Båttur mellom øyene i Ha Long Bay

Ha Long Bay står på Unesco si liste over stader med verdsarvstatus – og det er lett å skjønna kvifor! Etter ein del att og fram for å komma oss ut til kysten – inkludert ein skikkeleg bomtur der me køyrde halve etappen (ca 1,5 time), brukte litt for mykje pengar på ein suvenirplass for så å måtta reisa tilbake til Hanoi pga “dårleg ver” – kom me oss på andre forsøk velberga fram til kaien. Det var rart å sjå dei frå verdsveven veldig kjente øyformasjonane og innsjå at no var me midt inne i postkortet!

20130707-180633.jpg

20130707-175523.jpg

20130707-175543.jpg

20130707-175621.jpg

Me vart henta av ein liten båt og tatt med ut til “cruiseskipet” vårt. Det var lite (kun 9 lugarar), men koseleg. Jentene var veldig fornøyde med at dei fekk tildelt eigen lugar. Då kunne dei gjera nett som dei ville der inne… Me kasta i oss litt lunsj og så var det tilbake i sjaluppen. Denne tok oss til ei øy med eit utsiktstårn på toppen. Det var ein rask tur opp – ca halve Stoltzekleiven – så familien Vikane satte inn rasergiret og kosta til topps på null komma swish – tok nokre fine bilete og var førstemann ned att. Badetida var nemleg begrensa til ein time frå me gjekk OPP til toppen, så her var det ingen tid å miste!

20130707-180308.jpg

20130707-180421.jpg

20130707-180455.jpg

Vel nede att kom det store sjokket: guiden vår annonserte at det var “company policy” at barn måtte bada med redningsvestane på!!! Det vart ikkje spesielt godt motteke av Edle og Vilde. Og heller ikkje av oss to store… Så då var det berre til å laga ein scene – som enda i at “company policy” brått berre gjaldt for vietnamesiske born… Heldigvis – så me kasta oss i sjøen før nokon rakk å ombestemma seg.

20130707-203738.jpg

20130707-203803.jpg

20130707-203823.jpg

Etter ein rask pitstop på hovudbåten var det på tide med kajakkpadling! Me la ut på tur mellom øyane. Først padla me inn i ei stor grotte – og kom ut att midt inne i øya i ein “hemmeleg” innsjø. Veldig flott – og oppe i eine fjellsida såg me ein familie med aper! Dei klatra rundt i den loddrette fjellsida utan å bry seg med faren for ein dukkert som såg ut til å lura ved kvart einaste skifte av tak… Etterpå padla me tvers gjennom ei anna øy! Ikkje alle i reisefølgjet var like vant til fysisk aktivitet eller vatn – så då me brått mangla to malaysiske damer vart me ganske urolege. Og særleg då me såg ein velta kajakk og to sjeler som svømte mot ei fyrlykt eit stykke borte. Resten av oss padla det fortaste me kunne bort for å hjelpa – berre for å finna to ukjente, spreke ungdommar som hadde opplevd det rare at kajaken deira hadde sunke!!! Me såg til at dei kom trygt (om enn noko uelegant…) opp i ein annan båt før me padla tilbake til vår båt for middag, det sedvanlige kurset i å rulla vårrullar, eit par gode drinkar under stjernehmmelen på taket av båten og ei god natts søvn. Trudde me…

20130707-205059.jpg

20130707-205116.jpg

20130707-205133.jpg

20130707-205151.jpg

Natta vart mildt sagt rotete. Klokka 05 banka det ppå døra til oss store – og der stod Edle med følgjande beskjed; Vilde spyr! Så då var det opp og ut og vaska golv og trøysta barn. Og så krypa til sengs att. Kokka 06 var det reprise. Og klokka 07… Så då det var på tide å entra sjaluppen for tur til ei av dei største grottene i Halong Bay, vart det utan Vilde og Camilla. Edle og Geir tok ansvar og dokumenterte turen godt slik at Vilde og Camilla skulle få sjå kor flott det var sjølv om dei ikkje var med:

20130707-210519.jpg

20130707-210533.jpg

20130707-210549.jpg

Vel tilbake på båten fekk me eit rask kurs i å laga blomar av grønnsaker. Imponerande kva dei får til! Blir spanande å sjå resultatet når me prøver oss sjølv når me er tilbake i Noreg… Nokon som vil komma og eta resultatet?

20130707-211226.jpg

Etter dette samla me saman ei noko redusert Vilde og gjorde oss klare for turen tilbake til Hanoi. Guiden vår meinte hardnakka at Vilde hadde fått airconditionsjuka, noko som medførte følgjande behandling; inntak av saltvatn gjennom nasa og med ein teoretisk retur gjennom munnen og ut i spytteskåla… Etter at me hadde brukt alle dei lokkemiddel og trugsmål me kunne gjekk Vilde omsider med på dette, men nokon retur ut munnen var umogeleg. Eller rettare sagt; det tok ein omveg via magen før det kom ut att… Vår eigen teori var at ho hadde fått i seg noko ho ikkje hadde hatt godt av – enten då me bada eller via maten. Så me satsa på at ho ville komma seg etter ein dag og to. Det treng me – for i morgon reiser me til Malaysia, og dagen etter skal me starta turen opp på det høgaste fjellet i Asia utanom Himalaya: Mount Kinabalu, 4.095 meter høgt!

20130707-211822.jpg

Leave a comment