bli plass til oss alle ni. For det var tuc-tuc me ville ha, ikkje sånn vanleg, kjedeleg drosje! Tuc-tuc-turen gjennom Roses hadde gitt stor lyst på meir! Så langt så godt. Men då dei etterkvart dukka opp hadde prisen brått tredobla seg – dei skjøna vel at me hadde litt hastverk og hadde bestemt oss for at dette var noko me skulle. Så detter litt kjefting og akkedering endte me med å betala blodpris for transporten. Men, men. Turen oppover vart underhaldane. Motoren i ein tuc-tuc er vel omlag like stor som på ein middels plenklyppar, så med fire passasjerar gjekk det ikkje akkurat fort oppover dei bratte gatene. For å tøysa litt med tenåringane våre lata sjåføren som om han måtte ut med foten og gje fart… Enkelte fann dette hysterisk morosamt!

Vel oppe vart me møtt av eit fantastisk syn. Framfor oss hadde me heile Anitigua, og bak byen Acatenango, ein fantastisk flott vulkan. Det var lenge på planen at me skulle opp på den vulkanen, men då me fann ut at me måtte overnatte utandørs på vegen opp (med ein forventa nattetemperatur på rundt 0 grader), fann me ut at det fekk venta til ein annan gong når me ikkje alt hadde bagasje for åtte veker med i sekken. Ullet fekk bli igjen heime. Men utsikta til vulkanen var flott – så me kjem sikkert igjen for å sjå korleis den er frå toppen!

På tide å komma seg ned att. Me hoppa inn i tuc-tucane våre, og no hadde det verkeleg gått opp for kompisgjengen kor god deal de hadde skaffa seg. Dei smilte frå øyra til øyra og sette utfor bakkane alt det bremser og støtdemparar? kunne halda. Dei kappkøyrde, tøysa, prata masse tull på spansk, vrengte rundt gatehjørner og køyrde mot einvegskøyringar, alt for å vera fyrstemann tilbake til marknaden der me hadde bedt om å bli satt av. Me haldt oss fast som best me kunne og håpa me ikkje skulle velta i ein av dei krappe svingane… Men igjen enda turen vel, og lattermilde og litt småskjelvne kunne me stabla oss ut for ein kjapp tur innom marknaden før me set oss til å venta på transporten vidare til Lago Atitlan – av Ernest Hemmingway kalla “Den vakraste innsjøen i verda”.

 

Advertisements

Me grillar marshmallows på stien og går på dansekurs!

Gårsdagens heftige runde med pruting, forsøk på å skjønna diverse rare versjonar av engelsk samt eit par stotrande forsøk på å gjera oss forstått på spansk enda med ein avtale om at me skulle plukkast opp av ein “private van” utanfor hostalet vårt kl. 10 for å tas med på tur på ein av dei store, aktive vulkanane som ligg rundt Antigua. Så etter at Hanne modig hadde knerta eit par kakelakkar i dusjen, og me hadde inntatt ein kjapp frukost sat me oss til å venta. Og venta. Og venta litt til. Me er fullt klar over at ein ikkje har det same forholdet til klokkeslett og avtalar og slikt her borte som heime (noko som eigentleg er litt befriande, innimellom…), men etter ein og ein halv time venting var me ikkje nett i perlehumør. Forskjellige folk kom med ulike bortforklaringar og lova oss “om fem minutt”. Som blei til nærare to timar. Då kom det humpande eit skaberakkels av ein van – om nokon hadde slått eit tau rundt den for å halda den saman hadde me ikkje stussa. Den offisielle forklaringa var no at den bilen me eigentleg skulle hatt hadde stoppa, og at dei hadde måtta bruka masse tid på å finne ein “ny”. Vår tolking av dette var at dei hadde gløymd heile avtalen, ikkje hadde bil og hadde spadd fram noko som likna eit framkomstmiddel frå søskenbarnet på Gjøvik. Men vil en på vulkantur kan ein ikkje la seg stoppa av slike bagatellar!

Me kraup inn, haldt oss fast og håpa på det beste. Turen til vulkanen Pacaya var sagt å ta 45 minutt. Det vart 90… Fyrst opp nokre bakkar, så gjennom nokre landsbyar, så ned att. Og så opp og opp og opp. Gjennom eit skiftande landskap med mykje kjekt å sjå på. Guatemala er eit land med store kontrastar – på den eine sida er det mykje som fungerar så greit og “vanleg” at ein ikkje tenkjer over kor ulikt det er Noreg. Men så ser ein brått den store fattigdomen og korleis folk bur i skur, kor lite dei har å hjelpa seg med og utruleg heldige me er som er født i Noreg.

Vel framme i landsbyen ved starten av turen opp på Pacaya hamstra me inn kjeks, nøtter og vatn og tok til på den ca 2 timar lange turen. Me kom ikkje langt før det kom ein drøss med karar med hestar som dei meinte me skulle ri på. Me prøvde å forklara dei at når me fyrst skulle på fjelltur på ein vulkan så ville me helst gå sjølve. Dette var visst heller gresk for dei, så dei fortsatte å insistera. At me som var så gamle (me vaksne altså) og så unge (dei fem sprekaste av oss) skulle orka å gå den strevsame stien oppover var visst heilt utenkjeleg. Så dei fulgte etter oss i nærare ein halv time før dei skjøna at dei ikkje kom til å få noko business og forsvann ned att.

Me hadde ein heilt grei guide med oss oppover. Han forklarte oss litt om planter og dyr i skogen me gjekk i, og også ein del om styresett og skikkar i Guatemala. Og så posta han på Facebook… Tydeleg at han syntes det var stas å gå på tur med ein gjeng som oss – det var nok beint fram eksotisk!

Turen oppover gjekk på godt merka stiar gjennom ein frodig skog. Innimellom kunne me sjå ut over låglandet rundt oss eller over til dei andre vulkanane i området. Innimellom dukka det opp små hytter av kvist – med skiltet “Restroom” på. Me gjorde ikkje bruk av desse…

Pacaya er ein aktiv vulkan. Denne sommaren har det vore så mykje aktivitet at ein ikkje får lov til å gå heilt opp på toppen, til det er det for mykje gassar i lufta og faren for flytande lava for stor… Så me haldt oss til anbefalingane og stoppa der skilta sa me skulle stoppa. Der fann me ein kar som skrelte epler og appelsiner med det me trudde var ei oppfinning frå Hardanger – sånn skrelledings kor du trer eplet inn på ei stang og snurrar rundt og rundt til alt skalet er av. Det var så spesielt at me trossa alle råd om å ikkje eta frukt utan skalet på – nokre sjansar får ein jo ta! Veldig godt og leskande der oppe i støvet og varmen!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Pacaya er mest kjent for dei mange aktive lavastraumane som renn litt sånn rundt omkring – og som ein kan grilla marshmallows på! Me fann oss eit slikt punkt, trakk fram posen med sukkerskum og tredde dei på nokre velbrukte pinnar. Og grilla dei på varm lava! Dagens høydare så langt!

Utsikt rett til toppen på vulkanen, nygrilla marshmallows og glede over litt fysisk aktivitet til tross; me hadde fleire planar denne dagen og måtte ta fatt på nedturen. Den gjekk i ein fei – passeleg bratt og veldig fin sti – me brukte knappe 45 minutt ned. Og måtte venta på guiden som trengte adskillig lengre tid… I tillegg hadde han innlagt i lønna at han skulle ha middag ved gate’n før han tok oss tilbake til Antigua, så han fann seg godt tilrette på kafeen medan me andre trippa rundt han og hinta om at me var rimeleg ute av rute etter å ha venta nærare to timar på transporten og brukt dobbelt så lang tid som planlagt på transporten… Men han var heilt roleg og tok den tida han trengte. Så då var det berre å vente – og fundere på korleis me skulle komma oss ut mellom alle dei parkerte vraka som var samla rundt vårt vrak…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Men omsider kom me oss ut på vegen att. Underteikna var ein smule stressa – eg hadde nemleg booka oss inn på salsakurs kl. 18! Berre oss – med eigen instruktør. Det var betingelsen for at mennene i reisefølgjet skulle bli med sånn ca frivillig. Så det vart ein køyretur med hjarta i halsen for om me skulle rekkja det. Dei andre transportetappene hadde meir vore prega av skrekk for å kræsja eller å køyra av vegen – no var det meir klokka som skapte høg puls. Endå høgare vart den då me vart sitjande fast i ein lang kø. Som viste seg å skuldast at eit overbygg over motorveien hadde ramla ned. Heime haddde det ført til stengt veg – her berre køyrde me under!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Då me nærma oss Antigua att var det på tide å deale med guiden vår. Han skjøna at tidsskjema for dagen var rakna pga han og selskapet han jobba for, så etter litt att og fram vart me einige om at dei skulle køyra oss til hostalet, venta på oss medan me vrengte av oss fjellkleda og fekk på oss dansetøyet – og så køyra oss til salsastaden. Så me sklei bokstaveleg inn på det såpeglatte golvet nøyaktig 15 minutt for seint. Ferdig oppvarma og utan at karane hadde hatt tid til å bli så veldig nervøse…

Og det viste seg kjapt at det var heilt OK at me var åleine… Me kan seia mykje godt om gjengen, men grasiøsitet og danseevne…? I beste fall tja… Men stor underholdningsverdi! Me lo så me rista – i alle fall dei fleste av oss. Og læraren vår – som hadde lokalet fullt av digre pokalar – skulle hatt Oscar for å ikkje bryta totalt saman og avskilta oss på staden! Det går rykter om at det finnes ein video av oss i ein eller annan mobiltelefon – den som får tak i den kan få seg ein særs god latter!

Letta, blide og litt småflaue lot me oss avbilda ved endt kurs. Trur gleden som viser på biletet kjem like mykje av lettelse for at det var over som av trua på at me no hadde noko å komma med på dansegolvet…

Likevel tok me oss ein kjapp tur heimom for å skylla av oss vulkanstøv og stressvette frå dansinga før me tok turen til ein restaurant med takterasse, live musikk og dansegolv. Me gjorde berre bruk av det fyrste… Medan me åt fann me wifi sterk nok til å få lasta ned Facebook. Då oppdaga underteikna at ein tidlegare kollega hadde “sjekka inn” på eit hotell rett borte i gata! Litt hektisk telefonering seinare vart det diverre klart at han hadde reist vidare for to timar sidan! Verda er ikkje så veldig stor alltid!

No er det på tide å gå heim for å pakka for avreise til Lago Atitlan. Det skal vera ein av dei vakraste innsjøane i verda – så me gler oss. Om berre transporten dukkar opp då… Me får sjå!

 

Kvadratur, gitter, brustein og bakgårdar. Altså Antigua.

Antigua. Alle har høyrt namnet, dei færraste hugsar heilt kvifor… Og for å hjelpa litt – vanlegvis er det enten snakk om øyriket Antigua og Barbuda, elles så er det den tidlegare hovudstaden i Guatemala og for endå lengre sidan hovudstaden i eit samla Mellom-Amerika. Ein flott koloniby på verdsarvlista til Unesco med ein lang historie å fortelja.

Sånn med ein gong ser byen litt lukka og kjedeleg ut. Han ligg nede i ein dal mellom fire vulkanar. Byen er laga etter ein plan, så gatene er organisert i kvadraturar; gatene går nord/sør og aust/vest. Alle. Og dei har namn om dei ligg sør/nord for hovudgata (gate 1 nord, osv.) eller aust/vest for den andre hovudgata (gate 5 aust). Smart (men kjedeleg) når ein fyrst finn ut av det. I tillegg ligg også dei fire vulkanane i kvar sin himmelretning, så det er ganske greitt å navigera seg gjennom byen. Det er litt som å halda retninga i Bergen ved å halda orden på kvar Ulriken er – skjønt den høgaste vulkanen her er godt over 3.000 meter høg… Gatene er av vulkansk brustein, og får komforten og kvaliteten på bergensk brustein til å framstå som fantastisk… Me kunne ikkje køyrd mazdaen vår i desse gatene for å seia det sånn… Innimellom er det ikkje stor forskjell på eit elveleie og gatene her… Husa er på ein til to, maks tre etasjar (jordskjelvområde…) og fasadane er ganske kjedelege, berre krydra innimellom med flotte dører me utskjeringar eller gitter… Det er veldig tydeleg at dører og veggar er til for å halda folk UTE, ikkje invitera dei inn… Men når du vågar deg inn ei av desse dørene kjem du ofte til ei heilt anna verd. Inne i dei store områda mellom gatene ligg det flotte gardsrom og hagar med dei rolegaste og innbydande restaurantane, småbutikkane og hotell du kan tenkja deg. Veldig spesielt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Brustein…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter å ha rista liv i både nattevakt og kokk og fått plassert bagasjen under eit bord og ete litt frukost tok me beina fatt og gjekk for å utforska byen. Antigua er ikkje nokon storby i vanleg forstand (det bur ca. 35.000 menneske der), men i forhold til Caye Caulker og Tikal var det jo enorme mengder butikkar, museum, folk og mykje rart å sjå på. Så me rusla rundt, stakk hovudet inn i rare butikkar kosa oss med at temperaturen var nede på nivå med norsk sommar. Planane for dagen var heller ulne, så etter å ha dumpa bort i ein bursdagsfeiring (ein haug med bilar med ballongar og høgtalarar som snigla seg rundt i byen!) fann me at me brått hadde ramla inn på eit sjokolademuseum som i tillegg arrangerte kurs i sjokoladelaging. Ein sikker vinnar for dei yngste i gjengen! Her fekk me innføring i historia til kakaoen, vera med å laga kakaoTE (nam!), kakao og sjokolade. Kjempegøy!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På sjokolademuseum – kor me lagar eigen sjokolade!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dagen vart runda av med litt passande god drikke for alle på det som var omtala som «byens beste takterrasse» før me gjorde eit kjempeval av restaurant for kvelden – ein pitte liten tacoplass rett bak hotellet vårt. Ca seks bord på pressa inn på 20? m2, nydeleg mat, god stemning og topp atmosfære! Me prøvde diverse lokale greier – inkludert øl med salt i. Ikkje noko me kjem til å gjenta…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Neste dag hadde me bestilt oss ein guide som skulle hjelpa oss med å forstå historia til byen. Ikkje hadde me rekna med at me måtte ha ein tolk som kunne hjelpa oss å skjønna kva guiden sa… Me hadde vore veldig klåre på at me måtte ha nokon som snakka godt engelsk – særleg dei ugifte i gjengen treng at engelsken liknar på det dei lærer på skulen… Karen som tok oss med ut på vandring snakka sikkert relativt bra engelsk, det var berre det at han aldri hadde vore i nærleiken av ein tannlegestol på tross av mykje kreativ tannstilling og diverse besøk av både Karius og Baktus og resten av slekta. Så det var rett og slett ikkje lett å skjønna kva språk han snakka. Me skjønte fort at ein av oss store måtte halda seg tett opp til fyren og så simultanoversetja til resten. Og så måtte me bytta på den jobben relativt hyppig då det var ei rimeleg krevjande oppgåve! Men me fekk likevel med oss både kyrkjer og katedralar, eit jademuseum, nok eit par flotte bakhagar, eit offentleg vaskeri og dei viktigaste severdighetane i byen. Og jammen dumpa me ikkje innom eit bryllaup i ei kyrkje også! Kvelden vart avslutta på ein knakande god italiensk restaurant og ein tur på takterrassen på hostalet vårt. I morgon har me planlagt ein tur på ein aktiv vulkan – der skal me grilla marshmallows på stien!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vaskeri!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Heile gjengen 🙂

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Guatemala på tvers i nattbuss!

Igjen har me stabla ni mann og atten sekkar inn i ein kvit transporter og gitt oss ut på landevegen. Første stopp i dag er den vetle byen Flores, som ligg på ei lita øy midt ute i den tredje største innsjøen i Guatemala. Med hjelp av litt spansk, litt engelsk og litt teiknspråk fekk me sjåføren til fyrst å køyra oss til busstasjonen (Terminal de autobuses), venta medan me fekk plassert bagasjen vår i oppbevaringsrommet (dvs bak skranken…) og bekrefta at me hadde billettar til nattbussen seinare på kvelden. Så køyrde han oss inn til sjølve Flores og slapp oss av ved ein restaurant han meinte me burde eta middag på. Sjølvsagt måtte me finna oss ein annan restaurant på eiga hand, så me enda opp i andree etasje på ein fargerik restaurant med variert meny, sofa, hengekøyer og utsikt over innsjøen. Og altså heilt perfekt for gjengen.

image

Me opplever innimellom at me står for halve dagsomsetninga når me ramlar inn på ein restaurant. Så også her – og dei visste å setja pris på det. Det ramla inn både gratis mellomrettar og is til dei under førti, så det vart eit langt og godt måltid. Etterpå måtte dei mest rastlause ein rundtur i byen medan enkelte andre syntes det var heilt OK å berre slappa av og nyta utsikta. Det siste viste seg å vera det beste valget: Me fekk den andre runden med skikkeleg høljregn! Det var så det spruta ein meter opp at frå vegen når dråpane kom ned. Det fløymde over i alle gatene og heile byen stoppa opp. Folk stod berre inne i næraste døropning og venta på at det skulle gje seg. Og det gjer det jo heldigvis relativt kjapt!

image

Litt tankefulle fann me ut at det var på tide å finna vegen tilbake til busstasjonen. Med utsikter til ni timar på bussen fann me ut at me måtte gjera noko gøy – så då praia me tre tuk-tukar og hadde kappløp gjennom byen! Stor stas og masse latter på vegen! Berre for å komma fram til busstasjonen og få beskjed om at bussen var forseinka inn til Flores pga politiske demonstrasjonar i Guatemala City. Det er akkurat den typen beskjed du IKKJE ynskjer rett før du skal setja deg inn på nattbussen i eit land der det vert advara mot å vera ute på vegen i mørket og som alle andre stader i verda unngå store menneskemengder, særleg dei som har med politikk å gjera… Ja, ja – det var ikkje anna å gjera enn å finna seg ein murkant og venta på at bussen skulle komma.

image image

Etter ni kjappe klesskift på parkeringsplassen (blei vurdert som mykje smartare enn inne på det minimale, offentlege toalettet på venterommet…) var me klare til å gå ombord. Og igjen vart me positivt overraska; kvittering for innlevert bagasje, setenummerering, velfungerande AC, mørkt og gode seter. Så då var det berre til å finna fram nakkeputer, fleecejakker, øyreproppar og sovemasker og prøva å få seg litt søvn. Dei yngste sovna rimeleg kjapt og syntes me var alt for kjapt framme i Guatemala City, andre var litt meit uroa for kva som skjedde med bagasjen, litt for nysgjerrige på alt mogeleg eller for sterkt råka av søvnløyse til å heilt finna roen. Den siste kategorien fekk med seg at nattetrafikken i Guatemala er STOR, og særleg dominert av digre lastebilar og bussar med turistar og fastbuande. Ein diger trafikkork fekk me også med oss før me brått (kkl 04:40…) var framme i Guatemala City og i ørska klarte å spørra om me var framme i Mexico City. Kan ikkje skulda på dårleg spansk heller akkurat der…

Litt i ørska kom me oss gjennom hordene av folk som skulle tilby oss transport tilkvar som helst. På voucheren vår stor det at transporten vidare skulle skje klokka 06:00, så me såg ikkje heilt fram til å tilbringa ein drøy time på eit pitte lite venterom. Men etter ein rask rekognoseringsrunde på parkeringsplassen fann Rune ein mann som låg og sov – i ein kvit transporter. Så då vekte me han og spurte om han var vår mann – og bingo – det var han. Så då var me kjapt på vegen at, denne gong med Antigua som mål.

Sjølv om klokka berre var så vidt etter hanegal var Guatemala City våken og i gang. Det var fullt av folk i gatene, bussane var overfylte og køane lange. Litt utanfor sentrum var det både to og tre filer i kvar retning, likevel stod trafikken i stampe på veg innover. Dette prøvde dei å løysa med å gjera den eine fila UT av byn om til innoverfil – sjølv om det var midtrabatt og ingen markering eller skilting av kva som skjedde. Det var tydeleg at dei lokale var vant med dette! Ein annan kuriositet med vegane er at i bratte nedoverbakkar dukkar det jamnleg opp noko som liknar på nypløyde potetåkrar utanfor vegbana i høgresvingar. Etter litt undring og litt leiting i spanske gloser fann me ut at dette var bremse-/redningsfelt; om bremsene sviktar tek du sikte på ein av desse potetåkrane, køyrer bilen uti og håpar på det beste… Heldigvis verka det som om sjåføren vår hadde både peiling på køyring i nedoverbakke og gode bremser.

Passeleg vakne, litt frukostsultne og klare for nye opplevingar kom me fram til hostalet vårt i Antigua alt klokka sju om morgonen. Så tidleg at det verka som om me måtte vekka nattevakten!

Jungelbrøl og zip-lines i tretoppane

På tide med litt jungel og kultur etter veker med slaraffenliv langs kysten av Yukatan-halvøya! Det betyr vekkarklokke og morgonbåten frå Caye Caulker til Belize City og privat van tvers gjennom heile Belize og til midt inne i Guatemala. Når ein er ei gruppe på ni personar er det fort beste måten å reisa på; i Belize og Guatemala får ein ikkje plassbillettar på bussane og dei er ofte veldig fulle, så det er ikkje sikkert ein kjem med på same bussen – og endå mindre sikkert at ein får sitja … Og når ein er ni sjeler til å dela på rekninga blir det ikkje så mykje dyrare hellerSå med tanke på at turen kunne ta åtte timar på det me hadde høyrt var nokre av dei dårlegaste vegane i verda var valget enkelt!  
    
 Forventningsstyring er veldig viktig… Me hadde skikkeleg låge forventningar til turen – og så gjekk den heilt supert! Grensepasseringa som me var varsla om at kunne ta timar tok ca 20 minutt inkl. dei vanlege forviklingane ang. utreiseskatt, vegane hadde med unntak av to kilometer faktisk fast dekke og sjåførane (bilbytte på grensa) kunne noko som likna på engelsk slik at me kunne få mykje nyttig info av dei undervegs.  

Vel framme i Tikal var me hypereffektive på planleggingsfronten; før me kom til hostalet vårt hadde me booka både morgon- og ellermiddagsvandring i parken, laga ein halvvegs avtale om ziplines og fått anbefalingar om restaurantar. Etter litt mat og ein tur i bassenget var det tid for krokodillesafari! Me var blitt tipsa om ein dam der det skulle vera over 40 krokodillar! Med hjarta i halsen sneik me oss ned med lommelykter og høg puls.    

 På vegen møtte me guiden vår og fekk instruksjonar om morgonvandringa. Vel NATTvandringa… Oppmøte var kl 04:00… Så då var det bare å komma seg i seng og prøva å få litt søvn. Noko som ikkje vart like lett for alle… Rundt midtnatt vakna me vaksne av høge skumle brøl frå jungelen rett utanfor døra. Me hadde fått fem rom i ein eigen fløy av hostalet med ein langsgåande platting på ca 1,5 meter som skilte romma frå jungelen. Saman med det faktum at det ikkje var glas, berre netting framfor vindauga, kjendes det ut som om noko stod og brølte INNE på romma våre. I tillegg var det ikkje straum på hostallet om natta, så det var dørgande mørkt. Og fælt så skummelt! Etter litt att og fram kom me alle kvar for oss til at det nok ikkje var panterbrøl, men brølaper som laga alt levenet. Likevel var det ingen av oss som turde ta turen ut på det felles toalettet ila natta – slike behov fekk venta!

Kl 03:45 ringte vekkarklokkene og kl 04:00 var me klar heile gjengen. Langbukser, hodelykter, myggspray og trøtte i trynet fekk me ein kopp kaffi før me rusla inn i jungelen til lyden av palmesus, sirissar og brølaper. Me fekk ei fin innføring i medisinske planter, insekter me møtte på vegen, kva dyreliv som var vanleg i parken, mayaene sin ingeniørkunst og kultur før me ved soloppgang klatra opp på ein av dei høgaste pyramidane for å høyra jungelen vakna og sjå sola stå opp.   

    
 Og kven trur de me møtte på toppen av pyramiden? Joda – dei to jentene frå Tyskland som me også hadde møtt i Chetumal og på Caye Caulker!

Trøtte og metta på inntrykk bar det heim til hostalet vårt for frukost og ein liten lur før me fann oss ein lunsjstad og klarte å komma for seint til ettermiddagsturen vår… På nytt bar det inn i ein av dei største Maya-byane i Mellom-Amerika, kyndig guida av Jose Louis. Han viste oss korleis mayaene hadde kunna laga dei store byggverka, korleis dei skapte optiske illusjonar og korleis dei fekk pyramidane til å laga ekko av klapping som høyrdes ut som skrika til quetzalen (nasjonalfuglen). Innimellom fekk me sjå apar, ein rev som ikkje var meir enn fem meter frå oss, diverse store fuglar og gøye insekt. Og så fekk me nærkontakt med apebæsj… Den luktar noko aldeles forferdeleg, og medan me stod og kika på nokre apar som leika i tretoppane over oss fann to av dei ut at me var ypparlege skyteskiver. Resultat? Fleire store klæsjar midt mellom to av oss og heldigvis berre ein liten klatt på buksa til Rune. Så heldig er det mest ikkje lov å vera!

Ettermiddagsturen vart avslutta med at me igjen klatra opp på ein av dei høgaste byggverka i parken, og – etter instruksjon frå guiden – også klatra over sperringane og ut på kanten. Der sat me med beina over kanten og såg på at kveldsola spegla seg i ein annan pyramide. Magisk – og nervepirrande for dei av oss som slit med ein smule høgdeskrekk.      

    
    
 Godt nøgde med dagen pakka me sekkane for kjapp avreise neste dag. Då hadde me booka oss inn på zip-lines før me skulle reisa vidare til Antigua. Dette var noko særleg mødrene i gjengen hadde gått med på for dei “små” sin del – me var slett ikkje sikre på om me ville tørra å vera med opp i tretoppane… Men det er rart med det – når ein er midt oppe i det blir det mykje mindre skummelt enn det er når ein tenkjer på det på førehand! Så alle ni kom både opp, over åtte løpestrengar inntil 30 meter over bakken og ned att på trygt vis. Pulsen og angsten var nok høgare oss enkelte enn hos andre, men me gjennomførte med stil. Nokon prøvde endå til opp/ned og som superman/-woman!    

    
    
    
   
Metta på opplevingar og fulle av adrenalin set me oss no på i bilen som skal ta oss til Flores der me skal finna nattbussen vidare til Antigua. Det blir godt med litt pause no!

 

Me får reisefølge – og badar med haiar og skater!

Caye Caulker (uttales Ki Kåker). Bare navnet flyttar deg raskt langt frå kalde Noreg. Starten på opphaldet var likevel ikkje så veldig ukjent; me dura avgarde i ein bråkete, diselluktande båt over ruskete vatn – det var nesten så me var attende i Sunnhordlandsbassenget og late sommardagar på farten mellom Løkjelsøy og Lauvøya… Men ein stor skilnad – temperaturen! Rundt 30 grader på land og knapt kaldare i sjøen. Dette lova godt!

Brått var me verkeleg i Karibien! Masse folk på “kaien” som skulle selja oss turar, hotellrom og skyss. Det siste hadde me alt så pass lokalkunnskap om at me takka høfleg nei; øya har tre “gater” på langs og ca fem på tvers. Det tek under tjue minutt å gå frå den eine enden til den andre, så taxi (dvs tuc-tuc) er heilt bortkasta. Me rusla innover den eine tverrgata, tok til høgre i Middle Street (dei to andre var Back Street og Front Street…), og så såg me hotellet vårt. Det var ei samling gule og raude hageskur med strandlinje, ein laaaang kai, ein restaurant og ein haug palmar. Og diverre ei forferdeleg lukt! Me var nok litt lange i maska då me stod og kjente på ein intens stank av råtne egg. Rommet var heilt OK med eige bad, senger til alle tre og god AC. Men den lukta… Me fann etterkvart ut at det kom frå sjøen; det låg eit breidt belte med tang og råtna i stranda. Og sjølvsagt mest akkurat ved vår strand…

Ja, ja. ACen blåste det meste av stanken ut av rommet vårt og kaldt og roleg var det, så me sov godt og vakna opp til sol, sommar og gleda over at i dag skulle me få selskap av Osmundsens! Dei flytta til Houston for eitt år sidan, og me har gleda oss masse til å treffa dei igjen her borte og vera saman med dei nokre veker. Me nytta derfor dagen til å sjekka ut øya og forska litt på kva ein kan gjera her og korleis ting fungerar. Me har fått eit desperat behov for klesvask (checked), Geir vil jogga om morgonen (checked), me vil ha hummar til middag (checked) og gå på reggaebar (checked – inkl bading og drinkar på bord ute i vatnet!). Me har også funnet ut at det ikkje er ei einaste asfaltert gate på øya, så me ruslar rundt i sanden. Dei færraste restaurantane har golv (OK – dei har golv i ein evt andre etasje…), så du sit med beina i mjuk, varm sand medan du et frukost/lunsj/middag. Alle smiler, helser, går sakte og tek livet med ro. Her er det verkeleg ikkje noko stress, det er ingen ting ein skal nå. Det skjer når du kjem. Me prøver så godt me kan å venja oss til det, med det resultat at me ikkje klarar å komma tidsnok til å møta Osmundsens på kaien… Og det sjølv om me laga eit djupt sår i karmaen til øya ved å SPRINGA til kaien! Makan!!! Men dei kom, hadde fått staka ut retningen og vart varmt møtt på strandstien mellom kaien og hotellet vårt. Åh kor kjekt det var med leikekameratar til store og små! Under ser de gjengen; Hanne og Rune er dei to største, Oda skulle gått i klasse med Vilde, Synne i klasse med Edle og Henrik held oss alle i øyrene.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Så raskt me alle var installert i to naborom på hotellet var det ut for å testa ein middagsplass som hadde vore full kvelden før. Dette pleier jo å vera eit godt teikn, så me troppa opp tidleg og fekk oss eit langbord med plass til heile hurven. Dei under konfirmasjonsalder fann eit bord med disser(!) til stolar og kosa seg med å spela kort og drikka brus til maten kom på bordet. Me andre berre prata og testa ut den lokale varianten av brun vaksenbrus. Dei sist ankomne var noko prega av jet-lag, så det vart ein tidleg kveld.

P7060140

Dagane var nytta til å gjera berre rolege, gøye ting. Me bada, enten på eigen kai – det var heilt supert å bada der så snart ein kom utanfor tangbeltet i stranda – eller på The Split, kulaste baren og einaste stranda på øya…, åt god mat (på restaurant eller i eit lite lysthus utanfor romet – det er eigentleg veldig kjedelig å eta ute tre gonger per dag…), såg finalen i Copa America på ein lokal pub medan me åt lunsj, bumpa stadig bort i dei to tyske jentene me møtte på kaien i Chetumal, høyrde på karibisk musikk, åt ein heilgrilla fisk (jummi!!!), spela diverse spel, leigde oss to golfbilar på gøy og freste rundt i dei få gatene som er her, var jamnlege turar i den einaste minibanken på øya etter meir pengar og gjorde elles fint lite.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Men så kom bursdagen til Oda… Det er ikkje alle som får feira 14-årsdagen sin på ei karibisk øy – så den måte jo feirast sikkeleg! Me booka oss difor inn på ein skikkeleg snorkletur ut til karibien sitt Great Barrier Reaf. Me var lova skilpadder, skater og haiar, likevel må me seia at me vart noko overraska (les skremt…), då båten stopp opp på snorklestad nummer tre og me kikka over rekka… Der svømte det rundt tjue “nursing sharks” i eit einaste stort kaos og sloss om fiskerestar som guiden vår kasta i vatnet til dei.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Så seier han “Well guys, it is time to go in again!” Må innrømma at me lurte på kva i alle dagar me hadde gitt oss ut på. Men igjen – når ein er midt oppe i det er det heilt anleis enn når du sit heime i stova og tenkjer på det, så me sendte fyrst Vilde, så Edle ut i vatnet, før me store kraup forsiktig etter. Og for ei oppleving det vart! Me svømte rundt med haiar og skater så nært at me kunne TA på dei. Og eg som ikkje klarer å sjå på Haisommer utan pute… Her svømte eg rundt med haiar på alle kantar – og ikkje berre rundt meg men rundt jentene! Må ha fått ein mindre hjerneskade på båtturen ut hit! Elles fekk me sjå fleire skilpadder, to skater som svømte saman (det er visst veldig sjeldan å sjå – og det var nesten magisk å sjå dei elegante dyra navigera roleg over krittkvit sand rett under oss!), masse STOR fisk (me har snorkla før og sett mykje flott, fargerik fisk, men aldri så store som her. Mange var rundt ein halv meter – ein meter frå oss…), sjøku (utruleg kule dyr, og så store!!!), mourene (uff – skummel), hummar, baracuda og ein heil kyrkjegard med konkylieskjell! Trur dette er den flottaste snorkleturen me har vore på nokon sinne! Korallane og sjølve revet var ganske kjedelege, men dyrelivet varr fantastisk. Inkludert haiane…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Slitne og nøgde kosa me oss masse på ein liten italiensk restaurant før me tusla heim for å pakka. I morgon går turen vidare – inn i jungelen i Guatemala.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ut på havet i tropisk torden og vind

Ut på landeveien igjen! Me var litt spente på om det ville dukka opp transport vidare sør til Chetumal; det var ingen på hotellet som snakka engelsk og spansken vår er noko minimal trass i at Vilde har hatt det eit år på ungdomsskulen og Camilla har hatt eit år på kveldskurs. Men med dei glosene me kan, ein liten parlør og google translate er det rart kva ein klarar å få til! Me susa sørover i ein skranglete taxi utan sikkerhetsselar i baksetet på rustikke vegar. Eigentleg er me positivt overraska over vegane her nede, dei er på langt nær så dårlege som me har lest om på førehand. Dei fleste har fast dekke (utan hol!), hovudvegane har midtdelar og gjerne to filer kvar veg. Og tre om ein reknar med vegskuldera som gjerne vert tatt i bruk… image

Vel framme i Chetumal fann me raskt fram til byrået som køyrer båt ut til Caye Caulker. Litt akedering og fakter og forsøk på å seia at me hadde snakka med ein fyr på telefonen (Who? The guy who picked up the phone..?), og vips så hadde me fire billettar via San Pedro til Caye Caulker. No var det berre å få seg litt mat og så passera imigrasjonen. Begge delar lettare sagt enn gjort… Chetumal må vera ein underleg by – me sleit rett og slett med å finna ein stad å eta! Så me rusla rundt i til tider verkeleg HØLJANDE regnver og shoppa litt og leita etter restaurantar. Etter ein drøy time hadde me lokalisert to sjapper, ei med kinamat liggjande ope på ein disk og ein kor dei ikkje var eit einaste menneske – hverken gjester eller ansatte. Me satsa likevel på den siste og rusla rundt i lokalet og sa “Hola?” ei stund før det dukka opp både serviør og kokk. Men sjølvsagt ingen engelsk meny eller engelsktalande ansatt. I tillegg hadde me lite cash att (sjølvsagt – me skulle jo bytta land og med det valuta!), så det blei dei 196 pesosane me hadde som avgjorde kva me peika på i menyen. Og sidan det (som vanleg) ikkje stod drikkevarer i menyen, fann me ut at me fekk dela to flasker cola. Trur servitøren syntes me var eit underleg følgje… Me hadde fått streng beskjed om at imigrasjonen var open frå 13:30-14:00 og at me måtte vera presise. Og det var me sjølvsagt. For å så bli sitjande i kø fram til den verkeleg opna kl. 14:15. Og då det endeleg var vår tur oppdaga me at papira våre frå Kilroy ikkje var gode nok, me måtte versågod betala utreiseskatt på 25 USD per pers på nytt. Pengar me ikkje hadde… Så då var det ut av køen og på sprang til minibanken for så å havne bakerst i køen igjen…

image image I mellomtida hadde det skya noko veldig til. Himmelen var heilt grå, det blas kraftig og det lyna og tordna. Me var litt bleike om nebbet med tanke på at me no skulle ut på det opne havet i to til tre timar – i ein etter vår meining liten båt. Men må man, så må man. Me klatra ombord saman med ca 15 andre, inkludert to hyggelege tyske jenter som me kom i snakk med på kaien (meir om desse seinare…). Heldigvis vart overfarten mykje betre enn me hadde frykta. Båten viste seg mykje meir sjødyktig enn han såg ut, og me merka ikkje noko til hverken lyn eller torden. Båten gjekk via San Pedro for ny runde med imigrasjon. Me vart satt i land på ein kai, og måtte via ikkje mindre enn tre skranker før me var tilbake på samme kaien igjen. Ny runde med pengeutfordringar vart det også; det viste seg at me måtte betala for å komme oss INN i Belize også… Heldigvis vart me fyrst tilbudt å låna pengar av tyskerane før me oppdaga at innreiseskatten var på heile USD 1,5 for oss over 12 år, og SÅ pass dollar hadde me med i sekken! Så då var det bare å venta på at båten som skulle ta oss vidare til Caye Caulker skulle dukka opp slik at eventyret kunne fortsetja. image image

Me gledar oss verkeleg til dei neste vekene – om to dagar kjem Hanne, Rune, Oda, Synne og Henrik, det skal bli veldig kjekt med reisefølge!