Siste dagar i Taipei

Etter taxiforviklingane på togstasjonen var det fire fnisete nordmenn som snigla seg framover i ettermiddagstrafikken i Taipei på leiting etter nytt hotell. Me har for lengst gitt opp å uttala noko som helst på engelsk-kinesisk, så det vert nettsider og fingerspråk og kart når me skal finna fram. Heldigvis har me hamna hos ein hyggeleg taxisjåfør som leitar, satsar 50/50 i eit par lyskryss og til slutt ringer ein ven. Og vipps – så står me på gata utanfor eit heller lugubert bygg med spor av «Longstay hotel» på veggen. Det er berre å ta sekkane på ryggen, pressa oss inn i ein minimalistisk heis og ta turen opp til femte etasje (ekte femte – dette hotellet har faktisk fjerde etasje også!). Me kjem inn i ein heller komisk resepsjon med legoklossar! på veggane, ein heller forvirra resepsjonist og elles lite anna. Men som alltid i Taiwan – førehandsbestillinga vår er på plass (sjølv om ingen skjønnar at vår presentasjon som «Vikain» skal samsvara med «Vikane» på bookingen, desse innfødde kallar oss heller noko som liknar på «vichihing»).

Denne kvelden går me på vår fyrste «bookingsmell». Ikkje ein spesielt stor ein, men rommet er pitte lite, mørkt, har knapt vindauge og eit smalt og rart bad. Ikkje heilt som me trudde ut frå ratingen på www.hotels.com, men heilt OK. Me orkar i alle fall ikkje å bytte – for me har jo ikkje tenkt å vere der så lenge uansett! Så etter ein kjapp runde med klesbyte og kattevask, er me igjen klare for Taipei. Og no skal me jåla oss litt! Jentene i reisefølgjet har blinka ut ein neglestad og skal ha manikyr og gèl, han far skal få ein time fri etter at han har funnet ein middagsrestaurant utan nudlar.

Me hamna på Collor108, ein trong korridor inn frå gata og opp ei trapp. Der sat det fem damer og fiksa negler etter alle kunstens reglar. Me har aldri sett så fantasifulle og flott negler nokon sinne. Det var nesten litt flaut at me berre skulle ha ti einsfarga negler kvar! Så Vilde redda oss med å ta fire negler i kontrastfarge 😊 Men kjekt var det og flinke var dei! Så fekk det heller våga seg at dei estimerte 45 minutt me hadde gitt Geir blei til heile 90 minutt… Godt det ikkje tok endå lengre tid; Geir hadde vore og funnet ein restaurant han meinte kunne passa bra. Då han stolt viste fram staden han hadde funnet fekk han litt rare blikk frå oss jentene – det var jo same staden som me hadde ete sist me var i Taipei! Litt forsiktig spurte me om han ikkje kjente igjen døra og menyen… Det er godt me jentene har litt betre GPS og hukommelse enn vårt mannlege reisefølgje!

Me byrjar å bli litt lei av restaurantmat no, så neste morgon vart det brød, banan og cherrytomater til frukost før me tok t-banen til ein bydel nord i Taipei for å gå på museum.

Då Chiang Kai Shek rømte frå fastlandet, tok han med seg store delar av dei kinesiske kulturskattane. Mange av desse er i dag utstilt på National Palace Museum – som heldigvis viste seg å vera ope (me er framleis litt snurt over bomturen til National Museum of History for fjorten dagar sidan). Ein kjapp lunsj og me er klare med gratisbillettar for ungdomen og audioguide på øyrene. Som det nesten ikkje er mogeleg å høyra noko av! Over alt i museet står det skilt om å vera stille, og lokala er høgtidsame og flotte – men publikum? Det minnar meir om ein engelsk fotballarena enn eit museum. Det er så mykje prating, latter og roping at me etter kvart brukar audioguiden som middel til å halda lydar UTE enn å få kunnskap INN! Så der går me mellom eldgamle og nyare kinesiske kunstskattar og lengtar tilbake til ro og fred på austkysten. Det er mykje flott – og mykje rart. Og mykje me ikkje skjønnar. Det er fleire rom med skriftrullar med kinesiske teikn – og det er rart og sjå kor forskjellige teikna kan vera – det er nesten som at du ser dialektar i pennestroka! Nett då angrar me litt på at me ikkje har leigd ein guide som kunne ha fortalt oss litt om det!

Men me tenker at det får vera nok høgkultur for i dag. Me set nasen mot rutebussen som skal ta oss vidare til Shilin Night Marknad for ein matbit og litt lågkultur. Det viser seg at me ikkje veit heilt kva me går til… Me hadde jo vore på nattmarknad i Hualien og trudde me skulle på noko liknande. Men her kraup liksom nattmarknaden inn på oss… Me gjekk nedover smale gater mot der me trudde me skulle finna eit marknadsområde – og etter kvart som det vart tettare og tettare med folk skjøna me at me var midt oppe i det! Shilin night marked er eit område med smale smug med butikkar, boder og små matvogner. Og tett i tett i tett med folk. Omtrent som køen ut av Koengen etter ein Bruce Springsteen-konsert! Over alt er det folk som handlar, pratar, drikk og et. Og folks om prøver å få merksemd for det dei har å tilby på dei mest kreative vis – megafonar, blinkande lys, hyl og kostymer. Vår plan om å finna ein stad å sitja og eta ein god middag vert bytta ut med å siga sakte med straumen rundt i området og grabbe til oss ei skål med fritert kylling her, nokre glaserte jordbær der, fem steikte vaktelegg på pinne, ei flaske øl på eit hjørne og friterte pannekaker frå ei bu. Me byrjar å tenkje at det kanskje var like greitt at me ikkje fekk ordna visum til Kina – det bur berre rundt 22 millionar i Taiwan, men me begynner å kjenna på at det er litt mykje folk alle vegar. Ein dag og to på Hardangervidda verkar med eitt veldig freistande!

Men det skal ikkje så mykje til før me er i lodd igjen! Ei god natt søvn på det pitte vetle hotellrommet vårt, ein sein og god vestleg brunch, eit kjapt hotellbytte og litt shopping, og me er klare igjen. Planen for siste dag i Taipei er å få med oss eit par tempel og litt fotmassasje samt lunsj på ein ny temarestaurant – denne gongen «Alice is coming». Så me traskar av garde, svippar innom den eldste offentlege bygningen i byen for litt historieoppdatering, drikk te og kaffi på ein lokal kaffibar og troppar opp i wonderland hos Alice. Bare for å få beskjed om at her må du reservere bord veker på førehand! Men me rekk å sjå at lokalet er pynta nett som i filmen og at alle sit og et i store tekoppar. Og at servitørane har sånne fjollete kjolar på seg. Det hadde vore stas med «Afternoon tea» der – men me fekk jo uansett sett det!

Etter kvart finn med også fram til Longshan Temple. Eit flott, tradisjonelt tempelbygg med dragehovud på taket, masse glitter, røykelse og gull – inneklemt mellom høghus midt i Taipei. Igjen vert me forundra over kor integrert i kvardagen den buddhistiske religionen er. Folk kjem og ber, mediterar og legg att offergåver midt innimellom masande turistar med klikkande kamera, selfiestenger og påtrengjande gruppeposeringar. Og ingen ser ut til å bry seg. Imponerande av dei truande og litt flaut for oss som trengjer oss på…

Men NO må me slappa av! Det som måtte vera av gudar eller anna der oppe i himmelen har funnet ut at det er på tide med ein ny vask av byen, så me søkjer tilflukt på ein massasjestad. Geir vel ryggmassasje og vert plassert inne i eit lite rom uner trappa (nett som Harry Potter), me tre andre vert plassert i kvar vår gode stol med fotbad medan me ventar på ein time med fotmassasje. Som viser seg å ver meir sadomassasje! Det gjer vondt! Sindige nordmenn er jo oppdratt til å smile og seie takk, så me sit stille og lir ei heil stund. Så prøver me med nokre små hint om at det kanskje ikkje treng å strykast så hardt, men no verkar det som om språkutfordringane også har råka kroppsspråket, for trass i at me trekk til oss beina, ristar på hovudet, ynkar oss og ber om nåde, durar dei berre på. Så det vert ein time med smerter – og etter kvart ganske så hysterisk latter rett og slett for å avleda merksemda frå det som skjer frå kneet og ned. Særleg går dette ut over underteikna som har fått ein massør som ser ut som – og oppfører seg som – ein krysning mellom Bruce Willis og Bruce Lee. Inne under trappa går det hardt ut over ryggen til Geir også, men han trøystar seg med at det er god stemning ute ved fotbadet – han høyrer jo berre at me ler!

Endeleg er me ferdige og kan ikkje komme oss raskt nok ut av lokalet. Snakkar om tortur! Me er stive og ømme, og det er vondt berre å trø litt hardt på gata! Skal ikkje massasje vera godt og avslappande?!? Me avgjer kjapt at me må trøysta oss sjølve med litt god mat – og smyg oss usett inn på TGI Fridays for burger og pommes frites. Ikkje sei det til nokon – det er flaut at me vel ein slik restaurant når me er på tur, men abstinensen etter salt og noko med tyggemotstand er blitt for stor!

I morgon tidleg pakkar me sekkane, tek ein taxi til flyplassen og seier takk til Taiwan for denne gong. Landet har teke oss med storm, og me er veldig sikre på at me må tilbake hit igjen – særleg freistar det med fotturar i høgfjellet. Det er berre det at det er så mange, mange andre stader rundt om i verda som lokkar! Så no; neste stopp Indonesia!

Flytrøbbel, lyntog og hissige taxifolk

På tide å tenkje på ferien etter Taiwan. Etter ei kjapp handsopprekking på hotellrommet med resultat 2-2, får ungdommen viljen sin og jakta på billettar til Filippinene startar. Det er vel å underdriva at reiseleiaren er litt meir glad i å fiksa slikt på ein skikkeleg PC med stol og tastatur enn sitjande i ei seng med ein iPad i fanget, men erfaring gjer at det ikkje tek så lang tid før greie billettar til Denpasar i Indonesia med eit par dagar stopp-over i Manilla er identifisert til ein grei pris og med eit flyselskap som me reknar for rimeleg trygt (det er særs ulik sikkerhetsrating på flyselskap i Asia så det kan vere smart å sjekke ratingen dei får av det internasjonale luftfartstilsynet!). Så er det å trykke seg gjennom sider med «vil du ha ditt og datt» av alt mogeleg mens prisen stig for kvart tastetrykk. Til slutt har dei greitt prisa billettane blitt 75% dyrare enn ved starten – og då har eg trykt «nei» på alt utan bagasje! Så då er det berre å takka glatt nei og begynne på nytt med neste leverandør. Her stig ikkje prisen så mykje, så då går me vidare til å leggja inn personopplysningar. Fire namn, nasjonalitet, fødselsdatoar, passnummer, utløpsdato og land samt kredittkortinfomasjon vert lagt inn – og midt i prosessen kjem det opp beskjed om at «tiden er i ferd med å løpe ut – fullfør i løpet av to minutter for å beholde denne prisen». Prøv å legge inn all slik informasjon for fire personar på ein iPad med stigande puls på to minutt. Det går faktisk ikkje. Og vipps – så er prisen 50% dyrare. Puls, adrenalin og blodtrykk når no farlege høgder og det er rett før det meste ryk ut vindauget. Trekk pusten og begynn på nytt. Etter fire slik rundar er det på tide med nytt familieråd. Det vert veldig dyrt å ta turen via Filippinene. Er det verdt det..?

Konklusjonen vert etter kvart nei. Når byferie i Manila vert dyrt og komplisert, freistar det meir å reise litt tidlegare til sol og strender i Indonesia. Så me endrar plan til å finne fly rett til Denpasar. Etter eit par tilsvarande rundar med at prisane stig rundt 50% i løpet av bestillingsprosessen endar me med ei rimeleg nattflyging natt til måndag. Letta lukkar me iPad og tek kvelden.

Fredag morgon gjer me oss klar til avreise tilbake til Taipei.

Me skal ta båten over innsjøen igjen, finna ein buss som skal ta oss til Taichung, kor me så skal finna eit hurtigtog til Taipei. Ein kjapp sveip innom Facebook og mail medan me framleis har nett – og så ut på tur. Men så; reiseleiaren får nærast hjartestans – kva er det som ligg i mailboksen? Jo – beskjed om at billettane til Indonesia som vart bestilt og betalt i går er langt frå OK: «We regret to inform you that we have not been able to confirm your booking request.» Me har altså likevel ikkje billettar vidare. Så då er det berre å banne og steike litt, utsette avreise og starte ny jakt på flybillettar. No er me rimeleg lei av å trykke og prøver oss på ein direkteflight med EVA Air. Og under over alle under – sjølv om me faktisk vil ha med oss bagasje, sitja i stolar og betale med kredittkort så stig ikkje prisen med ei einaste krone! Og billettane kjem i mailboksen innan eitt minutt!

Takk og lov og på tide å komme seg av stad! Damene på hotellet har fiksa gratisbillettar til båten over innsjøen, frå dagen før veit me kvar bussen til Taichung går frå, og etter litt surr finn me også ut kvar me skal kjøpa billettar. Bussen har AC og utanfor vindauga er det mykje kjekt å sjå på.

Me startar med å køyra gjennom små landsbyar, svingar innom ein større by med det sedvanlege asiatiske kaoset av bilar, minibussar og motorsyklar, tråklar oss ned nokre fjellsider og kjem ut på eit slettelandskap som er flatt så langt auga kan sjå. Etter kvart dukkar det opp hus, fleire hus, fleire vegar – og etter kvart er me inne i det som verkar som ein einaste stor by. Merkeleg nok med rismarker innimellom industribygg og motorvegar og høge og låge bustadhus. Me har komet ned på vestkysten og ser klart kontrastane til austkysten. I aust er det natur og spreidd busetnad. I vest er det nærast ein samanhengande by frå Taipei i nord til Kaohsiung nesten i sør. 85% av alle i Taiwan bur langs denne kyststripa – og dei bur tett!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I Taichung går me på vår fyrste skikkelege matsmell… Det vert McDonalds-lunsj på alle fire. Og Donuts (men dei var frå ein lokal butikk altså!).

Litt ugne i mage og samvit tek me plass på lyntoget til Taipei. Geir jobbar for tida med anbod på drift av Bergensbanen og har med jobb på ferie denne gongen, så han meiner togturen til Taipei er studiereise. Og kjekt er det. Nytt, flott tog som susar gjennom landskapet i 300 km i timen, store delar av tida på bruer høgt oppe i lufta.

Det er fullt mogeleg å ta tog rundt heile øya/landet i løpet av ein dag! Om du har billetten i orden då… Brått vert me passa opp av ein streng konduktør som ber om å få sjå legitimasjon på ungdommen. Via dei vanlege språklege forviklingane skjønnar me at teknologien har vist konduktøren at me har barnebillett på 15-åringen medan grensa er 12 år. Me protesterer mildt og seier at me måtte framvise pass før me kjøpte billett, så om billetten er feil er det vedkommande i billettluka som har gjort feil, ikkje me. Denne gongen er den manglande engelskkunnskapen på vår side, konduktøren orkar sikkert ikkje diskutere dette meir, så ho smiler, gjev oss legitimasjonen tilbake og seier noko som sikkert betyr «God tur vidare».

Men dette er dagen for transporttrøbbel… Vel framme i Taipei finn me fram til taxikøen. Det er ikkje langt til hotellet frå togstasjonen, men berre tanken på å traske i gatene i 35 grader og solsteik med ryggsekkar på rundt 15 kg kvar gjer oss sveitte. Så me ventar tolmodig i kø til me får tilvist ein taxi. Me stussar litt over at sjåføren ikkje kjem ut av bilen og hjelper oss med bagasjen, men han opnar no bakluka og me klarar jo fint å laste inn sjølve. Så hoppar me inn i bilen, finn fram hotellnamnet på telefonen og viser til sjåføren (me har gitt opp å prøve å uttale noko som helst på kinesisk, det er betre å la folk lese sjølve kvar me skal). Men mannen ser berre sint på oss. Så me prøver igjen «Please take us to this hotel?». Fortsatt berre sint fjes og risting på hovudet. OK – me prøver ny taktikk; finn fram kartet som viser kvar hotellet er. No kjem det sinte gloser i tillegg til hovudristing og himling med augene. HM – kva har me gjort? Hotell i dårleg strøk? Narkohotell? For fint hotell til at me kan passe inn? Trur han ikkje me kan betala? Til slutt må me berre spørje «Will you not drive us?» – noko som vert besvart med vifting med hender som ikkje kan bety anna enn «Kom dåke ut av bilen min»! Me let oss ikkje be to gonger, så ut av tre dører tyt det fire frustrerte nordmenn. Berre for å bli møtt av taxikøsjefen som tydeleg har blitt irritert av at taxien ikkje har køyrd for lengst slik at ho får orden i rekkene sine. Så no byrjar ho også å kjefte på oss (sjølvsagt på mandarin). Ho viser seg å vera svært språkmektig på mandarin og å forstå mykje engelsk, så etter eit par sekund vert all aggresjon snudd mot sjåføren og det vert beint fram underhaldande å høyre på. Snart kjem ei ung kvinne bort og prøver å ta rolla som tolk mellom oss, taxikøsjefen og sjåføren. Men ho skjønnar like lite som oss av problemet. Men etter mykje kjefting vifting med armar og augnevipper smeller taxikøsjefen igjen dørene på taxien (me var så barnslege at me lot dei stå opne etter oss…) og viftar han av garde utan kundar. Så dyttar ho oss inn i neste taxi. Me takka og bukkar til både henne og ho som prøvde å hjelpe oss, og får latteranfall i den nye taxien. Ja, ja – me resonerar oss fram til at den sinte sjåføren sikkert ikkje kunne lese og ikkje ville miste ansikt..?

No er me i alle fall ferdig med transportforviklingar for i dag – no skal me sjekke inn på nytt hotell og kose oss nokre dagar i Taipei før me reiser vidare til Indonesia. Om ikkje det kjem fleire forviklingar då…?

På bryllupsreise? Etter 21 år!

Sun Moon Lake – Taiwans største reisemål for folk på bryllaupsreise! På og rundt heile innsjøen vrimlar det med stader som reklamerar med mest romantiske feiring og flottaste bildebakgrunn, den beste bryllaupsreisa og den flottaste dekoren. Eigentleg er det TO innsjøar ca midt inne i landet – Sun og Moon – som etter ei kraftutbygging med oppdemming vart til det fantasifulle Sun Moon Lake. Me hadde høyrt mykje om kor vakkert og fredfullt det var der oppe, så den kronglete bilturen opp Tarokodalen og over fjellkjeda enda etter kvart ved denne innsjøen.

Etter timar med fjell og dalar, skrentar og regnskog, landsbyar med krigsveteranar kom me ned til noko som minna meir om eit slettelandskap innimellom høge fjell. Fjellsidene var framleis dekka av grøn skog og det var vanskeleg å seia noko om kvar den eine landsbyen slutta og den neste starta. Over alt vaks det nokre høge, slanke palmer som tydelegvis var del av eit jordbruk – dei stod like sirleg på rekke som juletreskogen heime. Dette viste seg å vera ein mildt sløvande plante som dei lokale dyrka for å lage ein slags tyggetobakk. Den gir den som tygg ein veldig raudfarge i munnen, fører til dårlege tilhøve i munnhola med tanntap som resultat og er sterkt avhengighetsskapande… Likevel vert godt jordbruksareal brukt til heilt lovleg produksjon av denne tobakken. Me er framleis ikkje heilt stø i verken taiwansk eller mandarin, men eg trur mange av oss har eller har hatt litlebroren til denne palma heime i stova – eg meiner det er Betelpalme.

Me hadde blinka oss ut ein liten landsby på sørsida av Sun Moon Lake – Dehuashe. Seks gater eine vegen, fem den andre. Ikkje så vanskeleg å bli kjent, og lett å finna hotellet. Der vart me møtt av nokre svært entusiastiske damer som snakka relativt godt engelsk og insisterte på å bera bagasjen vår opp til rommet vårt i fjerde etasje. Og det av rein godvilje – her var det ikkje den vanlege varianten med å grabbe til seg bagasjen for så å be om betaling etterpå. Så tross våre iherdige protestar vart me dytta inn i ein minimalistisk heis medan sekkane våre forsvann opp trappene. Bakfrå såg det ut som om dei hadde fått bein – meir var ikkje synleg av dei gode hjelparane våre 😉

Skjønt fjerde etasje… Me er jo vant med at fly ikkje har seterad nr 13 men her borte er det fire som er det skumle talet. På kinesisk er uttalen av fire det same som for ordet død, så mange stader tek dei det heilt vekk. Altså ingen fjerde etasje. Og for dei med størst innslag av tetrafobi – heller ingen førtiande til førtiniande etasje! Så eit bygg som seier dei har penthouse i 50 etasje har kanskje berre 35 etasjar!

Det er noko med oss nordmenn og vatn… Etter å ha vore rundt og sett utallege fossar og elvar etter oppfordring om «stunning», «spectacular» og «beautiful» og endt opp med å sjå noko ca like imponerande som elva Mjølkeråen heime (ho kan vera veldig flott når ho er flomstor altså!), er me alltid litt avventande når me oppsøkjer vatn i utlandet. Så også når me tuslar ut av hotellet vårt neste morgon. Når rykta går heilt til vetle Noreg om kor flott denne innsjøen er – vil me verta imponert? Diverre er svaret nei… Det er ein innsjø utan nokon spesiell form. Regnskogen går heilt ned i vasskanten – så altså ingen strender eller svaberg eller stup. Berre grøn skog som møter mørkt vatn. Og mange støyande hurtigbåtar som kryssar innsjøen mellom dei ulike landsbyane. Buss rundt innsjøen tek ca éin time, hurtigbåt over ca 20 minutt. Me vel båtalternativet, og etter super hjelp (igjen) av damene på hotellet, har me billege billettar i lomma og ei ca forståing av korleis ting fungerer her oppe. Og det blir ein fin tur over sjøen. Me likar vatn og urørt natur – og så får me mykje humor med på vegen når ein over entusiastisk guide gjer sitt beste for å underhalda og informera oss på vegen over – på høg og rasande rask mandarin. Me skjøna verkeleg ingen ting! Me trur han har sagt noko om dei ulike tinga me bør sjå rundt sjøen, noko om korleis «hopp på, hopp av-billetten» vår fungerer og noko om kva tid siste båt går – men ut over det…? Men dette er me så vant med no at det berre vert morosamt!

Vel over til fyrste landsbyen me vil vitja lurar me litt på korleis noko skal ha kontroll på at me har dagpass på båtane, men tenkjer me tek problemet når det kjem seinare på dagen. Men etter å ha gått litt innover i gatene kjem det brått ei blid dame etter oss og viftar og forklarer og peikar og smiler (igjen alt på mandarin) – og avsluttar med å teikna nokre krusedullar på armane våre. Me skjønnar at me no har fått orden på dagpasset vårt, smiler og bukkar og håpar ho skjønnar at me seier takk!

Dei kjekke folka på hotelet vårt hadde teikna eit kart til oss med kva som var verdt å få med seg i den landsbyen me no var hamna i. Klokt nok hadde me lagt dette att på hotellet… Men underteikna har av ein eller annan underleg grunn klisterhjerne på kart, så me haldt venstre og jakta på ein fin turveg som skulle gå langs sjøkanten. No problem, me gjekk rett på – og rett inn i ei frykteleg regnbyge! Me visste at det var monsuntid i Taiwan før flybillettane var bestilt, så dette var me sjølvsagt budd på. Ut av sekken trylla Geir regnburkaene våre. Ikkje spesielt kledelege, men billege, lette og tek lite plass i sekken – altså svært praktiske å ha med på tur. I kledd desse rakk me fram til ein overbygd rasteplass før slusene opna seg heilt. Og det var ikkje så mykje anna å gjere enn å setja seg ned og vente – støvlar er ikkje del av grunnutrustinga vår, og no rann det i strie straumar på stien. Ny runde i sekken – og fram kom både kjeks og kortstokk. Litt utfordrande å spela drittsekk når vinden kastar regnet inn på bordet, men ved hjelp av brilleetui og vanntett kamera fekk me laga pidestallar til å ha korta på. Me har då vore ute ein sommardag før!

Det fine med regn andre stader enn i Bergen er at det ofte sluttar relativt raskt. Så etter å ha grusa Geir skikkeleg i kortspel, kunne me ta av regnburkaen og fortsette turen. På vegen kom me forbi både flytande åkrar og eit minneatrium for Confucius. Må hugse å lese meir om han – det er tydeleg at han har satt store spor etter seg i Taiwan. Eit par dragetempel kom me også forbi – og den vanlege forvirra horden av kinesiske turistar.

Til lunsj var me så heldige å finne ein restaurant som laga pizza! Me hadde store forventningar til maten i Taiwan, men er diverre blitt skuffa… Det er mykje ihjelkokt kjøtt og grønsaker i smaklaus suppe/buljong, så me utstøtte reine lykkehyla då me oppdaga at me i dag kunne få noko som likna på italiensk pizza. Og løkringar. Og kvitløksbrød. Guilty pleasure-lunsj!

Mette og blide tok me båten til neste stopp. Det viste seg å vera eit tempel – og lite anna. Men frå sjøen hadde me sett ein imponerande pagode oppe på ein åskam – så den ville me ha med oss.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter kvart fann me ut at me kunne ta ein buss opp der, men den gjekk ikkje før om 45 minutt. Bussruta sa at bussen skulle bruka to minutt opp til pagoden og off line-versjonen av City Maps to Go sa at det var ein drøy kilometer opp. Beslutningen var enkel – me går! Det er i det heile blitt mykje trasking på denne turen. Ein ting er at det er slik me likar å oppleve nye stader, ein annan er at underteikna er blitt heilt manisk på å nå alle måla på Fitbiten kvar dag. Dvs 10.000 skritt, 8,05 kilometer, 2.450 kaloriar, 10 trapper og 30 minutt med høg puls. Så me gjekk. Og gjekk, og gjekk, og gjekk. Vegen slynga seg oppover åssida som om me skulle ha vore tilbake på Vestlandet. Lange, buande hårnålssvingar – og ikkje snakk om at det var mogeleg å kappa svingane her – det var stupbratt og ugjennomtrengjeleg regnskog. «Sikkert med slangar og edderkoppar» som Edle slo fast ganske kjapt. Men me rakk opp før bussen kom. Sveitte og tyrste – og ferdige med dagens Fitbitmål. Og det var veldig verdt det. Sjølv om det var skilta at pagoden stengte 10 minutt før me rakk opp, var den open og det var fritt fram å gå opp trappene til toppen. Og for ei utsikt! Det var som å vera i tårnet til han der Tobias i Kardemommeby – 360 grader utsikt til fjell og skog og innsjøen. Og berre oss og eit taiwansk par, elles altså heilt stille og fredfullt. Paret var litt nysgjerrige og litt generte, så dei stod og dytta i kvarande og fniste – og det var tydeleg at det var oss dei snakka om. Så eg gjekk rett og slett bort og helste på dei. Slik fekk me ei litt haltande innføring i historia bak pagoden og litt om korleis det elles stod til med forholdet mellom Kina og Taiwan og slikt. Og nokon som kunne ta ein familiebilete av oss!

Så var det på tid å komme seg tilbake til hotellet. Sola går tidleg ned, så dagane er korte. Me hadde fått hand om ei bussrute som sa at siste bussen frå pagoden skulle gå kl. 18:05. I god tid før dette benka me oss ved inngangen til sjølve pagodeområdet, som også var slutten på den asfalterte vegen. Og der sat me. Lenge… Ca 18:05 meinte me å høyra at bussen kom, men me var framleis like åleine i skogen. Så kvart over måtte me innsjå at det nok ikkje kom til å komma nokon buss – den køyrde tydelegvis ikkje opp til inngangen, bare passerte på hårnålsvegen ca 500 meter lenger nede… Så det var berre å begynne å gå igjen. I krysset ved «hovudvegen» såg me no at det stod «innkøyring forbudt for store bilar», eit skilt me hadde oversett totalt i kappgangen oppover litt tidlegare… Litt lenger borte i vegen fann me ein snarveg som tydelegvis kom opp frå der me hadde gått av båten – så me kunne nok spart oss alle svingane. Og heldigvis – litt lenger framme fann me eit par små butikkar som var i ferd med å stenge. Me tok på oss det mest tryglande «lost tourist-andletet» vårt og spurt om det var så at siste buss var gått og korleis me då kunne komme oss tilbake til landsbyen vår. Og vipps – så hadde me ein pirattaxi som køyrde oss dei 10 minuttane tilbake til hotellet.

I morgon reiser me tilbake til Taipei for eit par dagar. Planen er så å finna eit fly frå Taipei til Manila på Filippinene før me reiser vidare til Indonesia. Det ventar fortsatt mange opplevingar før denne ferien er slutt!

Opp fjellsidene og over fjelltoppar på 3.200 meter!

Så var me klare for å flytta oss frå aust til vest. Ruta er opp Tarokodalen og over fjellkjeda som er «ryggraden» til Taiwan og ned til Sun Moon Lake på vestsida av fjellet. Vegen over heiter «Central Cross Island Highway» og vart i si tid laga av veteranar frå Koreakrigen. Dei var kinesarar frå fastlandet som hadde følgt Chang Kai Shek over til Taiwan (Republikken Kina), og dei var lova å få reisa heim til familiane sine i Fastlandskina (Folkerepublikken Kina) etter krigen, men storpolitikken sat ein brutal stoppar for desse planane – det vart heilt umogeleg for Kina å akseptera at dei returnerte til Kina. Så då sat Taiwan att med eit stort problem – ein heil hær av sinte, single krigsveteranar utan familie eller anna nettverk på ei framand øy. Løysinga var å bruka dei til noko meiningsfullt – vegbygging – og så gje dei eit stort og grøderikt landområde oppe i fjella som takk for innsatsen. Slik vart ein heil «kommune» befolka av krigsveteranar som etter kvart fann roen og gifta seg med lokale kvinner.

Me stoppa og åt lunsj på ein av dei lokale restaurantane. Som vanleg vart bordet fylt av diverse me ikkje hverken veit eller visste kva var – men mykje var godt og mette vart me!

Og flinke vegbyggarar var dei! Me som vestlendingar er jo vane med litt av kvart på vegfronten, men vegen gjennom Tarokodalen og opp fjellsidene til godt over 3.200 meter er berre heilt vanvittig! Måbødal, Trollstig – du kan nemna kva du vil, men dette var både stor ingeniørkunst og komplett galskap! Vegen klorar seg fast i fjellsidene, skrapar seg inn i solid marmor, slyngar seg rundt den eine kløfta etter den andre, snurrar seg rundt klippeframspring og klatrar sakte men sikkert oppover. Og oppover.

Vegen er stort sett ikkje breiare enn bygdevegane innerst i fjordarmane på Vestlandet. Når du køyrer oppover har du bratte fjellsider rett til himmels på høgre handa. Til venstre har du… slutten på asfalten, stundevis eit autovern (malt i ulike glade fargar!) og elles lite anna enn luft. Mykje luft – veldi kjapt fleire hundre meter med loddrett luft.

Til å begynne med syntes eg det var dumt at det var så mykje tåke som hindra fritt utsyn, etter kvart var eg sjeleglad for alle låge skyer og frodig vegetasjon som kamuflerte det faktum at vegen godt kunne vore startpunkt for basehopping! Og likevel kom det minibussar og motorsyklar hylande rundt annakvar sving. Det vart eit par timar med hjartet i halsen. Takk og lov for den stødige sjåføren vår!

Det var meininga at me skulle stoppe på toppen og gå ein tur opp på ein fjelltopp. Då me køyrde frå Hualien var det 37 grader og sol. Oppe på toppen var det 6 grader, tjukk skodde og regn… Så det endte med at sjåføren vår viste oss ein heilt fantastisk film om korleis det KUNNE har vore der oppe. Den la mange tunge lodd i vektskåla for at me må tilbake til Taiwan og gå i desse fjella ein gong om ikkje så lenge!

Ta gjerne turen over Central Cross Island Higway – og pass på å ha eit par dagar stopp med fint vèr på toppen – men ikkje tenk på å køyra frå vest mot aust. Då vert det NED til Taroko – det vil garantert gje deg hjertestans!

Eit vestland i Asia – og som også held 33,4 grader ;-)

Med god hjelp av dama frå Taipei har me booka oss inn på ein busstur nedover kysten av Hualien-distriktet. «Yes – English speaking guide», «Yes small buss», «Yes, very scenic», «Yes, small group», «Yes, nine am» endte med «No – no English», «Pick up at 8 am» og «Yes only you familly». Så der sat me då alt for tidleg på morgonen – oss fire varme og klamme vestlendingar, heilt åleine med ein smilande, ikkje engelsksnakkande bussjåfør i ein buss liknande på dei som køyrde gratis rundt i Bergen sentrum i gamle dagar då ein skulle satse på sentrumshandel.

Det var ikkje så mykje me kunne gjera anna enn å lena oss tilbake, vente på at ACen skulle gjera sitt og berre nyta turen. For scenic var det! Med litt slør for augene kunne me vore tilbake på vestlandet: Det var grøne fjellsider som stupte ned i havet. Innimellom kom det ned ei hissig elv. Me kryssa høge bruer over djupe elvejuv og havet låg blått ut til venstre. Langs vegen stod det sjølvbetjente boder med frukt og grønnsaker – nett som i Hardanger! Små landsbyar låg med jamne mellomrom langs vegen og du visste aldri kva som venta rundt neste sving – men det var alltid flott. Greitt er treslaga heilt annleis enn heime, men til og med gradestokken er jo som ein julidag på vestlandet i 2019!

Me stoppa ved fleire flotte utsiktspunkt på vegen, og sjåføren vår gjorde sitt beste for å forklara kva me såg. Så saman med det me hadde lest før avreise og den medbrakte Lonely Planet-boka hadde me sånn ca peiling på kva me vart vist. Under ser de ein kavalkade av dei finaste stadene. Legg spesielt merke til trappa eg har ringa inn på det eine biletet. Me gjekk IKKJE ned den…

Lunsjen vart innteken på ein merkeleg fiskerestaurant i Shihtiping (jepp – det var namnet på byen ja). Nett då prisa me oss lukkeleg for problema med tverrgåande transport som me har skrive om før: Shihtiping var ein av «byane» me hadde tenkt å bu i, men det som var merka som ein by på kartet viste seg å vera ei samling av maks 10 hus inkludert lunsjrestauranten vår, så tenker det kunne blitt vèl eksotisk å komma dit ein sein kveld utan skyss vidare… Lunsjen vart innteken i eit stort, industriliknande lokale med dei vanlege plastikkmøblane og –duken. Midt på bordet var det eit digert, snurrbart «pizzabrett» som etter kvart vart fylt med fat med mykje rart på. Me er framleis usikre på kva me åt, men noko var godt, noko var rart og noko var smaklaust. Alle vart mette og ingen vart dårlege, så det var sikkert ein god lunsj… Utanfor sjølve matsalen var det stabla fisketankar av typen akvarium i høgda og breidda. Det var nesten som terrasseblokker for hummar, fisk, skjell og det meste du kan hente ut av havet. Me trur det rett og slett var ein fiskemarknad. Det var ingen å spørje – eller det var ingen som skjønte kva me spurte om – så me satsar på at me trur rett. Etter lunsj var det tid for sightseeing i Shihtiping. Det var kjapt gjort; ned på kaien, 150 meter sørover og så tilbake igjen. Checked – no kan me køyra vidare.

Me snudde nasa nordover igjen. Eit av dei flottaste stoppa no var ved ein sti som rett og slett heng utanpå klippene. Innimellom må du bøye deg dobbelt for å komme fram under klippeframspringet. På andre sida går det rett ned i havet. I dag er stien sikra og tilpassa hordar med turistar, men tidlegare var det ferdselsvegen mellom to landsbyar. Dei klatra og klauv på bare fjellveggen for å komma rundt ei klippe. Eg skulle ha hatt eit særs viktig ærend for å ta turen den gong! Ei soge skildrar ein mor som mått ta turen i eit fælande uvêr. Ho hadde guten sin i ei korg på ryggen og klatra sakte og forsiktig rundt neset. Men då ho kom fram var guten vekke og kom aldri til rette.

Medan me kikka på naturen rundt oss tok sjåføren vår ansvar for litt vedlikehald; frå bak i bussen trylla han fram diverse utstyr og gjekk i gang med å støypa fast eit skilt som var løsna!

Med dette takkar med Hualien for denne gong. I morgon har me avtalt med ein fyr at han skal køyra oss over fjellkjeda som vert kalla «Taiwans ryggrad» til innsjøen Sun Moon Lake. Det skal vera ein spektakulær fjellveg som snor seg opp til heile 3.200 meter. Turen er på ca 15 mil og skal ta fem til seks timar – så dette vert svingete. Godt me har med reisesjuketablettar!

Opp og ned og att og fram på austkysten av Taiwan

Etter tronge elvejuv og høge fjell søkjer me ut mot kysten igjen. Ikkje for det – kysten er framleis både steile fjellsider og mykje vatn! I nord ligg klippeveggen nærast loddrett i sjøen. Fjella reiser seg opp over 2.000 meter og flørtar med skyene langt der oppe. Rart å sjå skogen forsvinna opp i det kvite sjølv om skydekket er relativt høgt – ikkje som heime når skodda ligg langt ned over åsane i Åsane…

Me har hyra ein taxi for to timar. Det kostar ca 250 kroner og skal halde til å sjå Qingshuiklippene og komma oss heim att til «hotellet» vårt. Hotellet er ein historie i seg sjølv… Me kjem rett inn i stova til ein mann og ei dame. Mannen sit i rullestol bak ein pult, kona tuslar rundt i det som viser seg å vera stova/restauranten/baren/resepsjonen/frukostsalen. Bak ein lettvegg har dei soverommet sitt. Innerst er det eit kjøkken med skoyller – me får ikkje bruke eigne sko i andre etasje og ikkje «oppesko» i fyrste etasje, så her vert det bytta sko fleire gonger til dagen. Trappa opp til gjesteetasjane går via kjøkkenet. Me har fått eit stort rom med eige bad i andre etasje. Der er det på tide med nytt skobytte; inne på rommet skal ein gå med tøflar – og inne på badet skal ein bytta til slippers! Arbeidsamt dette! Rommet er ein eklektisk draum. Fargar og mønster og stilartar i ei salig blanding. Rosa og grønt og treverk og sjablonger og blonder og glitter og alt du kan komma på. Men gode senger og god AC – det siste veldig naudsynt – det er 35 grader ute og me kokar…

Men tilbake til taxituren vår: Me vert henta på trappa av ein kar som kan eit par ord engelsk – nok til at han klarar å seia «cliffs» og «yes»… Han har tydelegvis gjort dette før, så han køyrer oss ned på ei strand med flott utsikt til klippene. Litt gestikulering og kan får formidla «one – two – three» – og «This One». Så me skjønnar at han skal ta oss med til tre ulike stader. Fyrst ei strand med utsikt  oppover, så eit utsiktspunkt med utsikt bortover, og så eit punkt med utsikt nedover. Det vert ein fin tur – inkludert silande sveitte og treff med ein relativt underhaldande ape i eit tre.

Me har så vidt begynt å sysle med tanken på kva me skal gjera når me har fått med oss det austkysten har å by på, så me leitar etter informasjon om korleis me skal komma oss over på vestkysten. Husverten har eit ordforråd på ca 10 engelske ord inkludert «sick» – som me tolkar som «eg er lam i beina», «cash now», «7/11» som viser seg å bety «einaste staden å få tak i mat etter klokka 18». Transport inngår ikkje, så me har gitt opp å få noko info frå den parten. Så me ber taxisjåføren og å køyra oss til «train station» i håp om at me skal finna noko som kan likna på turistinfo der. Etter eit par bekreftande «Yes!» og «Train» lener me oss godt tilbake i setet, nyt den kalde lufta frå AC og reknar med at planen er i boks. Men den gong ei – sjåføren er på strak veg tilbake til hotellet. Heldigvis verkar GPSen i hovudet til underteikna utmerka også i Taiwan, så me får snudd bilen før me er heilt på villspor. Ikkje for det – vel framme på togstasjonen er det lite hjelp og få. Etter å ha engasjert heile staben på togstasjonen for å skjønna våre enkle spørsmål på eit ubegripeleg språk, er konklusjonen «closed». Vegen over fjellet altså – ikkje togstasjonen… Så ikkje håp om å komma over det fjellet altså… Slukøra ber me om å bli køyrd til ein stad me kan eta lunsj. Underleg nok er dette lettare å skjønna, og etter ein kort køyretur vert me dytta inn på ei heller luguber sjappe med avskjedsorda «restaurant – thank you».

Matstaden er av typen dei færraste me kjenner ville ha valgt å gå inn på frivillig. To hol i veggen, ein haug med rot og skrot både utanfor og innanfor døra.

Eit minimalistisk kjøkken i inngangen – i alle fall minimalistisk i m2, i rot og skrot heller maksimalistisk. Fem, seks bord med plastduk i varierande grad av opplysing og fargeskala, plaststolar, eit buddhistisk alter med røykelse og offergåver, ein TV og endå meir rot. Igjen er me inne i stova til nokon – som altså også vert nytta til næringsverksemd i form av matservering. Og det vil jo vera uhøfleg å dømma staden på utsjånaden, så me trekk pusten, smiler og nikkar – og snart sit me ved eit av borda. Me får kvar vår laminerte meny i hendene, ein sprittusk og ein god dose kinesiske gloser på kjøpet. Så er det berre å bruke sprittusjen til å krysse for det me vil ha, levere i kjøkkenet/gangen/roterommet og håpe på det beste. Og det er bra! Veldig god mat og drikke i noko spesielle omgjevnadar.

Mette og fornøyde betalar me for oss (nesten gratis…), smiler, nikkar og bukkar og ryggar ut gjennom dørene. No vil me «heim». Sola steiker og sveitten renn. Men kvar er taxiane?!? Me labbar av garde på hovudvegen og vinkar og veiftar til dei få gule bilane me ser, men enten er dei fulle av folk eller så vert me ganske enkelt ignorert. Etter fleire mislukka forsøk på å få skyss og ein tur innom ein matbutikk mest for å kjøla oss ned, innser me at me må finna på noko smart. Løysinga vert å identifisera eit hotell og be dei bestilla taxi til oss. Super plan – me sit i ein kald og god bil etter 8 minutt!

Me legg planen om å reisa over fjellet på is nokre dagar og bestemmer oss for å reisa sørover kysten i staden. Så etter tre kveldar ved Taroko gate med hurtigmat frå Seven Eleven inntatt på fortauet utanfor hotellet vårt, pakkar me sekkane, tek ein taxi til togstasjonen og stiller oss i kø for toget til Ruisui via Hualien.

Er det noko taiwanesarane er gode til så er det å stå i kø. Det er ofte merka opp kvar køen startar, korleis han skal organiserast vidare bakover og kvar motgåande personar skal bevega seg. På togstasjonen finn me ut at det er ei linje me skal vente bak. Når det er 10 minutt til vår togavgang, skal me krysse streken og gå opp på perrongen. Ikkje før. Så me gjer som me har forstått. Stiller oss opp og ventar. Men vert så kjapt gjort merksame på at me ikkje må stille oss opp før «vårt» tog er det neste – elles lagar me rot i rekkene. Litt beskjemma rykker me bakover i køen sidan det er 12 minutt til vårt tog. Me får hjelp av ein mann med sykkel til å skjønne dette. Han snakkar veldig godt engelsk, og etter eit par høflige fraser kjem det fram at han er frå Texas, men no bur i Hualien. Han verkar som ein hyggeleg kar heilt til Geir spør om kvifor han bur i Taiwan. Då trekk han pusten for siste gong den neste halvtimen og så berre renn det ut; Han har «sett og tatt i mot Gud og er sendt til Taiwan for å snakke om han og vise vegen pleier å seie at han unnar alle å møte Gud osv, osv, osv, osv». Det er som om me har putta pengar på ein jukebox. Det går i eit ramlande køyr, det er ikkje mogeleg å smette inn så mykje som eit «Åh», «Yes» eller «No». Me nøyer oss med å smile, heve eit augebryn og lage grimasar samstundes som me desperat lurer på korleis me skal komma oss vekk frå denne karen. Panikken stig då det viser seg at me skal av i Hualien alle fem og mannen byrjar å snakke om kvar me kan ete lunsj. Heldigvis har me alt billettar til toget vidare til Ruisui, så me unnskylder oss og seier me må springe for å rekke neste tog. Puh!

Togturen vidare til Ruisui gjekk utan meir dramatikk. Vognene likna på t-banen i Oslo – til og med stemma på høgtalaren var i same gate; heilt umogeleg å forstå. Men med nedlasta off-line-versjon av CitymapsToGo er det ein smal sak å følgja me på kva tid me skal av. Så brått står me på nok ein flott stasjon medan me sveittar som griser og virrar på hovudet som (nesten) hovudlause høns. Me meiner me har bestilt rom på ein homestay nær nok togstasjonen til at me skal kunna gå. Så me avviser kontant alle forslag om skyss og labbar nedover fyrste og beste gate i håp om at kartet på telefonen skal kalibrera seg på plass så me finn fram i virvaret av gater. Og sjølvsagt – me går rett på!

På nettsida der me booka rommet såg alt fint og nytt ut. Me er erfarne nok til å vite at det ikkje nødvendigvis stemmer med røynda. Og denne gongen fekk me ein ny vri; den fine og fancy, vestlege resepsjonen var nett som på bileta, men det var tydelegvis meir eit «show room». På disken stod det eit skilt om at me skulle henvenda oss i «the nut bar on the corner». Ja vel..? Me set frå oss sekkane og går ut på gata igjen. Noko som ser noko som google translate kan få til å bli «nut bar»? Tja. Dumplingsjappe? Bilverkstad? Juicesjappe? Jentene i dumplingsjappa rett over vegen ser blidast ut der dei fniser og vinkar til oss, så me prøver der. Etter meir fnising og fliring og peiking skjønnar me at det er garasjen/bilverkstaden me skal til. Og det viser seg å vera så mykje meir. Innanfor taket (for det er ingen vegg eller dør) kjem me inn i stova/resepsjonen/garasjen/bilverkstaden/TV-stova/roterommet/butikken/lageret/gangen/lekerommet/sykkelutleigen – og etter kvart skal det visa seg – frukostsalen, til ein annan homestay som også administrerte den me skulle bu på. Me har fått dreisen på det no, så innsjekk på kinesisk/engelsk/teiknspråk gjekk i ein fei og me vart vist tilbake til show roomet. Opp ei trapp og inn ei dør. Til eit pitte lite rom med to doble senger og lite anna. Rommet var «Japanise style», dvs at rett innanfor døra er det eit høgt trinn opp. Så er resten av golvet i rommet i mørkt tre og madrassene ligg rett på golvplankane. Der oppe skal ein ikkje gå med sko, så ein vert utstyrt med tøflar. Vel inne ser vertinna litt på oss, tenkjer så det knakar og viftar oss ut att. «Next door. Many people. Loud.» er meldinga, og så togar me lenger nedover gangen til eit nytt rom. «Better for you» er beskjeden. Og dama kjente sine kundar. Ved leggetid høyrdes det ut som om eit komplett cruiseskip med kinesarar var samla på det opprinnelege naborommet vårt – evt. den søskenflokken eg vaks opp i.

Ruisui er kjent for sine varme kjelder. Så kjent at det gjekk kjapt og greitt å få bestilt ein taxi til å køyra oss ut av byen og inn i skogen. Me hadde nok ein tanke om at kjeldene skulle vera litt sånn «varmt vatn i ein skog» – men her hadde ein laga business av det, så me enda på ein resort med inngangspengar, garderobe, dusjanlegg og vanleg basseng i tillegg til dei varme kjeldene. Ikkje heilt etter planen, men veldig deilig! Litt småskeptiske blei me ståande og sjå på dei varme kjeldene. Vatnet var heilt brunt! Skittent eller meininga… Me tok ein sjanse på at SÅ skittent kan det ikkje bli, det må vera dette som gjer at kjeldene har vore kjent for å ha lækjande eigenskapar og hoppa i det. Og det var varmt! Sjølv om me starta i det kaldaste bassenget haldt det 38 grader! Så der var me då. I brunt, jernholdig vatn varmare enn ein vaskemaskin på ullvask! Og så hadde dei laga til boblebad rundt om i bassenget! Me kunne henga i nokre «skrankar» (sånne som i turn) medan det bobla rundt oss – eller liggja på benkar nede i vatnet medan det bobla over alt. Og det var ikkje noko pysete jacuzzi-bobler – det var skikkeleg action som gjorde at du måtte halde deg fast! Så det var massasje med på kjøpet. Varmaste bassenget den dagen me var der var på 41 grader, så me syntes det var beint fram forfriskande å hoppe over i klorbassenget som berre haldt dei vanlege ca 28 gradene.

Nyvaska, nymasserte og reine(?) var det tid for middag. Me var blitt tipsa om ein restaurant som hadde engelsk meny og peila oss inn på denne. Men skrekk og gru – det var ein japansk restaurant med den konsekvens at det var 99% fisk på menyen! Og der har me feila totalt i denne familien; dei to under 20 år rynkar fælt på nasa over slikt. Så då vart det ein kjapp retrett. Men den taiwanske hjelpsomheten redda oss. Servitøren kom etter oss ut på gata og fekk spurt kva me ynskte å eta. Og etter at me hadde fått formidla «lokal food but no seafood» følgde ho oss like godt vidare til ein annan matplass!

Igjen hamna me på «hole in the wall». Rett nok eit tort eit denne gongen, men det klassiske; plass til å lage mat i inngangen slik at ein kan betjena både take away og eat in. Plastikkbord og –stolar. Industrilys og vifter i taket. Og veldig god mat!

Resten av kvelden vart nytta til å leite etter transport tilbake til kysten. Austkysten har ein ekstra fjellkjede mellom havet og den verkeleg store fjellkjeda midt på øya. Ruisui ligg i den grøderike dalen mellom desse fjellkjedene, og me ynskte å kryssa over til kysten og så ta kystvegen tilbake til Hualien. Lettare sagt enn gjort. Etter mange nettsøk som enten enda i «page not found» eller ei kinesisk nettside, gav me rett og slett opp. Me kunne sikkert funnet ein taxisjåfør som ville køyrt oss over, men me var litt lei av dealing og fingerspråk, så me fann ut at me heller ville reisa tilbake til Hualien og prøva å finna ein buss sørover kysten der. Så då vart det ein ny togtur.

Etter ein kjapp frukost i stova/resepsjonen/garasjen/bilverkstaden/TV-stova/roterommet/butikken/lageret/gangen/lekerommet/sykkelutleigen klatrar me ombord i toget – Denne gongen regionaltoget – som var forvekslande likt på Bergensbanen. Geir var i storstemning og meinte turen kvalifiserte til tittelen «feltarbeid» (for dei uinnvigde, Geir jobbar med anbod innan tog for tida ;-)).

Vel tilbake i Hualien sjekka me inn på eit nytt hotell med dei vanlege språklege utfordringane. Denne gongen vart me redda av ei dame frå Taipei som var på ferie nett som oss – og som vart veldig glad både for å gje oss tips om korleis me skulle få sett oss om i området og for å få praktisert engelsken sin. Så vipps var me booka inn på ein busstur neste dag – fyrst ned kysten og attende på kvelden. Glade og nøgde over den imponerande effektiviteten hoppa me vidare til neste punkt på den taiwanske bucket-lista vår; nattmarknad.

Alle stader der me les om Taiwan dukkar dette fenomenet opp. Og me fann ut kvifor… Nattmarknaden i Hualien var diger, støyande, trong, varm, fyllt av fantasiske (og mindre fantastiske…) lukter, kaotisk, lysblinkande og kjempegøy! Det var tivoli og bondens marknad og Skånevikfestivalen på ein gong.

Lange rekker med meir eller mindre permanente boder i ein park. På framsida var det sal av det meste men mest mat. På baksida var det laga til med bord og stolar. Så gjekk ein frå bod til bod og bestilte mat. Alt frå østers og andeføtter til poteter i spiral, kyllinglever, heimalaga øl og mykje me ikkje skjønte kva var. Midt oppe i dette var det lotteri og karaoke og levande musikk. Og grådig mykje folk – det er dette dei lokale gjer om kveldane. Dei treffes, shoppar, et og drikk – og ler seg sikkert skakk av oss turistar som surrar rundt og prøver å skjønna korleis me skal få i oss mat. I enkelte av bodene var det 45 minutt ventetid på maten! Men dei er gode på logistikk her borte, så det fiksa dei fint; me fekk ein ventelapp nett som på posten. Så kunne me gå og handla andre stader og komma tilbake når lystavla over boden viste at det nærma seg vårt nummer. Mette, blide og heilt utslitt ramla me etter kvart inn i ein taxi heim. Det kosta hysteriske 25 kroner…

I morgon vert det speed-date med dei største severdighetane på vestkysten på ein dag. Me stiller med nylada kamera og  ferske minnekort!

Isla Formosa – og dei norske fjellvettreglane

Då nederlendarane «oppdaga» øya som i dag heiter Taiwan var dei samstemte på at dette var ein vakker stad og gav henne namnet «Den vakre øya». Og flott er det her! Høge fjell som strekker seg opp gjennom skyene til godt over 3.000 meter, flotte strender som pressar seg inn mellom stupbratte marmorklipper på opp mot 1.000 meter, regnskogkledde fjellsider der det ikkje er mogeleg å sjå tregrensa sjølv om toppane er på over 2.000 meter (det er faktisk over 250 fjell høgare enn 2.000 meter her!) og over alt ein himmel som skiftar frå knall blå til mørk grå fleire gonger i løpet av ein dag. Og midt i alt dette, kløfta Taroko. Me har sett bilete frå flotte fjellturar i Taroko Gorge med steile fjellsider og blottlagde avkastningar etter at den filippinske kontinentalplata har brynt seg på den eurasiske på nettet og blinka oss ut at dette vil me ha med oss!

Så me seier eit foreløpig takk til Taipei og tek ein taxi til togstasjonen. Eigentleg var planen å ta buss til kysten og så ein rutebåt sørover austkysten. Nord på austkysten ligg nokre av dei høgaste klippene i verda (The Cliffs of Dover er ingenting mot Cingshuei!). Heile austkysten er bratt og utilgjengeleg, så dei aller fleste bur på vestkysten. Vegen frå Suao til Xinxing hadde fått toppscore også i NAF veibok – den er stort sett berre skrapt inn i klippevegen og ein vert advart mot å køyra her om ein har litt høgdeskrekk eller redsel for steinras… Så altså, opprinneleg plan var båt slik at me kunne sjå på klippene frå sjøsida i staden for å sitja med hjarta i halsen. Men etter nokre rundar med fingerspråk, google translate, peiking og teikning, kom det fram at pga vedlikehald gjekk båten no berre to gonger i veka, og det passa dårleg i vår tidsplan. Heldigvis var det også mogeleg å ta tog, så då vart det plan B.

Togstasjonen var fin og rein. Faktisk så blankpussa at folk sat på golvet og venta! Det var piknikkar og skuleklassar som brukte ventetida til undervisning, folk som sov og fire sveitte nordmenn som litt ukomfortable gjorde som dei lokale. Og me skil oss godt ut her borte, så det tok ikkje lange stunda før me hadde fått selskap av to taiwanske jenter som høfleg spurte om dei kunne få intervjue ungdommen i huset om plastikk! Taiwan vurderer å innføre forbod mot plastikkposar og anna eingongsplast, og nordmennene var veldig støttande på at dette var ein god idè. Så fekk me litt kjeft for oljeproduksjonen vår – og litt skryt for panteordninga på plastflasker. Heime ser og høyrer me mykje om plastproblemet i Asia. Så langt har me vore overraska over kor reint og ryddig det er i Taiwan. Det er knapt noko boss nokon stad – og det sjølv om det ikkje er bosspann nokon stad! Me må fint ta med oss alt som skal kastast heim på hotellrommet, det er ikkje bosspann i gatene, på restaurantar, i kioskar eller på jernbanestasjonar. Og ikkje flyt det i gatene heller – folket tek felles ansvar for å halda det fint rundt seg. Strendene er også reine og fri for søppel. Dette kan vera avdi Taiwan ikkje har ein kontinentalsokkel; det er brådjupt rundt heile øya – ned til 2.000 meter eit par meter ut frå stranda. Dette gjev sterke straumar som kanskje tek med seg alt av havsøppel til andre stader i Asia. Og dei som måtte vera så varme at dei vil ta eit bad: «It is a one way ticket to Japan» var svaret då me spurte kvifor ingen bada på dei flott strendene…

Så me trekker opp i fjella i staden. Taroko Gorge er eit av dei største turistmåla i landet (men dei fleste taiwanesarane me treff har aldri høyrt om det!). Det er ei kløft som sprenger seg vestover inn i landet frå austkysten. Nordsida er hovudsakleg marmor, sørsida er mørkare og mjukare bergartar. Saman med tyfonar, jordskjelv og plateforskyvingane har dette skapt eit magisk landskap, berre uroa av tusenvis av kinesiske turistar… Men dei fleste turistane held seg til den asfalterte delen av kløfta. Kinesiske krigsveteranar bygde vegen innover i kløfta med livet som innsats. Tenk deg Måbødalen og legg til høgare fjell, brattare fjellsider og råtnare fjell, så kanskje du ser Taroko for deg. Vegen ser ut som om den er blitt snitta inn i fjellet med utallige tunnelar, rasoverbygg og svingar. Etterkvart som turismen har teke seg opp har ein laga fleire tunnelar og latt nokre av dei mest spektakulære delane av vegen bli utsiktspunkt og vandreruter. Og sidan det stadig kjem ned steinar frå dei bratte fjellsidene, blir ein utstyrt med hjelmar når ein går rundt! Men me er jo nordmenn så me har blinka oss ut ein tur som ikkje går på asfalt – me vil gå Jhuilu Old Trail. Googlar du dette namnet vil du skjønne kvifor… Dette er ein 10,2 km lang fjelltur med spektakulær utsikt og avstand til turistbussar og kinesiske hordar, og – skal det visa seg – booking og ventelister… Så etter å ha fått ventelisteplass nr 32-35 på ein tur med ei grense på 90 vandrarar per dag, innsåg me at me igjen måtte hoste opp eit alternativ. Valet vart 5,5 kilometer lange Wenshan-Lüshui-trail. Så me pakka sekken, tok på treningstøy, klinte på godt med solkrem og gjekk ut av hotellet. Og vart møtt av 35 grader og sol… Ingen ting å gjera med det, så me tok beina fatt den knappe kilometeren opp til Taroko Visitor Center for litt info. Igjen vert me fasinert over den fullstendige mangelen på engelskkunnskap. Då eg spurte om mannen i disken snakka engelsk var det hovudristing, fulgt av eit stort smil medan han henta ein kollega. Som heller ikkje kunne noko som helst! Men med litt google-translate, armar og bein fekk me i alle fall vita at me skulle kjøpe bussbillettar om bord i bussen og at sjåføren ikkje gav vekslepengar. So far so good – men vel om bord i bussen var det tilbake til språkutfordringane. Denne gongen vart me redda av ein passasjer som kunne formidla at dagspass måtte kjøpast på togstasjonen, det solgte ikkje sjåføren. Men med den vanvittige sum av ca 20 kroner per pers for ein enkeltbillett, var det til å leva med…

Bussturen opp gjennom Taroko Gorge var noko av det mest spektakulære me har vore med på! Vegen slynga seg inn og ut i søkk i fjellsida, gjennom låge smale tunnelar – nokon utan vegg mot kløfta, berre eit overhengande tak. Møtande trafikk og mengder av forvirra saueflokkar i form av kinesiske grupper med turistar med hjelm, paraply og store fotoapparat. På det smalaste var kløfta berre 20! meter brei, andre stader vida ho seg ut og sola kunne komme til og gje ytterlegare liv til dei flotte fjellsidene.

Me tok bussen opp til endestoppet og fann eit parkkontor med ei dame som snakka litt engelsk. Ho bekrefta at me ikkje kunne gjennomføra plan A – og ho var noko skeptisk til at me skulle gå for plan B. Det var ein sti altså – og den gjekk mykje opp og ned altså – og det var 5,5 kilometer altså – og den kom til å ta ca 6 timar altså! Me nikka og smilte og sa jada, jada, jada – me er då nordmenn og vant med litt fjellturar! Var me ikkje på Galdhøpiggen i fjor liksom, og har me ikkje vore både på Kilimanjaro og Mt. Kinabalu – ein «walk in the Taroko Park» er då ingen ting for oss?!? Etter ei kjapp rådslaging og kikk på klokka bestemte me oss for å skaffe skyss dei 2,7 km oppover i dalen til der stien starta. Klare for tur hoppa me nesten inn i den fyrste (og einaste…) taxien me såg – sjølv om den var full. Men med nordisk manglande folkeskikk fekk me sjåføren som eigentleg var hyra for dagen av eit kinesisk ektepar, til å klemma inn ein snartur med oss medan kinesarane tok bilete. Sjåføren var litt tvilsam til å køyra oss – «Closed» var det einaste ho klarte å seia på engelsk. Men me forsikra henne om at dama på parkkontoret hadde sagt «there might be a sign saying that the trail is closed – but just ignore it, that is another one, it is open, just pass it». Så sjåføren himla med augene, bad om 400 taiwanske dollar (ca 125 kroner) og slapp oss av eit stykke opp i dalen. Og riktig – der stod det eit skilt med «Danger – do not enter – closed2″. Og sperreband. Så me gjorde som me fekk beskjed om på parkkontoret – «just pass it». Stien var fin og brei med trapper på det brattaste, rekkverk og berre velstand. Dette blir piece of cake tenkte me alle. Litt småskummelt med bratte fjellsider som mange stader hang ut over hovudet på oss akkurat som på bilvegen, men vakker natur og god stemning. Etter kvart kom me til ei smal hengebru over elva. Dei to eldste ungdommane tøyla høgdeskrekken og lista seg over. Dei yngre tok seg god tid med å ta bilete og tulla. Vel over på andre sida kom det nye skilt med «Closed», «Danger» osv. – samt ein stor, låst metallport. Hm… Ho sa jo det var ope, skal me klatra rundt? Litt meir skeptiske no kikka me forbi porten og såg at stien fortsatte nedover til elva. Vel hadde  fortsatt nedover til elva – no var den vekke, det var berre hint om kvar han hadde gått før han tydelegvis var vaska vekk av eit ras… Noko byrja å demre for reiseleiaren. Ho hadde lese noko om nokre varme kjelder i elva som var stengt etter eit ras som drap eit par av dei turistane som bada der… Altså hadde me to grunnar til å snu; me var på feil sti – og me hadde ingen planar om å bli tatt av steinras… Så då var det berre å kryssa hengebrua att, klatra opp til bilvegen og sjå etter ein annan sti.

Dama på parkkontoret hadde sagt noko om ei raud bru, og den såg me lenger oppe i dalen då me kryssa hengebrua. Så etter å ha traska gjennom eit par tunnelar kom me fram til den rette stien. Ein rask runde med meir solkrem, vatn og myggspray og me var klare (igjen). Eller… på skiltet ved starten av stien stod det «be aware of venomous snakes» så pulsen steig nokre hakk igjen. Men; skal ein på tur så skal ein på tur, så me begynte å gå. Dvs å klyva. Stien viste seg å vera ei smal stripe med jord omkransa av tett regnskog oppover ei heller bratt fjellside. På dei brattaste stadane var det festa eit grovt tau, men der var også stien vekke, så me gjekk berre på sleip jord i bratt vinkel. Og under oss hadde me..? Regnskog og visshet om at det var eit par hundre meter rett ned i elva (om me var heldige og ikkje traff steinrøysa då…). Utsikt var det ikkje, sol var det ikkje, berre grøn skog, hysterisk høge dyrelydar, glatt sti, tankar om giftige slangar, 150 i puls, rennande sveitte og visshet om at dette skulle me gjera i seks timar. Heilt åleine. Det var tydleg at dette ikkje var ein sti som var mykje i bruk, så brått hadde eit par kinesiske turistgrupper vore høgt verdsatt! Eit par hundre meter inn-/oppover stien var det på tide med familieråd. Korleis var det med desse fjellvettreglane igjen? «Ikkje legg ut på tur utan trening»? OK, den var grei. «Lytt til erfarne fjellfolk»? OK. «Det er ingen skam å snu»? Takk! Me er på ferie! Det skal vera kjekt. Greitt skal me pusha litt grenser og ikkje berre ha det bekvemt, men seks timar i redsel for å bli bitt av giftige slangar eller ramla utfor ein fjellskrent? Me snudde!

Litt irriterte, litt letta og veldig einige om å ha tatt rett valg var me snart nede på asfalten igjen. Og kva no? Ikkje ei sjel i sikte og 2,7 km tilbake til bussen, så då var det berre å begynne å gå. Og det var jo framleis flott og frå bilvegen var det jo mogeleg å sjå noko, så humøret steig. Etterkvart henta me fram kartet og parkinfo og fann ut at det gjekk ein annan tursti inn til nokre fossefall litt lenger nede. Dette var merka som «Walk» ikkje «Trail», og det viste seg å vera ein to meter brei gangveg innover, godt befolka med andre turistar, men med god utsikt og ingen risiko for giftige slangar. Me fann aldri ut kvifor det var laga ein to km lang veg innover i dalen, men bekvemt og fint var det. Fine fossar, spanande fjellveggar – og heilt innerst – «Water curtain cave». Det var ein tunnel med vannlekkasje. Midt inne i tunnelen strauma det ut vatn frå taket, så det var rett og slett som å gå gjennom ein foss. Kreativt å lage ein turistattraksjon ut av ein feil!

Men no har me sett nok fjell og fossar for no. I morgon held me oss i låglandet og ser kva anna området her kan by på. Satsar på at det er nok til å fylla eit nytt reisebrev om nokre dagar.

歡迎來到台灣

Taiwan – landet som meiner det er «det rette Kina». For nærare 70 år sidan kjempa Mao og Chang Kai Shek om makta i Kina. Shek var både general og statssjef i Republikken Kina medan Mao ynskte å etablera Folkerepublikken Kina. Etterkvart måtte Shek rømma ut på øya Taiwan. Derfrå styrte han Republikken Kina fram til sin død. «Resten» av verda anerkjente han som leiar av Republikken Kina fram til 1971 då politiske vindar snudde og Mao vart teken inn i varmen som leiar av Folkerepublikken og den eigentlege leiaren av det me i vesten kallar Kina. Men framleis er det presidenten i Taiwan som er president i republikken Kina! Krefter på øya Taiwan – som altså er å rekna som del av Kina, er delt mellom dei som ynskjer å gjenerobre makta som dei meiner Republikken skal ha – med hovudstad i Taipei. Andre meiner at Taiwan skal etablera seg som sjølvstendig stat og la Kina vera Kina. For oss vestlendingar (i dobbel betydning 😉) verkar denne dualiteten å gjennomsyra landet; me gav opp planane om å reisa til Folkerepublikken Kina i år då det var så trøblete å få visum. Her i Republikken Kina (Taiwan) er det ikkje visumplikt for nordmenn. 70% av dei som bur på øya er opprinneleg kinesarar og dei færraste kallar seg sjølve taiwanesarar. Skriftspråket er kinesisk og det er det språke det lærer i skulen. Samstundes verkar det å vera fritt fram for eigne meiningar, ingen sensur og liberale haldningar til det å vera anleis. Mellom anna sel dei sexleketøy for menn på gatehjørna og det er stadige tilbod om å kjøpa kaker utforma som penis på alle småbutikkane…

Det er sikkert like mange meiningar om Chang Kai Shek som om dei fleste statsleiarar, men han hadde i alle fall nokre prosjekt som framstår som smarte. Han innførte ni års obligatorisk skulegang (diverre med Kinesisk ikkje Engelsk som andrespråk…), han bygde tog, flyplassar, avfallshandtering og anna infrastruktur, han utvida næringsgrunnlaget frå nesten utelukkande jordbruk til også å innehalda industri og han sørga for at kultur og forsking fekk relativt gode vilkår. Og med seg frå Kina sørga han for å få med seg tusenvis av intellektuelle, kunstnarar, tenkjarar, ingeniørar, rikfolk – og det meste av kulturskattane til Kina, inkludert gullreserven! Ikkje rart Republikken Kina fekk ein god start!

Og det merkast for oss som kjem på besøk også. Fin flyplass der det meste går knirkefritt, inkludert innreiseløyve. Me vart litt urolege på flyet, for flyvertinna såg rart på oss då ho spurte om me hadde visum i orden og me svara at det ikkje var naudsynt… Billettar (dvs plastikksjetongar!) til flytoget inn til sentrum vart ordna med hjelp av ei dame som ikkje kunne eit ord engelsk men som var veldig vennleg og hyggeleg.

Toget var av same gode standard som me er vane med her heime, og taxi vidare til hotellet samt innsjekking var heller ingen sak sjølv utan felles språk.

Hotellprisane er behagelege om ikkje låge, og me bur godt for ca 900 kr natta for eit familierom. Frukosten er rikhaldig med mykje rart å smaka på. Smart for oss som ikkje skjønnar noko som helst av menyane – her kan me testa forskjellig og så prøva å hugsa (dvs ta bilete av…) kva det heiter til me kjem på restaurantane!

Tapei utanfor hotellet er kaos… Ikkje så gale som i Ho Chi Minh eller Hong Kong, men kaos likevel. Bilar og mopedar og folk alle vegar. Men ein imponerande disiplin. Alle ventar på tur. På t-banen er det oppmerka felt der folk skal stå medan dei ventar på neste t-bane, og så går ein sivilisert inn på rekke og rad. I lyskryss ventar ein høfleg på tur – sjølv om det er laaaange intervall (60 sekunde og oppover). I butikkar og restaurantar venta rein også høfleg på tur – men så er det ikkje så avmålt lenger. Det vert slafsa og slurpa, spytta og hosta. Og skravla! For fire slitne nordmenn med 22 timar reisetid utan nevneverdig søvn innabords og sjølvpålagt åtte timar søvnkarantene før leggetid, er det fyrste restaurantbesøket nesten ikkje til å overleva. Men støy til tross – begge ungdommane sovnar ved bordet medan me ventar på maten! Det kjem vel ikkje som ei overrasking at me ikkje var så veldig aktive fyrste dagen – men me rakk innom kunstnarområdet Huashan 1914, ein kaffibar og ein restaurant før me velta «heim» til kaldt hotellrom og gode senger. Og gjekk ned for telling. I 11 timar!

Hakket meir opplagt var me klar for dag to. T-banen er heilt strålande her – billeg, avkjølt, rein og rask, men ein familie på fire kjenner det er litt enklare med taxi sjølv om det er dobbelt så dyrt (kr. 50 mot 25 for alle fire…). Så me praia ein taxi og tenkte at me skulle klare å forklare namnet på ein av dei store attraksjonane – The Red House – sjølv om me ikkje er så stø i kinesisk/taiwansk. Men den gong ei. Me måtte fram med alle triks me kan for å komma til rett stad 😉 Sjølve huset var raskt unnagjort og me begynte å surra rundt i gatene på leiting etter litt mat. I tillegg til å sjå rimeleg forvirra ut skil me oss også ut med det lyse håret, så det gjekk ikkje mange minutt før me vart gjenstand for eit skuleprosjekt i engelsk. Geir tok jobben som intervjuobjekt på strak arm medan me andre stod fnisande i bakgrunnen. Og så opna himmelen seg. Det ausa ned. Me var klar over at det var monsunsesong her no, men at det skulle bli ei slik samsila var me ikkje klar over. Me innsåg at gateliv ikkje var noko å satsa på nett no, så me peila oss ut ein restaurant og funderte hardt på korleis me skulle komme oss over gata utan å bli så våt at me ville bli kalde inne i den avkjølte restauranten. Og då var det brått ein fordel å sjå vestleg og lost ut; ein gut med ein stor paraply kom og fekk formidla at han kunne følgja oss over gata, ein etter ein. Snakkar om service!

Etter å ha slurpa i oss eit heller middelmådig måltid (JA – me et med pinnar, og JA – me opplever det same som i Hong Kong; dei reinser ikkje kjøttet før dei choppar det opp og hiv det i gryta…) var det ut på gata igjen. Denne gongen vart me redda av ein passeleg påtrengande seljar av massasje. Brått sat to av oss i gode stolar med nakkemassasje og fotstell, dei to andre var godt plassert i horisontalen på ein benk. Den eine sovna…

Vel ute at var det fortsatt truande skyer langt ned over dei høgaste husa, så me hadde eit raskt familieråd og fann ut at det framleis var mest freistande med aktivitetar innandørs. Så då var det ned under jorda på eit imponerande effektivt t-banenettverk. Reint, romsleg og lett å finna fram – sjølv om det meste står på kinesisk. Heldigvis har dei (oss bekjent) ikkje funnet opp eigne TAL, så det går greit å finne linje 3 – og det har dei same fargekodane som i til dømes London. Så då er det berre å få rett endestopp så me tek banen rett veg, og etter litt nilesing av kart og samanlikning av kinesiske teikn klarar me det – til like stor jubel kvar gong!

Ein av attraksjonane me hadde blinka oss ut før avreise frå Noreg var Taipei 101. Dette skal vera den fyrste bygninga i verda over 500 meter. Det er jo etterkvart dukka opp fleire på både 500 og høgare, men denne var altså fyrst. I dei fyrste etasjane viste det seg å vera eit gedigent kjøpesenter i gull og mahogni – og med handvask i inngangspartiet og golv så reine og blankpussa at du kunne spegla deg i dei! Og utvalet av butikkar var der etter; aldri har me sett så mange luksusbutikkar på ein gong! Her var alle butikkane du kan ramsa opp – og fleire til! Fem gedigne etasjar med berre luksus og ufattelege prisar. Dørvakter med hanskar og sånn eitt plagg av kvar type inne i butikkane. Ungdommen gjekk rundt med store auge og vart nok endå meir sikre på at når dei blir store så skal dei bli rike… Me som er blitt store og akkurat passe rike lot butikkar vere butikkar og fann ut me heller ville ha oss ein pust i bakken i nokre gode stolar og eit glas vin. Det viste seg at me måtte vera rike for å gjere dette også: For å få eit glas vin måtte du kjøpe eit klyppekort til TWD 1.000 og så bruke dette til å kjøpe vin for. Øl kunne du til nød få utan klyppekort, men då var det minimumsbetaling per pers på TWD 200. Samanlikna med norske prisar er ikkje dette all verda, menn berre prinsippet! Så økonomane bestemte seg for å utøva ein smule forbrukarmakt; me reiste oss og gjekk. Trur diverre ikkje dei brydde seg særleg om maktutøvinga vår…

Sjølve tårnet var som andre høge tårn; fin utsikt, grei informasjon om kva me såg og elles lite. Men det hadde ein ekstra severdighet; med eit så høgt bygg i eit jordskjelvområde som i tillegg er utsett for kraftige vindar, er det å få bygget stabilt og trygt ei ekstra utfordring. Taipei 101 har difor ei hengjande kule i toppen som stabiliserar! Den veg heile 730 tonn og motverkar svinginga som kjem av jordskjelv og vind. Mange andre høge bygg har same teknikken, men Taipei 101 er ev dei få stadene kor du faktisk kan sjå kula. Den var kul 😉

På veg ned att måtte me sjølvsagt gjennom den obligatoriske suvenirbutikken. Trudde me. Men om dette var suvenirbutikk var det ikkje sånne turistar som oss som var målgruppa! Det var rett og slett nok ein eksklusiv butikk med Coral Gemstones – ein type edelsteinar. Og dei hadde laga flotte smykker og hysteriske skulpturar. Det meste ville aldri kome innafor døra hos oss – rett og slett avdi eg hadde solgt det igjen på flekken! Det meste kosta millionar – den dyraste figuren kosta TWD 200.000.000 – ca 50 millionar norske kroner. Litt av ein ting å impulshandla på suvenirbutikken!

Me lot kredittkorta liggja godt nede i veska og fann heller fram til ein mathall med håp om middag. Me er ikkje så gode på å ta beslutningar om mat på tom mage – noko som er dumt iom at ein som regel har tom mage når slike beslutningar skal tas… Så det vart mykje formålslaus virring mellom alt for mange valg før me spredte oss ut og fekk handla litt her og der. Og igjen vart me imponert over kor reint og effektivt alt er. Få sekund etter at gjestene har forlatt eit bord er det rydda og vaska og det er både vask og handsprit tilgjengeleg. Så om me berre finn ut av koden med kva som er god mat så skal nok dette bli bra!

Me hadde berre booka hotell for to netter men etter å ha tilbrakt mesteparten av tysdagen innandørs fann me ut at me måtte ha ein ekstra dag i hovudstaden før me for vidare. I tillegg var skyene litt høgare og motet litt betre – så me pakka oss og sekkane inn i ein taxi og sat kursen for eit hotell litt meir upscale og downtown.

Med pikk og pakk plassert på nytt hotell var det ut i gatene for å ta igjen det tapte på kulturfronten. Me fann fram til den botaniske hagen og etterkvart Museum of National History – berre for å oppdaga at hagen var fin og varm og museet stengt… Så då var det berre å vandra vidare. Me hadde teke det berømte trikset med å ta med regntøy og droppe solkrem og solbriller – for då vert det jo fint vèr. Og det stemte også denne gongen! Me haldt på å renne vekk! Så då me såg ein plass dei både såg ut til å ha mat OG aircondition var det berre å komme seg inn dørene. Igjen var det skralt med engelsk og flust med kinesiske teikn, men me fekk no mat, og mykje av det var etande, noko til og med godt! Og så fekk me saftis til kr. 2,5 etterpå! Mette og avkjølte sat me kursen for Chang Kai Shek memorial hall. Dette var ein gigantisk, tempelinspirert bygning i ein stor park. I hovudetasjen var det ei informativ utstilling om livet og arbeidet hans, og i toppetasjen var det ein gigantisk statue av han i ein open hall – slik som det er på Lincoln Memorial i Washington: han sit på ein stor stol og skuar ut på byen «sin».

Utanfor hallen var det ein musikkpaviljong og eit teater. Begge deler hadde store overbygde områder rundt sjølve bygningen, og desse område og plassen mellom bygningane, var i flittig bruk til dansetrening, korpsøvingar, drillkops, skuggeboksing m.m. – rett og slett eit yrande og interessant folkeliv!

Me har etterkvart opplevd fleire tilfelle der ungdommar frå Taiwan kjem bort til oss og spør om dei kan få praktisera engelsken sin med oss. Veldig uvant for oss nordmenn – me er jo ikkje nett kjent for å gå bort til tyskarar eller spanjolar på vitjing i Noreg og spørja om me kan få testa skuletysken/-spansken vår på dei… Men det er både kjekt og nyttig her borte. Slikk kjem me i snakk med nokon som faktisk kan litt engelsk, og dei er glade for å få fortelja om landet sitt og skikkar, severdighetar og anna som me kjem på å spørja om.

Etter all denne høgkulturen var det på tide å «go slumming». Ungdommen hadde googla seg fram til ein noko spesiell temarestaurant: Modern toilet restaurant. Eg trur eg let bileta fortelje for seg sjølv ang. denne…

Litt nattgateshopping og ei god natt søvn avsluttar dagane i Taipei. I morgon skal me finna oss eit tog nedover austkysten på leiting etter fjell, dalar og elvar i Taroko nasjonalpark. Heldigvis planlegg me å komme tilbake til Taipei for å finna eit fly vidare på ferie – for me har fortsatt ikkje sett dei kinesiske kulturskattane eller nokon av nattmarkeda. Så; «we will be back»!

 

Next stop Taiwan!

Det kriblar i reisefoten og søvnmangelen begynner å bli prekær – men no er me snart klare for eit nytt eventyr i aust!

Sekkane er pakka, vaksinasjonsprogrammet oppdatert, fly til Taipei og heim frå Singapore er sikra – og det var sånn ca det… Ein travel vår gjer at me denne gongen tek ut på langtur utan kontroll på noko som helst, men det er kanskje på tide enkelte av oss taklar slikt også? Dei store linjene trur me er som følgjer; Fyrst ein rundtur i Taiwan – landet med høge fjell og djupe dalar, ein spanande historie og flott natur. Og masse god mat. Inkludert ein restaurant med tema “toilet” som Edle og Vilde har insistert på at me skal eta middag på. Me er advart mot å ha sjokolade til dessert… Er ganske viss på at det kjem bilete frå denne opplevinga i dei fleste kanalar… Fjell og kløfter skal me også få med oss, samt bading i varme gjørmebad og meir vanlege varme kjelder. Når me har sett nok skog, fjell og tempel – og børsta støv av kunnskapane vår om Chang Kai Shek – tenkjer me kanskje å ta oss eit par dagar i Manila før det ventar øyhopping i Indonesia.

               

Me har blinka oss ut eit par vulkanar, nokre strender, T-rex-øya, late dagar på Gili-øyane og masse sol. Sekkane er godt forsynte med solkrem! Når liggesåra vert for mange og huden tør og raud tenkjer me oss til Singapore for litt storbyliv, berg-og-dalbanar i Universial studios og Singapore Sling på Hotel Raffles før me reiser heim att til Casa Vikane og Vilde sin 18-årsdag. Og me satsar på å melda ifrå kvar me går sjølv om me altså legg ut på tur utan kart og kompass denne gongen – så de som følgjer oss på bloggen her vil få sjå kvar me hamnar. Gitt at me finn nett og straum då 😉 Tastast!

Me rullar vidare!

Boston er bra, men me ynskjer å sjå meir av USA. Så tidleg fredag morgon pakkar med sakene, bestiller ein «uber» som skal ta oss til bilutleigeselskapet og drar alt pikkpakket vårt ut på fortauet. Uber er taxi-varianten av Airbnb – privatpersonar som køyrer deg dit du skal mot betaling. I USA er dette svært vanleg, og prisane ligg noko under taxi-prisane. I tillegg er det rett og slett litt gøy for oss økonomiske teknonerdar; du bestiller via ein app. Før du bestiller får du vite kvar bilen er og kor lang tid det tek før den kjem. Du får vite ca pris og ca køyretid. Og så kan du følgje med på appen kvar bilen er fram til du ser han i gata framfor deg. Du betaler med kort etter at du har gått ut av bilen og får kvittering rett på skjermen. Effektivt, forutsigbart og nesten litt gøy!

Vår uber var bestilt kvelden før og kom når han skulle. Men så var det dette med oss og transportetappane igjen då… Me hadde bestilt bil på flyplassen i Boston. Det skulle visa seg at det var ikkje så mange som gjorde det om dei ikkje landa med fly… Vel framme på flyplassområdet var det ingen skilt som viste «Rental cars» eller noko slikt. Berre «Rental returns», og me var på førehand advart om at Pick up og return kunne vera på svært ulike stader. Så me vart køyrande rundt og rundt på flyplassen utan å finna anna enn at me køyrde i ring. Og med ein smule språkproblem med sjåføren endte me med å bli satt av utanfor «arrivals». Rett og slett av di me tenkte at DER måtte det vera mogeleg å finna skilting. Så stod me der så – med koffertar, sekkar og kjølebagar… Men me har jo teke oss fram på verre stader enn flyplassar, så det gjekk ikkje mange sekunda før ho mor hadde spotta ein shuttlebus med Budget på. Så kasta me oss inn på den og fekk ein ny rundtur på flyplassen. Men me fann fram, klarte å svare ja og nei på dei rette stadene («Ja – me har papira i orden», «Nei – me vil ikkje ha alle mogelege tilleggsprodukt»). Og ikkje lenge etter var me på veg nordover.

Planen no er å reisa på måfå rundt i den nordaustlege delen av USA. Me har eit hotell i Washington om knappe to veker, elles er me frie til å gjera som me vil. Boston har vore veldig seriøst, så fyrste stopp er spøkelseshus og heksemuseum i Salem!

Etter hyl og skrik, høg puls og innføring i hekseprosessane i USA på slutten av 1600-talet reiser me vidare mot hamnebyen Portsmouth for ein kaffipause og litt byvandring. Me kjenner på at me no er i «New England»; byane her er meir som me er vant med her heime – små bysentrum med gatemusikantar, fotgjengarar og lite bilar. Nett i denne byen vert det litt mykje av det fyrste – gatemusikantane står tett i tett og det vert ei saleg blanding av sekkepipe, salmesong, gitarklimpring og meir sekkepipe. Me slurpar i oss iskaffien og rømmer byen.

No står fjella i New Hampshire og Vermont for tur. Alle har vel eit eller anna bilete i hovudet av haustfargane i Vermont? Me var jo for tidleg ute til å få sjå det store fargespelet, men sjølv midtsommars ser me at her må me tilbake ein gong i oktober! Me legg turen nordover til North Conway og overnattar på det som viser seg å vera eit høgfjellshotell! Ikkje så høgt over havet, men likevel ein travel skiplass om vinteren. Skulle då trudd dei var vane med turistar, man me har eit svare strev med å få kjøpt take away på Taco Bell… Etter fleire bestillingar, returar og mykje styr med kasseapparatet seier me takk og går ut – med alt anna i hendene enn det me skulle ha. Det vart ein slankande middag på oss denne kvelden!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dagen etter er me klare for ein annleis topptur: Me køyrer rett og slett bil opp i skyene til toppen av Mt. Washington, nesten 2.000 meter høgt! Der finn me sjølvsagt eit «visitor center» og den brattaste jernbanen me nokon sinne har sett. Fløybanen blir ingenting samanlikna med denne! Me er sjeleglade me ikkje gjekk for togtur til toppen – det hadde nok blitt for nervepirrande for opptil fleire av oss! Så me er godt nøgde med å ha valgt å køyra eigen bil, utstyr med ein dose advarslar om kor farleg det er å køyra bil på smale, bratte vegar og ein guide på CD. Det er berre det at me ikkje har CD-spelar i den nye bilen… Det vert løyst ved at me får låna ein god, gammaldags CD-spelar av dama i informasjonsbua ved foten av fjellet! Ei dame som var stor fan av det norske skilandslaget for damer, var godt informert om Johaug-saka og som hadde vore på worldcuprenn både i Lahti og på Lillehammer. Meir enn me som skal vera født med ski på beina kan skryta av…

Vel nede frå fjellet snur me nasen vestover. Me har blinka oss ut ein «scenic highway» langt ute i ingenmannsland. Med både maskinell og menneskeleg GPS på plass, er det ikkje vanskeleg å finna fram. Men det er ikkje heilt som me venta; me køyrer mil etter mil inne i ein grøn «tunnel»… Det er berre skog, skog og meir skog over alt. Og ikkje veldig spanande skog heller… Og det fantastiske, høgtliggjande passet me skal over viser seg å vera ein smal opning mellom dei nemnde grøne greiene – med utsikt til… meir grønt! Så me set på lydbok, lener oss tilbake og set kursen for ein ny vinterskistad oppe i White Mountains. Det er rart å vera ein stad som så tydeleg er retta inn mot vinteraktivitetar. Det er store, opne flater som er parkeringsplassar om vinteren, fjellsider der det er striper av brunt der alpinbakkane er om vinteren, gondolbanar som går rett opp i ingen ting – og rart nok; masse folk!

Me kjøper oss billettar til gondolbanen (sånn «bobletype» som du går inn i) og let oss bli frakta opp i høgda. Der finn me ei noko uamerikansk naturløype; me vert styrt ned i eit juv og inn mellom, under og over naturleg plasserte kampesteinar. Sjølvsagt på eige ansvar. Noko slikt hadde vore enkelt å få til her heime; klipp vekk litt buskar, sett opp eit skilt og finn på eit kult namn, og vipps så har du ein attraksjon… Me syntes det var meir interessant at me hamna midt i eit friluftsbryllaup der oppe på fjellet! Flott utsikt og den mest tatoverte brura me nokon sinne har sett! Denne gongen vart me ikkje invitert med på festen slik me vart i New Orleans for ein del år tilbake, så me fann vegen ned att. For å ha noko å tilby oss sommarturistar hadde dei i tillegg slaga til ein «maze», dvs ein labyrint. Mannen i huset tok ikkje sjansen på å villa seg inn i noko slikt utan hjelp til å koma seg ut at, så han gjekk opp på observasjonstårnet medan me tre damene tok utfordringa med å entra labyrinten for å leita etter seks postar, stempla eit kort slik som i vanleg orientering, og så finna vegen ut att. Det var ikkje heilt god stemning i bilen etter at Vilde gjekk av med ein rimeleg klår siger…

No legg me New Hampshire og White Mountains bak oss og siktar oss inn på The Hilltop Inn i Vermont. Der skal me prøva å finna fram til den originale Ben & Jerry iskremfabrikken!