Jungelbrøl og zip-lines i tretoppane

På tide med litt jungel og kultur etter veker med slaraffenliv langs kysten av Yukatan-halvøya! Det betyr vekkarklokke og morgonbåten frå Caye Caulker til Belize City og privat van tvers gjennom heile Belize og til midt inne i Guatemala. Når ein er ei gruppe på ni personar er det fort beste måten å reisa på; i Belize og Guatemala får ein ikkje plassbillettar på bussane og dei er ofte veldig fulle, så det er ikkje sikkert ein kjem med på same bussen – og endå mindre sikkert at ein får sitja … Og når ein er ni sjeler til å dela på rekninga blir det ikkje så mykje dyrare hellerSå med tanke på at turen kunne ta åtte timar på det me hadde høyrt var nokre av dei dårlegaste vegane i verda var valget enkelt!  
    
 Forventningsstyring er veldig viktig… Me hadde skikkeleg låge forventningar til turen – og så gjekk den heilt supert! Grensepasseringa som me var varsla om at kunne ta timar tok ca 20 minutt inkl. dei vanlege forviklingane ang. utreiseskatt, vegane hadde med unntak av to kilometer faktisk fast dekke og sjåførane (bilbytte på grensa) kunne noko som likna på engelsk slik at me kunne få mykje nyttig info av dei undervegs.  

Vel framme i Tikal var me hypereffektive på planleggingsfronten; før me kom til hostalet vårt hadde me booka både morgon- og ellermiddagsvandring i parken, laga ein halvvegs avtale om ziplines og fått anbefalingar om restaurantar. Etter litt mat og ein tur i bassenget var det tid for krokodillesafari! Me var blitt tipsa om ein dam der det skulle vera over 40 krokodillar! Med hjarta i halsen sneik me oss ned med lommelykter og høg puls.    

 På vegen møtte me guiden vår og fekk instruksjonar om morgonvandringa. Vel NATTvandringa… Oppmøte var kl 04:00… Så då var det bare å komma seg i seng og prøva å få litt søvn. Noko som ikkje vart like lett for alle… Rundt midtnatt vakna me vaksne av høge skumle brøl frå jungelen rett utanfor døra. Me hadde fått fem rom i ein eigen fløy av hostalet med ein langsgåande platting på ca 1,5 meter som skilte romma frå jungelen. Saman med det faktum at det ikkje var glas, berre netting framfor vindauga, kjendes det ut som om noko stod og brølte INNE på romma våre. I tillegg var det ikkje straum på hostallet om natta, så det var dørgande mørkt. Og fælt så skummelt! Etter litt att og fram kom me alle kvar for oss til at det nok ikkje var panterbrøl, men brølaper som laga alt levenet. Likevel var det ingen av oss som turde ta turen ut på det felles toalettet ila natta – slike behov fekk venta!

Kl 03:45 ringte vekkarklokkene og kl 04:00 var me klar heile gjengen. Langbukser, hodelykter, myggspray og trøtte i trynet fekk me ein kopp kaffi før me rusla inn i jungelen til lyden av palmesus, sirissar og brølaper. Me fekk ei fin innføring i medisinske planter, insekter me møtte på vegen, kva dyreliv som var vanleg i parken, mayaene sin ingeniørkunst og kultur før me ved soloppgang klatra opp på ein av dei høgaste pyramidane for å høyra jungelen vakna og sjå sola stå opp.   

    
 Og kven trur de me møtte på toppen av pyramiden? Joda – dei to jentene frå Tyskland som me også hadde møtt i Chetumal og på Caye Caulker!

Trøtte og metta på inntrykk bar det heim til hostalet vårt for frukost og ein liten lur før me fann oss ein lunsjstad og klarte å komma for seint til ettermiddagsturen vår… På nytt bar det inn i ein av dei største Maya-byane i Mellom-Amerika, kyndig guida av Jose Louis. Han viste oss korleis mayaene hadde kunna laga dei store byggverka, korleis dei skapte optiske illusjonar og korleis dei fekk pyramidane til å laga ekko av klapping som høyrdes ut som skrika til quetzalen (nasjonalfuglen). Innimellom fekk me sjå apar, ein rev som ikkje var meir enn fem meter frå oss, diverse store fuglar og gøye insekt. Og så fekk me nærkontakt med apebæsj… Den luktar noko aldeles forferdeleg, og medan me stod og kika på nokre apar som leika i tretoppane over oss fann to av dei ut at me var ypparlege skyteskiver. Resultat? Fleire store klæsjar midt mellom to av oss og heldigvis berre ein liten klatt på buksa til Rune. Så heldig er det mest ikkje lov å vera!

Ettermiddagsturen vart avslutta med at me igjen klatra opp på ein av dei høgaste byggverka i parken, og – etter instruksjon frå guiden – også klatra over sperringane og ut på kanten. Der sat me med beina over kanten og såg på at kveldsola spegla seg i ein annan pyramide. Magisk – og nervepirrande for dei av oss som slit med ein smule høgdeskrekk.      

    
    
 Godt nøgde med dagen pakka me sekkane for kjapp avreise neste dag. Då hadde me booka oss inn på zip-lines før me skulle reisa vidare til Antigua. Dette var noko særleg mødrene i gjengen hadde gått med på for dei “små” sin del – me var slett ikkje sikre på om me ville tørra å vera med opp i tretoppane… Men det er rart med det – når ein er midt oppe i det blir det mykje mindre skummelt enn det er når ein tenkjer på det på førehand! Så alle ni kom både opp, over åtte løpestrengar inntil 30 meter over bakken og ned att på trygt vis. Pulsen og angsten var nok høgare oss enkelte enn hos andre, men me gjennomførte med stil. Nokon prøvde endå til opp/ned og som superman/-woman!    

    
    
    
   
Metta på opplevingar og fulle av adrenalin set me oss no på i bilen som skal ta oss til Flores der me skal finna nattbussen vidare til Antigua. Det blir godt med litt pause no!

 

Leave a comment